Verdidebatt

NOA og ENOK

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg vil ta for meg to viktige personar i GT – NOA og ENOK.

Syndefloda og forteljinga om Noah er ei av dei mektigaste i Skrifta.
Noah vert introdusert i 1 Mosebok 5.

"Etter at Lamek hadde fått Noah, levde han endå 595 år og fekk søner og døtrer. 31 Heile levetida åt Lamek vart 777 år. Så døydde han.
32 Då Noah var 500 år, fekk han sønene Sem, Kam og Jafet." 1 Mosebok 5,31

"Herren såg at vondskapen var stor hjå menneska på jorda. Alle tankar som rørte seg i hjarto deira, var vonde dagen lang. 6 Då angra Herren at han hadde skapt menneska på jorda, og han var full av sorg i hjarta sitt. 7 Han sa: «Eg vil rydja ut av jorda menneska som eg har skapt, ja, ikkje berre menneska, men feet og krypdyra og fuglane under himmelen òg. For eg angrar at eg har skapt dei.» 8 Men Noah fann nåde hjå Herren." 1 Mosebok 6

Syndefloda kom fordi menneska ikkje gjorde slik Gud hadde sagt, men gjekk med vilje i mot Hans lov.

I advarselen frå Gud står det:

" 3 Då sa Herren: «Min ande skal ikkje for alltid bu i menneska; for dei er berre veike skapningar. Levetida deira skal vera 120 år.»" I Mosebok 6,3

Dette har ei dobbel betydning. Noah forkynte for menneska på hans tid i 120 år at syndefloda skulle koma , men det siktar og til desse 120 jubileum -6000 år som menneska har fått. Så lenge skal Gud stridast med menneska.For å gjera biletet komplett var Noah 600 år då syndefloda kom –eit varsel om at etter 6000 år er det slutt.

"det året då Noah fylte 600 år, den syttande dagen i den andre månaden, braut alle kjelder frå det store havdjupet fram, og himmellukene opna seg. 12 Og regnet strøymde ned på jorda i førti dagar og førti netter. 13 Den dagen gjekk Noah inn i arka, og Sem, Kam og Jafet, sønene til Noah, og kona til Noah og dei tre sonekonene hans" 7,11

"Berre Noah og dei som var med han i arka, vart att. 24 Og vatnet flødde over jorda i hundre og femti dagar." 7,23

"Den syttande dagen i den sjuande månaden tok arka grunn på Ararat-fjella. 5 Og vatnet minka meir og meir heilt til den tiande månaden. Den fyrste dagen i den tiande månaden synte fjelltoppane seg." 8,4

"Den syttande dagen i den sjuande månaden tok arka grunn på Ararat-fjella. 5 Og vatnet minka meir og meir heilt til den tiande månaden. Den fyrste dagen i den tiande månaden synte fjelltoppane seg." 8,4

13 I det året Noah fylte 601 år, den fyrste dagen i den fyrste månaden, hadde vatnet turka bort frå jorda. No tok Noah taket av arka, og då han såg utover, var jorda turr. 14 Den tjuesjuande dagen i den andre månaden var ho heilt turr.

I bibelsk kronologi kom syndefloda 292 år før Abraham vart fødd.
Den kom 2317 år før Kristus.

Med andre ord er det berre 4326 år sidan flommen dekka heile kloden.

Den må nødvendigvis ha laga store spor.

Og det er det veldig enkelt å sjå i naturen om ein legg til grunn at det har vore ei global syndeflod.

Jasers bok fortel og om kva som skjedde på Noah si tid då han forkynte for menneska som levde då.

http://www.ccel.org/a/anonymous/jasher/home.html
kpt 6:

"And all the sons of men that were left upon the earth, became exhausted through evil on account of the rain, for the waters were coming more violently upon the earth, and the animals and beasts were still surrounding the ark.

And the sons of men assembled together, about seven hundred thousand men and women, and they came unto Noah to the ark.
And they called to Noah, saying, Open for us that we may come to thee in the ark--and wherefore shall we die?

And Noah, with a loud voice, answered them from the ark, saying, Have you not all rebelled against the Lord, and said that he does not exist? and therefore the Lord brought upon you this evil, to destroy and cut you off from the face of the earth.
Is not this the thing that I spoke to you of one hundred and twenty years back, and you would not hearken to the voice of the Lord, and now do you desire to live upon earth?"

Jesus seier at folk som ikkje trur/høyrer det som står i mosebøkene og dei profetiske bøkene , dei trur heller ikkje på Han.

Jesus seier om Noah og endetida:

"Som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. 38 I tida før storflaumen åt og drakk dei, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka, 39 og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle. Slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem. 40 Då skal to menn vera ute på marka; éin blir henta, éin blir att. 41 To kvinner skal mala saman på kverna; éi blir henta, éi blir att." Matteus 24

Jesus brukar Noah som eit bilete på dette som no skal skje ved Jesu gjenkome.

I 2 Peter 2 står det:

"For Gud sparte ikkje englar som hadde synda, men støytte dei ned i avgrunnen, der dei blir haldne i varetekt med lenkjer i mørkret heilt til dommen. 5 Heller ikkje sparte han den gamle verda. Det var berre Noah, som forkynte rettferd, og sju andre han berga då han lét storflaumen koma over ei verd av ugudelege. 6 Byane Sodoma og Gomorra la han i oske og dømde dei til undergang; han gjorde dei til ei åtvaring for dei som seinare ville leva eit ugudeleg liv.
"7 I tru fekk Noah varsel om det han endå ikkje såg. I gudsfrykt bygde han ei ark og berga huslyden sin. Trua hans vart ein dom over verda, og sjølv vart han arving til den rettferda som trua gjev". Hebrearane 11

Bibelens ord handlar om synd og Guds handlemåte når menneska ikkje vender om .

ENOK var den sjuande generasjonen etter Adam.

" Det var om desse Enok, Adams etterkomar i sjuande leden, spådde då han sa: «Sjå, Herren kjem med sine heilage(englar)i tusental.

15 Han vil halda dom over alle og straffa alle menneske for deira ugudelege gjerningar, og for alle harde ord dei har tala mot han, desse gudlause syndarane.» Judas brev

Judas fekk sjå Jesu gjenkome som no vil finna stad etter 6000 år.
Jesus beskriv det slik:

"Så snart denne trengselstida er over (jødane og Israel), skal sola formørkjast og månen mista sitt lys. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrommet bli rokka. 30 Då skal teiknet til Menneskesonen syna seg på himmelen, då skal alle folk på jorda setja i med klagerop, og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom. 31 Medan basunen ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå dei fire verdshjørna, frå den eine enden av himmelen til den andre." Matteus 24,29

Enok levde før syndefloda og i hebrearbrevet står det:

" I tru vart Enok bortrykt utan å døy. Ingen såg han meir, for Gud hadde teke han til seg. Før han vart bortrykt, fekk han vitnemål om at han var til glede for Gud. 6 Utan tru er det umogleg å vera til glede for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han." Heb 11

1 Mosebok 5 seier:

" Då Enok var 65 år, fekk han sonen Metusjalah. 22 Enok ferdast med Gud i 300 år etter at han hadde fått Metusjalah, og han fekk søner og døtrer. 23 Heile levetida åt Enok vart 365 år. 24 Enok ferdast med Gud. Så vart han borte, for Gud tok han til seg."
Av Skrifta er det tydeleg at Enok og Noa var konkrete personar,ikkje sagnfigurar . Det same gjeld dei andre personane som er nemnde. Pga av såkalla vitskap har diverre mange kristne fjerna seg frå Bibelens ord.

"Guds vreide blir openberra frå himmelen over alt ugudeleg og all urett hos menneske som held sanninga nede i urett. 19 For det ein kan vita om Gud, ligg ope framfor dei; Gud har sjølv avdekt det. 20 For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans heilt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å unnskylda seg med. 21 Dei kjende Gud, men likevel æra og takka dei han ikkje som Gud. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og deira uforstandige hjarte vart formørkte. 22 Dei påstod dei var kloke, men dei enda i dårskap. 23 Dei bytte ut den uforgjengelege Guds herlegdom med bilete av forgjengelege menneske, av fuglar, firføtte dyr og krypdyr." Romarane 1


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt