Verdidebatt

Trist og irritert

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I det siste har eg vorte tristare og meir irritert på det som føregår i Kristeleg Folkeparti. Eg kjenner snart ikkje att partiet mitt lenger, ein skal verte eit meir folkeleg parti, og mindre kristeleg. Då er der ikkje noko poeng i KrF lenger tykkjer eg - vi bør vere eit parti med tydeleg forankring i Bibelen, med det kristne menneskesynet i spissen. Dette har folk høyrt flust av gonger før, men eg må ut med det sjølve au, og syne at KrFU ikkje berre er dei som vil bort med Bibelen og dei kristne prinsippa, sjølv om landsmøte ville det annleis for nokre veker sidan.

Eg har aldri vore så opprørd av situasjonen i KrF, før i dag - mykje pga. denne artikkelen: http://jbl.no/modules/module_123/proxy.asp?C=66&I=42286&D=2&mid=165 .

KrF er skadeskote for tida, denne debatten trur eg ikkje var naudsyn - vi burde ha halde oss der vi var ideologisk, og heller bruka tida på viktigare ting - eg minner atter ei gong om det gode valresultatet i 1997, då eg var ein litan gut, då fekk vi kring 13 % oppslutnad, og det med vedkjenningsparagraf og dei 10 Bodorda!

KrF burde vere det partiet det alltid har vore - ei kristen røyst i politikken.

No held ein på å rive i sund mitt, og andre sitt kjære Kristeleg Folkeparti, det er trist. Men takk og lov fær ein ikkje høve til å kaste det heilt bort før landsmøte i 2013, sjølv om det ikkje er lenge til det heller - men eg oppmodar dei som melder seg ut til å vente til den tid i all fall, då det vert endeleg vedteke om gode ting ikkje skjer.

Eg oppmodar til forbøn og ettertanke, for KrF.

- Benjamin Anda, fylkesstyremedlem i Rogaland KrFU m.a.

(Orsak mitt litt rotete innlegg, vart til i litt hu og hast og vemod...)

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt