Per Steinar Runde

Alder: 73
  RSS

Om Per Steinar

Lækjar i Herøy 1977-2008. Utanom yrket interessert i m.a. sjakk, historie, samfunnsspørsmål og kulturdebatt.

Følgere

Helsepersonell med politieskorte

Publisert over 11 år siden

I 1996 var budde vi ei veke hos ein brannmann/"paramedic" (førstehjelpar i ambulanse) i ein småby i Alabama. Han fortalde at dei aldri rykte ut, verken med brannbil eller ambulanse, til ein bestemt del av byen utan at politiet var med for å beskytte dei. Siste åra har vi høyrt om liknande praksis i belasta bydelar både i Paris og Malmø.

Også i Noreg hender det at politiet blir bedt om assistanse, spesielt når helsepersonell må ta hand om psykotiske (alvorleg sinnslidande) pasientar, som stundom må leggjast inn på ei psykiatrisk avdeling mot sin vilje. Men det har ikkje vore behov for å be om slik hjelp ved utrykning til somatisk (kroppsleg) sjuke eller skadde personar, unntatt ved trafikkulykker, større slagsmål eller mistanke om brotsverk.

Hendina på Tøyen i Oslo tidlegare i veka er difor noko nytt. Det spesielle er både at AMK-sentralen opplevde verbale truslar frå innringjar, at ambulansepersonellet ikkje våga eller makta å ta seg inn til pasienten utan å tilkalle hjelp frå politiet og at situasjonen utvikla seg slik at politiet faktisk kom i slåsskamp med slektningane til den sjuke, som tragisk nok var død då hjelpa endeleg nådde fram. I etterkant står påstand mot påstand. Barnebarnet til den omkomne nektar for at det vart sett fram truslar, og ein talsmann seier mange innvandrarar synest både legevakt og AMK-sentral ofte oppfører seg rasistisk.

Vi har sett at politiet gjekk hardhendt til verks, men kjenner ikkje til kva som vart sagt i telefonen eller utanfor huset der dette skjedde. Etter mange år i helsetenesta har eg likevel ei oppfatning av korleis slikt kan gå til. Vi har høyrt at kvinna døydde av hjartesjukdom. Den mest vanlege er hjarteinfarkt, som kan føre til akutt hjartestans. Då er det lett å få panikk for dei som er i nærleiken. I ein slik situasjon kan ein bli både høgrøysta og sint. Eit gammalt ordtak lyder: "Når kreftene (også dei psykiske) minkar, veks sinnet". Orda som fell i ein slik situasjon ber preg av det. I tillegg kjem kulturskilnaden. Berre ein reiser sør om Alpane, blir lydnivået høgre, gestikuleringa sterkare og affektene kjem meir fram. Alle som har sett demonstrasjonar i arabiske land eller frå januar 2009 i Oslo, under krigen i Gaza, kan ikkje ha unngått å leggje merke til skilnaden i forhold til vår meir beherska uttrykksmåte. Det som frå ei side sett er naturlege uttrykk og reaksjonar, kan bli tolka heilt annleis av mottakaren med ein annan bakgrunn og vurderingsskala.

Framover får vi sikkert stadig oftare oppleve liknande tilfelle. For Torbjørn Egner tok feil; det er ikkje utanpå vi er mest ulike, trass i litt skilnad i hudpigment, men inni, i vår tankegang og vårt reaksjonsmønster. Og kulturskilja er blant det mest varige i samfunnet. Dei held seg i generasjonar.

Media si framstilling av denne tragiske hendinga på Tøyen er likevel heilt annleis enn formidlinga frå Sofienbergparken for eit par år sidan. Då slo alle fast at Schjenken & co var omsynslause rasistar som forlet hardt skadde Ali Farah blødande på bakken. VG let vere å vise fotoet av ein oppegåande norsk-somaliar ved sidan av sjukebilen, medan eitt som var tatt litt seinare, då tilstanden hadde forandra seg, vart kåra til årets bilde og vist gong på gong i aviser og fjernsyn. Vi skal vere glade for at det har blitt litt vanskelegare å setje rasiststempelet på folk. Viss vi går og mistrur kvarandre heile tida, vil all kommunikasjon skjere seg. Det gjeld begge vegar.

Gå til innlegget

Unntakstilstand

Publisert over 11 år siden

Når mange menneske pga krig eller naturkatastrofar manglar mat, drikke og husly eller blir råka av epidemiar, kallar vi det ein unntakstilstand, for til vanleg har vi det ikkje slik. Likevel har kamp mot svolt og infeksjonssjukdomar vore menneska sine livskår fram til moderne tid. Det tok difor titusenvis av år før det i 1804 var 1 milliard menneske på jorda. Seks år tidlegare, i 1798, spådde  Thomas Malthus ei framtidig svoltkatastrofe, fordi han meinte matproduksjonen ikkje kunne auke i same takt som folketalet. Vel to hundre år seinare må vi gje han rett i at befolkninga ville bli mangedobla. Det tok 123 år før milliard nr 2 vart nådd i 1927, men berre 47 år før ny dobling til 4 milliardar i 1974 og 50 år seinare, i 2024, er det venta at folketalet på jorda vil passere 8 milliardar.

P.g.a. maskinelt jordbruk, kunstgjødsel, billig fossil energi og meir produktivt korn har likevel matproduksjonen til no halde betre tritt med folketalet enn Malthus spådde. Så lenge vi har nok og billig mat er det lett å tru at dette vil vare ved. Men naturressursane er avgrensa, noko vi ser i form av auka oljepris, vassmangel i mange land og no også stigande matvareprisar internasjonalt. Viss ikkje folkeveksten stoppar på annan måte, vil den difor før eller seinare igjen gjere det av matmangel og epidemiar. I historisk samanheng er det vår tid med nok mat og få dødsfall av infeksjonar som er unntaket.

I vestlege, liberale land med likestilling mellom kjønna har folkeveksten stagnert og dei nyfødde blitt så få at samfunnsstrukturen i mange, særleg søreuropeiske land står i fare for å bryte saman i løpet av neste generasjon. Det blir fleire som treng hjelp og færre i produktivt arbeid. I land med tradisjonell, patriarkalsk familiestruktur, som i Afrika og store deler av Asia, veks folketalet så fort at stadig fleire lever i ekstrem fattigdom. Ser ein for eksempel på dei landa Noreg har fått flest innflyttarar frå, var faktisk og berekna folketal slik for åra 1950, 2008 og 2050, oppgitt i millionar: Pakistan: 40, 168 og 277,  Irak: 5, 28 og 56, Somalia: 2, 9 og 26, Vietnam: 25, 86 og 108, Tyrkia 21, 72 og 86. Det blir knapt med jord, mat, husrom og levebrød når ressursane skal delast på så mange fleire. Korkje eine eller andre kulturen er såleis liv laga.

Somme trur løysinga ligg i masseinnvandring til vestlege land. Skal dette skje i ein målestokk som gjev reell påverknad på folketalet i u-land,  er det ikkje snakk om hundretusenvis av innvandrarar til Europa pr år, men titals millionar. Når store grupper alt i dag er på flyttefot er det i mange tilfelle for å kome bort frå krig og etniske konfliktar, som øydelegg livsgrunnlaget.  Med rask endring av befolkninga kan vi lett få same tilstandar her, ved konflikt internt mellom innvandrargrupper eller mellom dei og resten av folket. Vi har alt sett opprøret i forstadene i franske storbyar, og frå Storbritannia melde NRK tekst-TV 13.04.08 at politiet der overvaker heile 20 000 personar, som er med i terrornettverk.

Min konklusjon er at vestlege land må vende attende til deler av sin gamle kultur og andre land ta over litt av vår. For mykje og for lite er like ille.

Gå til innlegget

Finst det argument for massiv innvandring?

Publisert over 11 år siden

For halvanna veke sidan skreiv eg om SSB sin prognose for innvandrarbefolkninga, men fekk ingen respons her på Verdidebatt. Det kan tolkast på ulike måtar. Somme er kanskje likesæle eller har resignert; andre er einige eller usamde med meg, men ønskjer ikkje debatt om emnet.

31. desember tok så Aftenposten under "Innsikt" opp same tema. "Dobbelt så mange på ti år" lyder overskrifta. Den illustrerande grafen (kurva), som viser talet på innvandrarar på ulike tidspunkt, blir stadig steilare, som ein eksponentialfunksjon. Sjølvsagt kan ikkje talet gå mot uendeleg, men jamvel ei innvandrarbefolkning på 1.85 (SSB sin sannsynlege prognose), 2.6 (høgste alternativ) eller 3 millionar (sjå innlegget mitt under kategorien "Innvandring") i 2060 må karakteriserast som svært stor, iallfall i høve til oss "innfødde".

Uansett kva alternativ som slår til, vil innvandring av eit slikt omfang ha avgjerande innverknad på alle område i samfunnet. Val av innvandringspolitikk har difor større konsekvensar enn alle andre vegval, både når det gjeld økonomi og velferdsordningar, barnehagar og skular (jmfr Dagsrevyen i dag), kriminalitet og tryggleik, forsvar, utanrikspolitikk og kultur. Difor synest eg det er på sin plass å kome med dette innspelet under emnet politikk.

Spørsmålet mitt - om det finst haldbare argument for å tillate så massiv innvandring at vi i realiteten overlet landet vårt til andre folkeslag - kunne eg også stilt under kategoriane teologi, filosofi eller etikk. Her på Verdidebatt finst mange oppegåande og velkvalifiserte personar nettopp på desse områda. Eg vil difor oppmode dei til å gje sine gode grunnar for støtte politikken som har vore førd, eller meir ytterleggåande; å kritisere den raudgrøne regjeringa for å vere for streng eller inhuman i asyl- og innvandringspolitikken. Kanskje nokre også vil stå for det motsette synet, viss dei då vågar, jmfr kva Hege Storhaug skriv i dag på rights.no. Sjølv ser eg ikkje eitt einaste haldbart argument for den omkalfatring av samfunnet vi kan vente oss med så stor innvandring som antyda. Dei som hevdar liknande synspunkt, blir ofte kalla framandfiendtlege eller det som verre er. Slik karakteristikk synest eg er både urimeleg og ulogisk. Innvandrarar som einskildpersonar er ikkje våre fiendar, men menneske som fortener å bli behandla vennleg og med respekt. Men sjølv Arnulf Øverland måtte erkjenne: "Du kan ikke elske alle; det volder besvær.."

Gå til innlegget

Norsk og finsk skule

Publisert over 11 år siden

Medan norske elevar gjer det stadig dårlegare på internasjonale prøver i matematikk, lesing og naturfag (PISA), ligg resultata i Finland heilt på topp. Kanskje kan skilnaden mellom norsk og finsk ungdomsskule, slik den kom fram i ein reportasje i skulebladet ”Utdanning” i førårs, gje litt av forklaringa på dette.

I dei finske klassene var det stilt, og elevane arbeidde med faget slik læraren la opp til. Finnane forstår at læring krev konsentrasjon og skjerming frå forstyrrande lydar, og at ein vaksen og kunnskapsrik lærar veit meir enn barn og ungdom, spesielt i sine eigne fag. I Noreg skal det vere prosjektarbeid, som skaper meir uro, og  ”ansvar for eiga læring”, noko dei færraste er mogne for.

Finske lærarar brukte berre to timar i veka til samarbeidsmøte og hadde såleis mykje betre tid til å førebu seg til sjølve undervisinga. I landet vårt har særleg tidlegare statsråd Hernes byråkratisert arbeidet til lærarane. Stadig meir av tida blir bunde opp til planlegging, både kollegialt og for den enkelte elev. Dessutan skal alt dokumenterast.

I Finland delte ein inn elevane i meir jamne grupper fagleg sett, men med høve til å skifte gruppe om nødvendig. Alle forstår at det er vanskeleg å undervise klasser der evne, kunnskap og interesser sprikjer for mykje. Det som då er for enkelt for somme, vil vere for vanskeleg å forstå for andre. Homogene grupper er lettare å få til for finnane, som har valt å framleis vere eit meir einsarta etnisk folk enn naboane i vest.  I Noreg er det politisk korrekte overordna realitetane, og då får vi som fortent.

I Finland har læraren og læring framleis status. Mange av elevane ønskte sjølv å bli lærarar.
I Noreg drøymer gutane i staden om å bli profesjonelle fotballspelarar og jentene om å stå på scena innan song, dans eller drama. Det er slikt som gjev avisomtale og popularitet i venneflokken; aldri skuleprestasjonar.

I den finske ungdomsskulen ”Utdanning” besøkte var det andakt ved soknepresten kvar veke. I Noreg la kunnskapsminister Djupedal ned forbod mot bordvers, og under Solhjell vart kristendomskunnskap erstatta av religion, der elevane skal lære mest like mykje om hinduisme og islam som om kristendomen. Den europeiske menneskerettsdomstolen kravde rett nok endringar i KRL-faget, men ikkje i så stor grad. Det må likevel vere noko gale med lov eller tolking om eit samfunn ikkje skal ha rett til å understreke dei verdiar det byggjer på. Sjølv synest eg domstolen, i staden for å bry seg om klagemål frå historielause humanetikarar i Noreg, burde vurdere om det blir meir i samsvar med grunnleggjande menneskerettar om hinduismen sitt kastevesen eller islams andrerangs status (dhimmi) for og forfølging av annleis truande blir framtida i Europa.. Slike sider ved hinduisme og islam vert sjølvsagt underslått i dagens RLE-fag, slik det også vart før.

Så skal vi likevel ikkje gløyme tragediane som har råka eit par finske skular siste åra, sjølv om det er vanskeleg å vite om dette har noko med skulemiljøet å gjere.

Gå til innlegget

Innvandring - fakta og prognoser frå SSB

Publisert over 11 år siden

Ved siste årsskiftet var det 422 000 innvandrarar og 86 000 norskfødde med to innvandrarforeldre i Noreg, til saman 508 000 personar, med bakgrunn frå 214 ulike land. På grunnlag av m.a. årleg nettoinnvandring har Statistisk Sentralbyrå (SSB) fleire gonger rekna ut kor stor innvandrarbefolkninga vil bli i framtida. SSB har gradvis oppjustert prognosen over sannsynleg nettoinnvandring, frå 10 000 i 1999, 13 000 i 2002 til 16 000 i 2005, fordi den mellom kvar revisjon hadde auka meir enn berekna. Siste par åra har innvandringa vore langt høgre, men SSB reknar no med at den gradvis vil falle og på lengre sikt bli mellom
10 000 og 32 000, mest truleg kring 19 000 i året. Dette vil gi 1.7 millionar innvandrarar medrekna norskfødde barn i 2060.; høgste alternativet 2.6 millionar, 1/3 av befolkninga. 1.7 millionar vil ha bakgrunn frå land utanom EU og Nord-Amerika.

Av fleire grunnar kan dette likevel vere for lavt sett. SSB tel ikkje dei som berre har ein innvandra forelder. Det er greitt. Men SSB reknar heller ikkje med dei som har fire innvandra besteforeldre, dvs etterkomarar utover 1. generasjon, sjølv om dette kan bli mange etter kvart.
SSB reknar også med at fødselsraten for innvandra kvinner frå u-land vil falle etter få år i Noreg, og at iallfall norskfødde kvinnelege etterkomarar vil ha fødselsrate godt under reproduksjonsnivået på 2.08. Det er såleis ikkje rekna med at fødselsraten vil halde seg på nivåa SSB sjølv gjev opp for åra 1990-2003, ca 3.5 for kvinner eldre enn 17 år då dei kom til Noreg, og ca 2.2 for dei som var yngre.
SSB har òg lagt til grunn at norskfødde etterkomarar frivillig sluttar å hente ektefelle frå foreldra/besteforeldra sitt heimland og i staden finn seg makar/sambuarar her til lands, gjerne med annan etnisitet enn sin eigen. Til no har omlag 3 av 4 norsk-pakistanske ungdomar gifta seg med ein frå  Pakistan. Berre 1% av jentene blir gifte med etniske nordmenn.

Det er verken mogleg eller ønskjeleg å hindre all innvandring. Sjølvsagt skal vi også møte alle menneske med respekt, men av det følgjer ikkje at dei fleste frå konfliktområde eller fattigare land har krav på varig opphald og norsk statsborgarskap berre dei kjem seg hit. Ingen parti står offisielt for ein slikt syn, men dette har likevel blitt resultatet av godkjent praksis gjennom mange år. I si tid vart Jon Michelet (RV) sett på som ekstrem då han ville opne for 1 million innvandrarar. No står det politiske fleirtalet for eit regime som kan gi 3 gonger så mange innan halvannan generasjon. Meir enn 2 millionar av desse vil ha annan kultur enn vår. Ein må vere nokså naiv for ikkje å forstå at både omfanget og kulturskilnaden vil endre samfunnet vårt radikalt. Dei som med multikultur som mål går inn for ein slikt storstilt sosialt eksperiment, er dei verkeleg ekstreme, ikkje folk i Framstegspartiet. Eit spørsmål som inneber så omfattande samfunnsendringar, burde vore lagt ut til folkerøysting. No kan ein risikere at folk og kultur gradvis bli utskifta, medan både naive og ekstreme politikarar får halde fram som før.

Per Steinar Runde

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere