Kari Austerheim Silde

Alder:
  RSS

Om Kari Austerheim

Følgere

Honnør til Bispemøtet

Publisert nesten 10 år siden

I fjor ga eg honnør til Carissimi-prestane som valde å stå ved si overtyding. Nå vil eg gi honnør til Bispemøtet som tar ansvar og gjer grep slik at det framleis er plass for Carissimi-prestane og deira likesinna, i kyrkjene vår.

Takk til Bispemøtet v/preses Helga Haugland Byfuglien

for deira handtering av den såkalla Carissimi-saka.  Etter samtalar mellom representantar for Carissimi-prestane og Bispemøtet sitt arbeidsutval heiter det at "Bispemøtet har aldri gitt uttrykk for at prester skal tvinges til nattverdsbordet".  Det vert også sitert at "menigheter bør skånes fra situasjoner hvor prester ikke tar imot nattverd fra sin biskop og sier det kan blant annet kan skje ved at presten mottar nattverd fra en annen enn biskopen". Og at Carissimi-prestane er framleis (absolutt) velkomne i Den norske kyrkja . 

Kyrkja vår treng inkluderande og rause leiarar som kan visa omsorg og respekt i vanskelige situasjonar.   Bispemøtet har gjennom handteringa av Carissimi-saka, vist eit leiarskap som framstår med stor autoritet gjennom medmenneskelighet og tilpasningsevne. Dette teiknar bra, og eg gler meg til fortsettelsen!

Gå til innlegget

Utydelige KrF-signaler . . . ?

Publisert nesten 10 år siden

Ja, kan ein venta noko anna med dei signala som kjem både frå raud-grøn og høgre side?

 

Kristelig Folkeparti sin leiar står fram med tydelige utfordringar til begge sider i det politiske

landskapet. Den siste tida sitt ”folkeopprør” i høve innvandrarbarna med lang butid i Norge,

har blitt tatt på alvor i Kristelig Folkeparti. Også debatten for litt sidan, angåande

reservasjonsretten for legar når det gjeld anvisning til abort, tok KrF på alvor og støtta legane

som gjennom år har hatt denne retten, og som helsetenesta har takla på ein god måte.

 

”Barns beste” med utgangspunkt både i UNHCR sine anbefalingar og Barnekonvensjonen, må ha prioritet framfor ”innvandringspolitiske hensyn”. Med den nåverande opphopinga av innvandrarbarn med lang butid i Norge, må regjeringa ta grep for at desse barna kan få ei verdig og trygg handsaming. Så får neste trinn vera å legga til rette for raskare saksgang for asylsøkarar som ikkje fyller kriteriafor beskyttelse iflg. lover og regelverk. Kanskje treng ein utvida UNE sin kapasitet både når det gjeld saksbehandlarar og mulighet for fleire nemndmøter? Jens Stoltenberg si krasse haldning i denne saka har ikkje akkurat styrka KrF sitt ynskje om raud-grønt samarbeid. Ryddesjauen i SV som resulterer i at den mest erfarne og varmhjarta statsråden, Erik Solheim, blir bytta ut med tre ferskingar, er heller ikkje med å styrka oddsen for raudgrønt samarbeid.

 

Men jammen er det ikkje styrka odds for samarbeid mot høgre heller. Siv Jensen er tilbake i gammal stil i innvandringsdebatten, og Høgre stiller med knallhard Brodtkorb i debatten om reservasjonsretten. Dette er enkeltståande eksempel på eit tøffare politisk klima i verdidebatten.Det vil sei at ein skal leita lenge og vel for å finna gode argument for at Kristelig Folkeparti skal gåinn i ei regjering av eit eller anna slag i 2013. 

 

Kristelig Folkeparti med Knut Arild Hareide i front, bør fram mot valet løfta fram politiske saker med ståstad i partiet sitt program og verdigrunnlag. Så kan ein jo håpa at resultatet av valet vil gi ei mindretalsregjering som treng støtte frå bl. a. Kristelig Folkeparti. Utfordringa for KrF framover vil vera å nå ut til velgjarane med verdibudskapet, og derifrå oppnå eit styrka Kristelig Folkeparti i sentrum av norsk politikk!

Gå til innlegget

Dødsstraff for konvertittar Iran

Publisert nesten 10 år siden

Det såkalte Vokterrådet i Iran har godkjent endringar i straffelova som vil gjera det enklare for myndighetene å dømma konvertittar til døden. Dette må norsk utlendingsforvaltning ta på alvor.

Leiaren for Iran Human Rights Mahmood Amiry-Moghaddam advarar mot den nye iranske straffelova som viser til ein grunnlovsparagraf som igjen viser til Sharialova, som krev dødsstraff for m. a. konvertittar.  Dette vil gjera dødstraff lettare tilgjengeleg for det iranske rettsapparatet.

Norsk utlendingsforvaltning har meint at det ikkje er så farleg for konvertittar å returnera til Iran.  Dei kan leva rimeleg trygt, spesielt dersom dei teier om si nye tru.  Etter den nye lova vil iranerar som har stått fram ope med si kristentru, og som blir returnerte til Iran, risikera dødsstraff.  Dette må norske myndigheter ta på alvor.  UDI og UNE må straks revurdera sin praksis når det gjeld iranske konvertittar.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere