Verdidebatt

Dødsstraff for konvertittar Iran

Det såkalte Vokterrådet i Iran har godkjent endringar i straffelova som vil gjera det enklare for myndighetene å dømma konvertittar til døden. Dette må norsk utlendingsforvaltning ta på alvor.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Leiaren for Iran Human Rights Mahmood Amiry-Moghaddam advarar mot den nye iranske straffelova som viser til ein grunnlovsparagraf som igjen viser til Sharialova, som krev dødsstraff for m. a. konvertittar.  Dette vil gjera dødstraff lettare tilgjengeleg for det iranske rettsapparatet.

Norsk utlendingsforvaltning har meint at det ikkje er så farleg for konvertittar å returnera til Iran.  Dei kan leva rimeleg trygt, spesielt dersom dei teier om si nye tru.  Etter den nye lova vil iranerar som har stått fram ope med si kristentru, og som blir returnerte til Iran, risikera dødsstraff.  Dette må norske myndigheter ta på alvor.  UDI og UNE må straks revurdera sin praksis når det gjeld iranske konvertittar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt