Verdidebatt

Kva har Vest-Telemark med Egypt å gjera?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

For ein del år sidan tok eg bussen inn til Kairo. Under innkøyringa såg eg i kveldsmørkret ein opplyst del av ein husfasade. Der var det måla eit stort og vakkert bilete i friske fargar av den heilage familien, med Maria, Josef og Jesus-barnet på flukt til Egypt – ei påminning om to tusen år gamle kristne røter. I dagane etterpå køyrde eg ein del med drosje. Rett som det var kunne eg sjå ein kross som dingla ned frå bilspegelen, som teikn på at sjåføren var kristen. Eg vitja kristne kyrkjer og var på bibeltime med paven i den store katedralen. Ja, dei koptiske kristne held seg med sin eigen pave, og katedralen var full av lyttande og begeistra menneske. Eit særskild inntrykk gjorde det å vitje ein sundagsskule med 2800 elevar!

Alt stod likevel ikkje bra til med kyrkja i Egypt. Eg fekk høyre forteljingar om diskriminering og overgrep. Dette var ein av grunnane til at eg kjende forventning då store menneskemassar samla seg på Tahrir-plassen i februar. Kristne og muslimar stod side ved side i kampen mot diktatoren og for eit nytt og betre Egypt. Mange kristne vart fylte av håp. Dei tenkte at dersom ein kunne frigjera Egypt, så ville òg koptarane vinne fridom.

Dei har vorte skuffa så langt. Nokre veker etter revolusjonen tok angrepa til. Kyrkjer og heimar vart påtente. Sjeldan vert nokon straffa, og inga erstatning vert gitt. Berre ein liten del av valden vert skildra i media. Unge jenter vert framleis bortførde og tvinga til å bli muslimar. Det er livsfarleg å gå frå islam til kristen tru. Troppestyrkar har aktivt teke livet av koptarar, ved å køyre rett inn i ei folkemengde med fredelege demonstrantar og ved å skyte skarpe skot. Uavhengige TV-kanalar, til dømes Al-Jazeera, vart stansa då dei ville syne kva som skjedde. Til overmål har det vore oppfordringar på TV om at egyptarar no må verne hæren mot koptarane. Det vert sagt at koptarane har ein ”framand agenda”. Dei vert styrte av ”kreftar utanfrå”. (Oppsummeringa er fritt gjengive etter bladet "Ropet fra Øst")

Eg bur i Vest-Telemark. Her vert det i desse vekene markert i kyrkjene at kristne vert forfølgde i mange land. Egypt er bare eit einskild døme. I andre land er det endå verre. Det er tid for å løfte dette fram. På ulike sundagar i november vert det teke med i forbøna.

Kva har Vest-Telemark med Egypt å gjera? Vi har sysken der.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt