Einy Rendal Elgsæther

Alder:
  RSS

Om Einy Rendal

Følgere

Andakten på NRK

Publisert rundt 3 år siden

Heller ikkje i dag var det ein kristen andakt i radioen. Hadde det ikkje vore for Fadervår og velsigninga, så hadde vi vel ikkje tenkt på at dette skulle vera ein kristen andakt.

Vi som ønskjer å få ei andaktsstund med kristen forkynning knyta til Bibelens ord, blir oftare og oftare skuffa.

Kva er ein kristen andakt? Er det prat om laust og fast, private daglegdagse opplevingar, filosofiske betraktningar eller til og med sårande angrep, karrikatur og latterleggjering av andres kristne bakgrunn og trussamanheng, som vi har opplevd i det siste?

Blir året 2018 det året da andakten som kristen forkynning i NRK vart fasa ut, slik vi opplevde med fredagsandakten? 

Den skulle bli så mykje betre, med personlege kristne vitnespyrd. I dag er det eit opplegg der programleiaren t.d. går ut på gata og spør folk som ikkje har peiling, kva pinse er. Hadde dei enda oppsøkt ein samanheng der dei kunne fått eit fornuftig svar, så det kunne vore ei kunnskapsformidling til det norske folk!

Er det slik det blir også med dei få dagane vi enno har nokre minuttar avsatt til eit kristent program? Ein kan lura på om det er NRKs politikk å få bort kristen forkynning. Blir andaktshaldarane instruert i å laga andakten så «nøytral» som råd, så det skal passa for «alle»? Det betyr i tilfelle at den blir så likegyldig at den ikkje er for nokon.

Og kvifor er det mindre og mindre av kristne salmar og songar i andakten? Det er ikkje lenge sidan vi fekk ei flott ny salmebok med 899  gamle og nyare salmar og songar med djupt kristent innhald og bibelsk substans. Kvifor ikkje bruka desse og andre kristne songar, så vi som eit kristent folk kan ta vare på dei og læra dei? Det er elles nok av norsk og engelsk popmusikk i media. Det er trist når også ein del av andakten blir platte og innhaldslause «låter».

Ein skulle tru at NRK hadde ansvar for å ivareta også ei gruppe lyttarar som er interessert i kristen forkynning, like så vel som andre interessegrupper som har sine program, som sport, teater, film, bøker, naturvitenskap etc.  Kanskje også å ivareta ein kategori lyttarar som ikkje så lett kjem seg til kyrkje og kristne samlingar, gamle, einsame, sjuke. Og det gjeld også gudstenestene som vi gjerne vil behalda i gudstenestetida, helst direkte sendt, ikkje opptak av konsertar etc, som kan sendast til andre tidspunkt.

Heldigvis hender det enno at vi har andaktshaldarar som fiorstår kva ein andakt er, og som har ei klår forkynning. Som eksempel kan eg nemna Geir Gundersens andaktar før jul, Jesussentrerte og bibelfunderte andaktar. Likeså andaktane av Alf Kjetil Walgermo og nokre fleire. La oss få slike andaktshaldarar.

Gå til innlegget

Kristen forkynning i media

Publisert nesten 4 år siden

Det er lang tradisjon i å ha kristen forkynning i radio og etterkvart i fjernsyn. Det er nokre år sidan det var berre ein radiokanal og andakten var fast innslag om morgonen på minst eit kvarter direktesending med talar og songarar i studio.


Mykje er forandra, noko til det betre, men også noko til tap. Fredagsandakten skulle bli betre, men i dag er alt som minner om andakt borte og erstatta av prat med folk på gata som kan le av kristen tru eller bekjenna at dei ikkje trur på kristne dogmer, men betrakter det som eventyr og myter.
I eit fleirkulturelt og fleirreligiøst samfunn, for ikkje å seia eit sekularisert samfunn, blir det stadig sett spørsmål ved retten for ei «lita gruppe» til å ha kristen forkynning, enda storparten av vårt lands befolkning fortsatt høyrer til eit kristent kyrkjesamfunn! Og er det berre kristen forkynning som er forkynning? Det er mange andre program som ikkje er nøytrale eller balanserte, men kan forkynna alle slags ideologiar, livssyn, ateisme eller andre religionar. Verdibørsen, som absolutt er eit flott og høyrbart program, er heller ikkje nøytralt. Det er mange interessegrupper med serprogram som ein må vera godt innanfor området for å forstå. Vitenskapsprogram, medisin, litteratur, teater, musikk, for ikkje å snakka om sport. Og det blir mange timar å slå av om ein ikkje er interessert i konkurransesport.


Når ein spør kva målgruppe NRK har for gudstenester og andaktar, så får ein til svar at det skal vera for alle. Difor ser vi også at innhaldet har vorte meir og meir utvatna i høve til kristen forkynning. Kanskje det ikkje lenger er så mange som set seg andektig ned ved radioen med Bibel og salmebok når andakten eller gudstenesta kjem, og i respekt for Guds ord ikkje gjer noko anna den stunda dei varer, ikkje ein gong handarbeid. Dei finst faktisk enno, sjølv om andakten no er så kort at ein knapt rekk å setja seg ned.


Kanskje NRK skulle ta meir omsyn til den interessegruppa som ønskjer å høyra gudsteneste og andakt, ja, som har bruk for det.


Det er ikkje gudsteneste kvar søndag i alle kyrkjer ut over landet, og somme lyttarar er for skrøpelege og gamle til å koma seg til kyrkje og samlingar. Dei ønskjer vanlege gudstenester direkte overført i radio og gjerne fjernsyn.


Denne gruppa interesserte ønskjer tradisjonelle andaktar med kristen forkynning ut frå Bibelen, Fadervår, velsigning og kristne salmar og songar, ikkje kåseri og filosofiske betraktningar, debattinnlegg eller småprat om kvardagslege ting, som kan vera interessant nok, men som ikkje er andakt til styrking av vår kristne tru, og som det er mykje av elles.


På ein seniorleir i haust vart det skrive eit brev til NRK med takk for kristne program, men med oppfordring til å få meir tradisjonell kristen forkynning ut frå bibeltekster og kristen song og salmar på norsk. Brevet vart underskrive av omlag 70 deltakarar og gjester. Det er mykje i ein slik samanheng.


Songen er ein del av andakten, og dei få minutta vil ein gjerne høyra kristne salmar og songar, t.d. frå vår flotte nye salmebok, gjerne i tradisjonell innspeling med klår tekst, helst på norsk eller svensk. NRK hadde eit strålande og populært program der alle salmane i den nye salmeboka sunge av kor og solistar og frammøtte i Vår Frue kyrkje i Trondheim, vart overførte i fjernsyn. Kvifor ikkje bruka noko av det, også i andakten?


Det har vorte mykje engelsk song i andaktane, slik som elles i NRK som skal vera ein kulturinstitusjon. Språket er noko av det viktigaste i eit folks kultur, så det skulle vera god nok grunn til å ta vare på den norske songskatten og bruka den i ein samanheng der ein veit at mange av lyttarane ikkje forstår engelsk, men også for andre. Det er vanskeleg å få tak i teksta også for den som kan litt engelsk. Og om det er på norsk, er det ofte profane viser og popsongar som ikkje har noko med kristen andakt å gjera. I ein andakt før påske som handla om Jesus som konge med tornekrone, presterte NRK å senda ein banal morosong som «Kanskje kommer kongen». I fastetida! Det er mange flotte salmar om Jesus som konge, t.d. «Konge er du visst, Herre Jesus Krist..»
Det må også vera mangel på innsikt eller respekt eller vilje når «Vår Gud han er så fast ei borg» blir sunge på engelsk etter ein andakt i Lutheråret om Luthers salmar og hans ønskje om at folket skulle syngja på sitt språk.


Så kan ein spørja kva målsetjinga og målgruppa for andakten er, eller for kristen forkynning. Når faste lyttarar seier at dei har slutta å høyra andakten «for det er ingen ting å få», så er vel ikkje det målsetjinga? NRK svarar at det er fleire som har på radioen under andakten no enn før.
Det kan bety at andakten har vorte så kort og utvatna og «ufarleg», og musikken så lik anna popmusikk, at ein lar radioen stå på, som bakgrunnsstøy, om ein er interessert eller ei. Å undersøkja kor mange som høyrer på gudstenesta vil vera meir målbart, eller kor mange som bevisst slår på radioen eller slår over på aktuell kanal for å høyra på andakten, vil vera nyttig og målbart.


Det kunne vore ei interessant undersøking.


Det hadde også vore interessant for oss brukarar å vita kva kriterier som blir lagt til grunn for utveljing av andaktshaldarar, kva kyrkjesamfunn og organisasjonar dei er utvalde frå, og grunnlaget for utveljing av salmar og songar. Kven bestemmer dette? Og er det interesse for å vita kva faste lyttarar ønskjer? Og da betyr det ikkje dei som berre lar P1 stå på, men dei som bevisst vel å høyra ein andakt.


Ein treng heller ikkje å forflata språket for den lyttargruppa som ønskjer religiøse program og som er familiær med «kanaans språk». Det gjer ein heller ikkje for andre interessegrupper, t.d. sport.
Det er ei sann glede når ein kjenner at andaktshaldaren forstår og har respekt for kva ein andakt er, når ein får bibeltekster og Guds ord forkynt, med Fadervår, velsigning og ein god kristen song eller salme, slik ein heldigvis kan oppleva enno. Er det for mykje å be om dette?

Gå til innlegget

Triste tilstander i Normisjon

Publisert nesten 6 år siden

Dersom utviklinga held fram, så er Normisjon ute av Den norske kyrkja om ti år.

I samband med 15-årsmarkeringa for opprettinga av Normisjon gjennom fusjon av Indremisjonen og Santal­misjonen har organisasjonens ­familiemagasin bedt ti sentrale personar, mellom anna noverande og tidlegare ­generalsekretærar, skildra Normisjon som organisasjon i dag og om ti år.

Eg er aktiv foreiningsmedlem og tid­legare misjonær, krinssekretær og medlem i landsstyret og styret for Gå Ut-­senteret i Santalmisjonen. Frå min ståstad er det Vårt Lands journalist Jan Arild Holbek som gjev den mest treffande og skarpe analysen av situasjonen i dag og kanskje også for framtida.

Avstand mellom ambisjonar og inntekter, tilbakegang i ­foreiningsantal og aktivitetar, store smerte­lege kutt og nedgang i misjonærtalet og ytremisjonsengasjementet, ­desentralisert organisasjonsstruktur som heng dårleg saman, nemner Holbek som dei største utfordringane.

«Spørsmålet er i hvor stor grad Acta, byforsamlingene og skulene bygger Normisjonsidentitet som varer, og som utløser langtidsengasjement og ny glød for å dele tro og liv med nye mennesker.»

Eg trur han har rett, og eg ser to store­ utfordringar. Det eine er å nå ut med misjonsinformasjon for å skapa interesse og engasjement. Misjonens ­hovudorgan Agenda 3:16 er eit interessant familie­magasin, men er omtrent blotta for ­orientering frå eige ytremisjonsarbeid.

Av 60 sider stoff kan det vera to-tre med konkret informasjon og reportasjar frå misjonsfelta. Litt 
meir i lokalbladet, men ein må leita på nettet for å finna eit minimum av misjonsnytt.

Vi kan samanlikna med Misjonstidende­ (NMS) og andre organ frå tilsvarande misjonsorganisasjonar, der det er fullt av reportasjar og nytt frå alle misjonsfelt som ein til dømes kan lesa saman på foreiningsmøter.

Utan kunnskap går foreiningane tilbake­, gjevargleda forsvinn og misjonærtalet går ned. Ein makta heller ikkje å ta vare på sitt eige misjonssenter.

Utviklinga i høve til kyrkja er den ­andre utfordringa og kanskje det som uroar meg mest. Dersom utviklinga held fram, så er Normisjon ute av Den norske kyrkja om ti år.

Santalmisjonen representerte kyrkjas misjonsengasjement. Misjonærane vart vigsla i dei lokale kyrkjene. Organisasjonen hadde ikkje eigne arrangement i gudstenestetida og arbeidde i kyrkjelege samanhengar og foreiningar, ikkje i kyrkjelydsliknande fellesskap på sida av kyrkja.

Når misjonsorganisasjonane no etter kvart trekkjer seg ut av aktivt engasjement i kyrkja, så vil nokon seia at det er verst for kyrkja, og det er kanskje sant. Men det vil også vera eit stort tap for misjonsorganisasjonane.

Og så lenge som ein høyrer til kyrkja, er det vel ikkje likegyldig om kyrkjas misjonsvisjon kjem bort til fordel for dialog og religionsblanding, noko som kanskje er endå verre enn samlivsblanding.

I staden for aktivt å engasjera seg i kyrkja, har dei mest konservative, mellom anna etter kvart også Normisjon, sett seg på sidelina og overlete styringa av kyrkja til meir liberale krefter, og sett biskopane, som dei framleis sterkt kritiserer, i ein håplaus situasjon.

Det er trist å oppleva dette og kjenna at ein etter kvart ikkje veit kor ein høyrer til.

Først publisert i Vårt Land 25.01.2016

Gå til innlegget

Pinleg valsiger

Publisert over 6 år siden

Det må vera både pinleg og flaut for den kyrkjesplittande fraksjonen "Åpen folkekirke" å feira sigeren for vigsling av likekjønna par når ein høyrer korleis fleire sa at dei melde seg inni kyrkja for å liberalisera den, enda dei ikkje i det heile tatt hadde vore engasjert i kyrkja før. Eller personar som sa at dette var første gongen dei stemte ved eit kyrkjeleg val, for dei var ikkje kyrkjeleg interesserte, men dei ville at kyrkja skulle vera ei open folkekyrkje. Altså gjekk dei til val for å forandra ei kyrkje som dei egentleg ikkje var engasjert i, for å motarbeida det læregrunnlaget og tradisjonane som kyrkja var bygd på, og for å skapa splid. Eller dei visste ikkje at den kyrkja vi har er ei open folkekyrkje, open for alle, men ikkje for alt, i pakt med vedtatte visjonar (sist vedtatt av Kyrkjemøtet i 2014), og at vallistene som valkomiteane hadde utarbeidd var grundig planlagte og balanserte lister i forhold til fleire syn, alder, geografi etc. Så uvitande var dei om den kyrkja dei ville vera med å styra.

Det ville vera som om eg skulle melda meg inn i eit politisk parti som eg ikkje var samd med eller engasjert i for å motarbeida deira ideologi og grunnhaldning (livssyn). Få med meg  fleire for å nedstemma deira politikk, og så feira sigeren over partiets tradisjonelle syn og reglar.

Det ville eg ha opplevd simpelt og flaut.

Ei delt kyrkje er vel alt eit faktum, ein kan ikkje leva med to så motstridande syn. Utmeldingane er alt i gang, og dessverre mister vi mange sentrale kyrkjemedlemar. Eg vil be innstendig Benestad og hans likesinna om ikkje å forlata oss. Det er kanskje "greit" for dei som bur på Sørlandet med massevis av frikyrkjer. Men kva med oss som bur i små kyrkjelydar langt på landet? Der det ikkje er noko anna alternativ. Kor skal vi gå?

For oss som elskar denne kyrkja, er det ei sorg.

Men ein skulle vel tenkja at det er dei som bryt med kyrkjas lære og tradisjon som skulle bryta ut, og og ikkje dei som står på Bibelens og kyrkjas tradisjonelle syn på ekteskapet.

Ein skulle også tru at reservasjonsrett og dispensasjon evt må vera for dei som vil laga ein ny liturgi (lære) i strid med kyrkjas tradisjonelle ekteskapslære, ikkje for dei som vil stå på kyrkjas bibelske lære og som dei ved ordinasjonen er forplikta på.

Men så lett er det nok ikkje. Det var Luther som måtte bryta ut og danna ei ny kyrkje, enda han stod på kyrkjas opprinnelege grunn i kamp mot vranglære som hadde kome inn. Dessverre.

Einy Rendal Elgsæther

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere