Verdidebatt

Løgn = Sant og Sant = Løgn

Begge sider vert forsvarte av gode menneske

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er vanskeleg å setja ord på kva ein føler når ein held saman motstridande innlegg her på Verdidebatt.  Dei røpar ei skrikande usemje  - og det er umogeleg at dei alle kan målbera røyndomen og sanninga.  Det eine innlegget slår det andre i hel.

Faran Shah: Palestina- Israel konflikten.

Leif Knutsen skriv om biskopen i Hamar som tar feil i Palestina-Israelskonflikten.   At biskop Fiske kan koma med med slike openberre usanningar – og ha fylgje av alle sine kolleger og preses, og støtte av kyrkja sin utanriksminister – er til å bli forstøkt av.

Roald Øye går dei i mot i innlegga: Ideologien som bekjemper sionismen, og Harde bud venter Israel.

Og dei er ikkje i mindretal dei som fordømer Israel. Same tale blir framført av den offisielle norske stat i utsegner frå utanriksminister og FN - ambassadør.

På ein tur til Israel i 2012 møtte eg IDF-talsmannen Bjørn Herman Ueland. Han var ein smålåten kar som gav det beste inntrykk. Difor var det med vantru eg las det han i dag seier om Israel-Palestina konflikten: «Israels okkupasjon er meningsløs». «De fleste bosetningene på Vestbredden, som er etablert i strid med folkeretten, må overlates til palestinerne» - (ABC-nyhetene).

Utsegna er basert på sviktande grunnlag. Folkerettsleg sett er det ingen ulovleg okkupasjon.  Busetnadene i Judea og Samaria er fullt i samsvar med Oslo-avtalen. Utsegna blir difor berre eit bidrag til å delegitimera staten Israel.

Ingen stat har så mange 5.kolonistar og quislingar som Israel.

Med denne uløyselege konflikten som bakteppe kan det vera relevant og nyttig å lesa ei bok som nyleg er utkomen:  «Folk flest er gode», av nederlendaren Rutger Bregman.  Boka har ein bodskap som er revolusjonerande, myteknusande og gjev svar og forklaring på mange mellommenneskelege tankeflokar.  Ut frå kunnskapar som blir lagde fram i boka veks det fram ei erkjenning av at gode menneske kan utføra dei mest uhyrlege handlingar. Og det er ikkje medviten vondskap som tyt ut mellom hendene på dei.  Sjølv trur dei seg å gjera det rette, og at dei er det godes teneste. Men dette er ikkje noko nytt at folk gjer dei verste handlingar i god tru. Det er varsla i Joh 16,2 –«..kvar den som drep dykk trur han tener Gud med det».  Dei fælaste torturistane under inkvisisjonen var den tids mest gudelege.

Verdas mest vidgjetne quisling, Vidkun Quisling var uvanleg gåverik. Han var idealist og ville gjera det rette og beste.

Adolf Eichmann – det største mordarmonster me veit namnet på – var ein fredsæl familiemann og trudde heile tida at han gjorde det rette.  Sjølv etter dødsdomen var han viss på å ha vore i det godes teneste og uttala: «Eg skal stupa leande i grava».

Elena Ceausescu meinte seg å vera ei god mor for de rumenske folket.

Det er noko gåtefullt og irrasjonelt som er ute og går.  Men kanskje me veit opphavet og agendaen dersom me tenkjer oss om.  Den gode Gud har ein Motstandar som ikkje er passiv. Men i dag er det ikkje god tone å peika han ut.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt