Kari Austerheim Silde

Alder:
  RSS

Om Kari Austerheim

Følgere

Familie, slekt og gener

Publisert nesten 5 år siden

Gjennom relativt lang tid har NRK gikk oss innblikk i ulike personar si slektshistorie; til dømes i aktuelle Anno der deltakarande får presentert slekthistoria si fleire århundrer tilbake i tid, kjendisar som får løyst spørsmålet "Hvem tror du at du er?" - og det tidlegare klassiske "Tore på sporet"-programmet.

Kva er det som gjer desse programma så populære, og som gjer at sjåarane kjenner seg igjen og blir rørte av å sjå kva desse opplevingane gjer med dei involverte? Kan det vera ein følelse av at dette gjeld også meg; mine gener frå mine foreldre, frå mine beste- og oldeforeldre, grandonkel/tante, eller endå lenger tilbake?

Til alle tider har familie og slektskap vore viktige element i historieformidlinga. I vår digitale og såkalla moderne tid har det vorte in å gi avkall på viktigheten av å kunna spora slekt- og gen-tilhøyrighet. Personar som eg ser på som oppegåande og fornuftige, vurderer lovforslag som skal opna for å kjøpa egg og sæd for å kunna laga babyar av anononyme gener.  Er dette ein etisk og legal framtidssituasjon som sitjande politikarar vil og kan ta ansvar for?

 

 

Gå til innlegget

Alternativt kirkenettverk

Publisert nesten 5 år siden

Interimgruppa i Frimodig Kirke uttalar m. a.: ". . . mest av alt ønsker vi å være et åndelig, støttende nettverk for de som ønsker å være i Den norske kirke og utforske det rommet det blir sagt at vi skal få."

Dette er godt nytt for mange av oss som ynskjer å halda fram som medlemmer i DnK.  Me treng prestar og  kyrkjetilsette som er trygge i sin ståstad, og som tar vare på det rommet og den fridomen som kompromisset i Kyrkjemøtet opna for.  I tillegg til at me treng synlege personar å identifisera oss med, og forhalda oss til.  

Det er også betryggande at interimgruppa uttalar at dei ikkje har ynskje om å danna ein kyrkjepolitisk fraksjon, slik ein har opplevd tendenser til frå anna hald.  DnK må framleis forhalda seg til ein Herre og ei "grunnlov":  "Guds menighet er jordens største under! Mens verdens skikkelse i hast forgår, er Kristus i all evighet den samme, og fast hans rike på sin klippe står."

Gå til innlegget

Surrogati

Publisert over 5 år siden

Seks av ti seier nei. Meir enn 60 prosent av nordmenn meinar det ikkje bør bli lov å bruke surrogatmor i Norge.

Hvis me omformar overskrifta og ingressen i artikkelen til Bjørgulv K. Bjåen i Vårt Land idag, er dette hovudinnhaldet i artikkelen.

Olaug Bollestad, KrF, uttrykker seg i klartekst:  "Surrogati inneber at ein opnar for kjøp og sal av barn, og leige eller utlån av kvinnekroppen, på ein måte som nærmar seg menneskehandel, seier ho, og held fram:  Ingen kvinner skal vere eit middel for at andre skal få oppfylt sine ynskje."

Eg har sansen for venneparet som i laurdags VL fortel om at dei saman har fått "vennskapsbarnet". Barnet får trygge foreldre og kjent identitet, og kan spora gener og slektskap både frå fars- og morsslekta.  

Gå til innlegget

For mange av oss er eitt av fundamenta i all utforming av politiske plattformer; MENNESKEVERD

For Kristelig Folkeparti, slik eg kjenner partiet, femner begrepet menneskeverd heile livslina, frå barnet i mors mage til dødsleiet.  Dermed involverer menneskeverdtanken alle politiske vurderingar, ikkje minst innanfor flyktning- og integreringsspørsmål, bioteknologi feltet, abort og reservasjonsrett, sexkjøpslov, aktiv dødshjelp og mykje meir.

For Venstre kan det, sett frå utsida, virka som om begrepet menneskeverd etter kvart har fått ei noko innsnevra aktualitetsline.  Eg tviler ikkje på at Venstre tek menneskeverdet på alvor.  Men det kan til tider virka som om Venstre sin liberalisme (fridom og openhet for endring) går framføre menneskeverdet?  

Er det slik at menneskeverdet er blitt modernisert i takt med dagens meir egofikserte livsstil og karrierejag?

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere