Verdidebatt

Biodiversitet

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Raseforskinga er attende. Det er umoralsk å hevda at det ikkje er genetiske skilnader mellom menneskegrupper, seier to amerikanske professorar i tidsskriftet Nature. Slik lyder ingressen til Jon Hustads artikkel Inni er vi ulike i siste nummer av Dag og Tid.

Denne artikkelen er relevant for diskusjoner som har pågått i flere ulike tråder her på vdb de siste ukene, og den er viktig nok til at jeg oppretter et eget innlegg om den. Hustad fortsetter (uthevelser og hyperlenker tilføyd av HT):

Sitat.

Når slutta etterkrigstida? Det kjem sjølvsagt an på kva felt vi talar om, men for raseforskarar kan eit godt svar vera oktober 2009. I førre månad stod ein artikkel på trykk i tidsskriftet Nature – det mest prestisjetunge naturvitskaplege tidsskriftet – ein artikkel som berre for få år sidan truleg hadde vore utenkjeleg.

Tittelen er «Lat oss feira dei genetiske skilnadene mellom menneska». Ingressen går på si side slik: «Vitskapane finn prov for genetiske skilnader både mellom grupper og mellom individ. Desse funna bør vi omfamna, ikkje ottast», skriv dei mykje siterte amerikanske professorane Bruce T. Lahn og Lanny Ebenstein.

Dei to slår fast at ei rekkje studiar indikerer at det er til dels store genetiske skilnader mellom etniske grupper, og at vi trygt kan rekna med at vi i framtida vil finna mange prov på vesentlege og funksjonelle skilnader mellom menneskegrupper.

Problemet er berre at forskarmiljøa ikkje har tenkt over kva slags implikasjonar slike funn vil få: «Etter vårt syn er forskarfellesskapen spesielt og samfunnet generelt særs dårleg førebudde for dette. Vi treng ein robust moralsk respons på dette spørsmålet uavhengig av kva forsking vil avsløra av menneskelege skilnader

Sitat slutt.

Les artikkelen i sin helhet hos Dag og Tid. For en oversikt over de viktigste delene av den artikkelen i Nature som Hustad bygger på, henviser jeg til HT-oppslaget Human genetic diversity.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt