Verdidebatt

Strømmen med nytt syn på Fjordman?

No etterlyser Strømmen svar på kva Fjordman meinte med «fysisk fjerning». So korleis forsvarar Strømmen — i dag — at han tidlegare sa at Fjordman sjeldan oppmodar «til direkte valdelege åtak»?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Øyvind Strømmen uttalar seg på NRK Ytring i dag på vegner av dei som «faktisk har lest» Fjordman.

Spørsmål: Då må me kan henda slutta at Strømmen har lese stadig meir og meir av Fjordman, eller? Iallfall gjev Strømmen i dag uttrykk for eit syn på Fjordman som vel ikkje heilt fell heilt saman med korleis Strømmen tidlegare har omtala Fjordman?

For medan Strømmen i dag er sers oppteken av spørsmålet om kva Fjordman meiner med å «fysisk» fjerna muslimar frå Euroa, var han i 2011 mindre oppteken av dette.

Iallfall, medan Strømmen no gjer til sine eigne, Øystein Hetlands spørsmål om «fysisk fjerning» (Dagbladet, 24. november 2011), skreiv Strømmen i Syn og Segn nr 3 2011 om Fjordman at han, sitat: «har ikkje konkret oppmoda til vald». Og endå før det, den 23. juli, var Strømmen ute i Aftenposten og sa: «Dei fleste i desse miljøa – antakeleg inkludert Fjordman – er knappast valdsmenn, og dei oppmodar sjeldan til direkte valdelege åtak.»

Som sagt har tonen til Strømmen andsynes Nøstvold Jensen vorte jamt skarpare. Men noko av problemet for meg med måten Strømmen uttalar seg på, er denne eksperttonen hans. Til dømes var Strømmen alt i 2007 ute og sa at Fjordman er fascist. Men heller ikkje i 2007 fortalde Strømmen KVIFOR Fjordman er fascist.

Etter 22. juli har eg høyrd av Strømmen at Fjordman er fascist fordi det han seier høver med ein eller annan statsvitskapleg definisjon på fascisme. Men kven har nytte av ein slik definisjon, som berre heng og dinglar i lause lufta? Kva med å invitera lesarene med til å definera sjølve i staden for vera ekspert?

For meg har Strømmen kome litt i vegen for Fjordman. Eller korleis forsvarar Strømmen — i  dag — at han tidlegare sa at Fjordman sjeldan oppmodar «til direkte valdelege åtak». Er det slik at ein av dei sjeldne gongene var då han tala om «fysisk fjerning»? Og kva tid er det eg bør slutta meg til det Strømmen har sagt — er det no i dag? Kvifor skal eg ikkje bry meg om det han har sagt før?

Eg etterlyser, på line med Strømmen, at Fjordman kastar ljos på kva han meinte med «fysisk fjerning». So for å setja det på ein mindre omstridd spiss: Det spelar vel inga rolle om det er «sjeldan» dersom vedkomande denne sjeldne gongen oppmoda til å senda folk i gasskammeret?

Strømmen har i sine ekspertinnlegg vore med å spreia den myten at so få kjende til Fjordman før 22. juli. Men bakgrunnen for den ovannemnde artikkelen frå 2007 var faktisk  Hallgrim Berg si bok «Amerikabrevet: Europa i fare», der Berg hadde synt til ei utsegn av Fjordman. Ifylgje det Strømmen skreiv, hadde boka «vorte trykt i tre opplag».

Her er det noko med pedagogikken som sviktar: Det lure, når den kunnige skal opplysa den ukunnige, er å byggja på, og visa til, til det studenten veit noko om frå før. «Mange vil kjenna Fjordman frå Halgrim Berg», kunne han til dømes ha sagt.

Men det høver gjerne betre med ekspertrolla å ta ein meir «no skal de få høyra noko de ikkje visste»-tone?

Eller er det det at nordmenn vert litt meir uskuldige dersom dei fær vita at dei ikkje visste om Fjordman? Jamfør Hadia Tajik i hennar Fritt Ord-forsvar denne veka: «Hva gjør han her, Fjordman, plutselig midt i blant oss?»

Strømmen er ein fyr eg lyttar til. Han er meir nyansert enn mange andre ekstremistekspertar, som t.d. når han nektar å omtala Sverige Demokratarna som fascistar. Men når, eller dersom, han skifter syn — ja jamvel om han held fast på syna sine, hadde tent på å invitera lesarane til å tenkja høgt i lag med seg.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt