Verdidebatt

Utydelige KrF-signaler . . . ?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ja, kan ein venta noko anna med dei signala som kjem både frå raud-grøn og høgre side?

Kristelig Folkeparti sin leiar står fram med tydelige utfordringar til begge sider i det politiske

landskapet. Den siste tida sitt ”folkeopprør” i høve innvandrarbarna med lang butid i Norge,

har blitt tatt på alvor i Kristelig Folkeparti. Også debatten for litt sidan, angåande

reservasjonsretten for legar når det gjeld anvisning til abort, tok KrF på alvor og støtta legane

som gjennom år har hatt denne retten, og som helsetenesta har takla på ein god måte.

”Barns beste” med utgangspunkt både i UNHCR sine anbefalingar og Barnekonvensjonen, må ha prioritet framfor ”innvandringspolitiske hensyn”. Med den nåverande opphopinga av innvandrarbarn med lang butid i Norge, må regjeringa ta grep for at desse barna kan få ei verdig og trygg handsaming. Så får neste trinn vera å legga til rette for raskare saksgang for asylsøkarar som ikkje fyller kriteriafor beskyttelse iflg. lover og regelverk. Kanskje treng ein utvida UNE sin kapasitet både når det gjeld saksbehandlarar og mulighet for fleire nemndmøter? Jens Stoltenberg si krasse haldning i denne saka har ikkje akkurat styrka KrF sitt ynskje om raud-grønt samarbeid. Ryddesjauen i SV som resulterer i at den mest erfarne og varmhjarta statsråden, Erik Solheim, blir bytta ut med tre ferskingar, er heller ikkje med å styrka oddsen for raudgrønt samarbeid.

Men jammen er det ikkje styrka odds for samarbeid mot høgre heller. Siv Jensen er tilbake i gammal stil i innvandringsdebatten, og Høgre stiller med knallhard Brodtkorb i debatten om reservasjonsretten. Dette er enkeltståande eksempel på eit tøffare politisk klima i verdidebatten.Det vil sei at ein skal leita lenge og vel for å finna gode argument for at Kristelig Folkeparti skal gåinn i ei regjering av eit eller anna slag i 2013.

Kristelig Folkeparti med Knut Arild Hareide i front, bør fram mot valet løfta fram politiske saker med ståstad i partiet sitt program og verdigrunnlag. Så kan ein jo håpa at resultatet av valet vil gi ei mindretalsregjering som treng støtte frå bl. a. Kristelig Folkeparti. Utfordringa for KrF framover vil vera å nå ut til velgjarane med verdibudskapet, og derifrå oppnå eit styrka Kristelig Folkeparti i sentrum av norsk politikk!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt