Verdidebatt

HOMOTEOLOGI

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.
  • BISKOPPELEG HOMOTEOLOGI

I kristne krinsar diskuterer ein nå: "Korleis leva saman med to syn?" - - utan at det nye synet er blitt fullnøyande drøfta - og at ein har kome fram til ei teologisk avklåring. Dei tru-faste resignerer og må sjå at kyrkjeleg aksept for homofilt samliv er kome for å bli - og vinn stadig nytt terreng.

Men det er ikkje lagt fram nokon overtydande Skrift-forankra tekst til støtte for homofilt samliv. Tvert i mot. Biskop Laila som tung premissleverandør har i sitt vedkjenningsskrift: DERFOR ENDRET JEG SYN definert sin ståstad grunna på eit sviktande underlag, men ikledd blendande retorikk.

Av ein biskop, medlem av Lærenemnda for DnK og overhyrding for sitt kyrkjefolk, skulle ein forventa at ei så avgjerande fråsegn skulle vera forankra i Skrifta, men det er heilt fråverande. Ho viser derimot til personleg synsing og heimelaga teologi. Set ein lupa på dei fire hovudelementa for hennar nye homo-teologi, blir ein storleg undren. Den teologiske gehalten er på linje med isopor.

  1. "Jesus krenket aldri menneskeverdet".
  2. "Hvordan kan jeg forsvare å legge byrder på andre som jeg ikke vil bære selv?"
  3. "Mennesker Jesus møtte ble av Ham bekreftet og løftet opp."
  4. "Forpliktende partenerskap er noe nytt som Paulus ikke kjente."

1) "Jesus krenket aldri menenneskeverdet". Først den underliggjande bodskapen i utsegna - som  alle oppfattar: "Er du av dei som diskriminerer homofile? Då må du avskrivast som deltakar på den rette sida med Jesus på laget. Du er stempla og fordømd."

Så til det utsegna eigentleg seier: "Jesus krenket aldri menneskeverdet": Det verkar så plausibelt og toler inga motsegn. Det skulle berre mangla at Jesus gjorde slikt! Men her talar ho med to tunger. Ho snakkar ikkje om menneskeverdet i klassisk forstand: - Eit menneske skapt i Guds bilete med evigheitspotensiale - for ho har jo slutta seg til kollege T.B. Jørgensen som har nydefinert ordet til å tyda: Den homofile identitet!  Og slik forstått er utsegna falsk og direkte usann! For Jesus krenka nettopp menneske med ulike slags identitetar: den pengekjære, den ubotferdige, den hovmodige! Tankar langs TBJ's resonnement ville vera at min heterofile legning, din kleptomane legning, hans alkoholiserte identitet - er det same som vårt menneskeverd! Men dette fører heilt ut i meiningsløysa! Utsegna held ikkje, er villeiande og krenkjande med sin doble bodskap.

2) "Hvordan kan jeg være med å forsvare - -"  Retorikken er framtredande. Ingen torer vel leggja i mot ei så menneskeleg og logisk framstilling, - men held det teologisk? Nei. For når vart det slik at Guds Lov skal siktast ved deg og meg og vurderast etter kva du og eg (etter eiga meining) skulle kunna bera eller ei? Skal Guds Lov og Vilje avgrensast ut frå det me maktar å etterleva? Kven si berekraft skulle i så fall setja standarden? Då måtte også bodet om ikkje å stela falla ut - ettersom ingen av oss held det.

Millionar av menneske lever i friviljug eller påtvinga sølibat - når det gjeld heterofile. Kva skulle vera annleis for homofile? Det står noko gåtefullt i Mt.19,12 som sjeldan eller aldri blir prøvd forklart. Men det har tydeleg med denne saka å gjera. Jesus snakkar om "gjeldingar" - at kjønnsleg samliv ikkje er alle gitt. Det gjeld vel alle legningar - også homofile?

Den indirekte bodskapen er både diskriminerande og uhyrleg i sin dom over dei som "legg bører på andre - - " For det er ikkje som det høyrest ut til: At nokon legg tunge menneskelaga bører på folk. Det er Bibelens eige Ord som valdar bry. Lova står fast, men som for Den rike unge mannen som søkte medlemsskap i Guds rike og hadde halde lova, fekk seg forkynt: "Eitt vantar deg - - " sa Jesus og la på han den "tunge" børa som alle blir utfordra på: "Omvend deg! Vend deg bort frå din pengekjære identitet, løys deg frå din rikdom og bli min medarbeidar:" (her trur ag at dersom den unge mannen hadde sagt - som Sakkeus: "Ja, det vil eg gjera" - ville Jesus ha uttala: "Det er fint. Du kan berre behalda din rikdom - for du har gjeve meg ditt hjarte." Men Mammon er ein lumsk avgud som for dei fleste ikkje kan tenast saman med Jesus).

Jesus seier gong på gong: "Omvend dykk!" Det er børa han legg på alle dei som vil vera hans læresveinar, medarbeidarar og innbyggjarar i Himmelriket. Difor er det urovekkande når biskop Laila i si trusvedkjenning seier at ho korkje vil leggja denne børa på andre, eller seg sjølv.

Ein nærståande Jesus-ven synte empati og gav gode råd - han var ein godviljens mann. Men Jesus "kjøpte" ikkje støtta og sa til vedkomande det mest kvasse og krenkjande ord som noko menneske har fått høyra: "Du biskop - in spe - vik bak meg, Satan - du har ikkje sans for - - - berre det jordiske." Og ved eit anna høve: "Når du ein gong omvender deg, styrk brørne dine." Peter? Omvenda seg?

3) "Mennesker Jesus møtte ble av Ham bekreftet og løftet opp." Nok ein gong: Den underliggjande, retoriske bodskapen som alle høyrer: "Dersom du "diskriminerer" -  ikkje i eitt og alt sidestiller homofiles "rettar" tilliks med heterofiles - så kan du ikkje vera i Jesu selskap. Biskop Laila - og alle andre som ser det slik har rett når dei fordømer. Du er ikkje på lag med Jesus". Det er ei hard anklage, ei domsavseiing som i fylgje Bibelen sjølv er under ein streng dom.

Lat oss sjå på sanningsgehalten i utsegna slik ho står. Det blir ikkje vist til noko døme, så ingen veit kva biskopen siktar til. (Det er påfallande at heile trusvedkjenninga: "Derfor endret jeg syn," er reinska for bibelske termar og ankerfeste i Skrifta. Ja, er det ikkje oppsiktsvekkjande at biskopen i sitt første og mest lesne hyrdingskrift - som omhandlar eit teologisk tema - ikkje ein einaste gong forankrar sine utsegner i eit sitat frå Skrifta, ei heller brukar Bibelens teologiske termar som tru, nåde, synd, soning, omvending, truskap, lydnad, lovbod, - men berre hentar ord frå det moterette medievokabularet med tidsriktige termar som: menneskeverd, diskriminere, krenke, bekrefte, løfte opp, toleranse, dialog, inklderende, åpen?

Men det er lett å finna døme i NT på det motsette - som fortrengjer førestellingane om at NT er fylt opp med episodar der Jesus "bekrefter og løfter opp". Hendinga med kvinna ved brønnen i Sykar: Først kom Jesus med ytterst krenkjande kommentarar til hennar identitet som horelevande. (biskop Jørgensen: menneskeverd) Så får me vita at ho erkjenner dette: "Kom og sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort." (perf. partisipp - fortid) Vidare at dette har ho vendt seg frå: "har gjort" Ja, slutteleg ser me at ho blir lyft opp til eit Jesusvitne.

Det tragiske møtet mellom Jesus og Den rike unge mann viser kva for bør det ubotferdige menneske ikkje vil la Jesus leggja på seg: "Vend om! Omvend deg!" Identiteten hans var krenka, og han gjekk u-bekrefta og u-oppløfta bort.

God-dømet er Sakkeus som er full av sjølverkjenning og botsånd. Sin pengekjære identitet som Mammons træl vender han seg frå og får Jesu oppløftande tilseiing: "I dag er frelse blitt dette hus til del."

Kor er døma på at Jesus "bekrefta og lyfta opp" utan bot og omvending?

4) "Forpliktende partnerskap." "NT er skrevet ut fra heterofile menns horisont, der betegnelsen "homoseksuelle handlinger" ikke nødvendigvis rommer det samme som vi forstår med homofilt samliv i dag. I alle fall var ikke et ordnet partnerskap et alternativ."

Dette er det fleire som avviser - mellom anna Halvor Nordhaug (VL 27.1): "Argumentet om at et homofilt samliv i dag er noe kvalitativt nytt i forhold til antikken, får derfor ikke bærekraft til å støtte et nytt syn". Paulus vassa i homoseksuell praksis av alle slag i Roma.

Korleis kan biskop Laila forsvara ein homoteologi på så vaklande føter?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt