Verdidebatt

Ja og Nei til kvinnelege prester

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det har vore ein lang debatt mellom Oddvar Søvik og Olav Kydland m/fleire i media.  Kydland held fram dei prinsippielle sidene,   det opphavelege,  den ideelle ordninga frå skapinga av.

Oddvar Søvik ser pragmatisk på den stoda me opplever i dag – i vår syndige verd med alle våre brot og fall som me har gjort og gjer.  Han ser at det er mange døme på at Gud har kalla og utrusta kvinner til å gjera ein framifrå innsats i hans kyrkje.

Eg har halla til  Kydlands fløy, men ser at O.S. har nokre vektige moment i sin argumentasjon.  Kven har rett?   Begge.   Me må makta å få eit heilskapleg syn og sameina desse synspunkta,  -  og få til eit samarbeid for felles sak.

Kva ville Jesus ha gjort i vår situasjon?  Det veit me svaret på ut frå Mark 9,40 der puritanaren Johannes kjem til Jesus og er forarga over at nokon tek seg mandat til å arbeida i Guds rike – utan å vera godkjend.  Han venta sikkert ros for sin skepsis til «dei andre» og sa:  «Meister, me såg at ein som ikkje var i fylgje med oss dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og me forbaud  han det, for di han ikkje var i fylgje med oss». 

 «Flott», sa Jesus – «du står for den rette læra og vil at bodskapen blir framboren av dei som har fått mandat og har reine hender».  Nei.  Jesus var forbløffande positiv, raus og inkluderande då han sa:  «Du skal ikkje forby …. for den som ikkje er i mot oss, er med oss.»   (tenk det sa Jesus!)

Me kan trygt samabeida også i nattverdssamanheng med kvinnelege formidlarar. Sakramenta er ikkje avhengig  og mister ikkje si kraft av måten, midlet eller formidlaren.

Vanskelegare er det å gå i spann med dei som bryt klåre bod og bibelske føresegner.  Som bispekandidaten som reiser seg frå knefallet etter å ha gjeve sitt bispeordinasjonsløfte – og proklamerer sitt hyrdeembete med å seia:  «Jeg vil kjempe for de homofiles rettigheter».

Eller den aldrande biskop som i møte med heidenskapen uttalar: «Kristendommen og islam har kjærligheten felles». –  Det er blasfemi.

Sjølv med kvinneprestar som fører ein liberal teologi, og lesbiske prestepar med feminist-ideologi,  er det rettast å vera venleg og omgjengeleg.

Faren for – og freistinga til å å sjå kvinneprestspørsmålet med loviske, sekteriske auger er stor. Det er kanskje lettare å sjå det hjå andre enn hjå oss sjølve:                                                                                                                     Adventistane er steile på at berre laurdagen er den rette dag for sabbatsfeiring.  Prinsipielt har dei rett i det.  Opphaveleg var det sabba, den 7. dagen som av Gud vart kåra til kviledag og helging.  Men oldkyrkja – som søkte støtte og makt i det romerske keisarveldet – som hadde sine gudefeiringar på sundagen – valde å flytta sin heilagdag i samsvar med Romarriket sin. Dessutan fekk pavekyrkja synt sin antipati mot jødane – dei som hadde drepe sjølvaste Frelsaren.

I same ånd valde dei den latinske namneforma på jøden  Yeshua Messiah,  og kalla han Jesus Kristus.

Slik har det vore i nær 2000 år, og ein adventistven eg har meiner det er snakk om tap av evig liv dersom eg ikkje legg om kviledagsfeiringa til sabbaten – laurdag.  Men å gå over til laurdags-sabbatfeiring for heile samfunnet nå er ikkje  pragmatisk og ikkje i Jesu ånd.

Kviledagen skal ikkje vera til ulempe,  og det ville han bli om me her på Geilo skulle byta dag.   Jesus sa:  «Sabbaten vart til for mennesket,  ikkje mennesket for sabbaten.»

Å nekta, avvisa fellesskap med kvinnelege prestar kan lett føra til tilstandar som er skildra i likninga om ugraset i kveiten.  Jesus rådde frå å driva med ugraslugging.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt