Verdidebatt

Mållaust liv har og e mening!

Eg har lenge sett på SV som eit parti som vil verna om liv og livsmiljø

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er nok mange som kjenner seg vonbrotne over SV no. Lenge har det vore eit relativt sterkt innslag av kristen tenking i partiet. Otto Hauglin fekk t.d. utsett friabortlova i 3 år då han sat på Stortinget. Også i dag er der framtredande folk med eit kristent livssyn. Dei må i dag kjenna seg vonbrotne! For det er vel slik at det kristne livssynet står over det politiske samfunnssynet?

Diktet "Du ska itte trø i graset" har alltid gjort inntrykk på meg. Eg måtte tenkja på strofa "mållaust liv har og e mening du lyt sjå og tenkje på" no sist helg då SV gjorde vedtak om sjølvvald abort inntil 22 veker. Eit slikt foster er mellom 25 - 30 cm langt. Det er altså ikkje ein celleklump som friabortkjemparar likar å kalla det. Fosteret er heller ikkje ein del av kvinna sin kropp, men fosteret er eit nytt individ med andre gener og eigenskapar enn kvinna som ber fosteret fram.

Eg har lenge sett på SV som eit parti som vil verna om liv og livsmiljø. Men det gjeld altså ikkje menneskelivet. Der skal kvinna ha suveren  rett -  åleine -  til veke 22 om barnet skal få leva. Det er meir enn trist!

Brynjulv Hernes

Samnanger

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt