Verdidebatt

Infrastrukturen på Den nye jord

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er svært lite å halda seg til når det gjeld forholda og tilveret i æva på den nye jord, og tilvisningane i GT og NT er vanskeleg å halda saman.

Somme meiner det er bortkasta og spekulativt å vera oppteken med dette temaet, men Paulus seier i Kol 3,2:  «Lat hugen vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda». Då kan det ikkje vera så gale å fantasera litt og prøva å få eit bilete av tilveret i æva.  Det kan vera kjekt å utforska tilgjengeleg kunnskap.

Kor er det nye paradiset?  Me snakkar om å koma til himmelen, - men det er vel meir rett å tala om den nye jord?  «Det skal bli ein ny himmel og ei ny jord».  Og må ikkje den nye jorda bli langt større enn den gamle om ho skal kunna røma alle dei frelste sjelene opp gjennom tidene?

Skal me halda fram der Adam slapp ved syndefallet?  Han vart sett i paradiset for «å dyrka og verna hagen».  1 Mos 2,15.  Dyrka, -  javel, men verna?  Kva vern var det trong for?  Kunne det vera noko anna enn dei ville dyra som skada eller tok for seg av matplantene? Skal jorda dyrkast berre med handemakt, eller trengst det avansert maskinelt jordbruk?  Eller treng kanskje ikkje det nye, gjenskapte mennesket føde  – ettersom  «Det nye mennesket vert fornya etter sin skapars bilete..»  Kol 3,10.  (Vel, Jesus åt etter oppstoda.)

Jesu skildring av den himmelske sæla – opplevd som eit festsamver med overdådig servering av «margfulle rettar og gammal klåra vin …» er kanskje ein metafor for den høgste form for ei gild festsamkome.  Likeins når han talar om «Den som får sitja til bords med Abraham, Isak og Jakob…»

Kva skapnad skal me få i den komande verda?  Den einaste som har synt seg med den nye, oppstadne lekamen er Jesus.  Han var både attkjenneleg og ukjenneleg.  Emmausvandrarane var lenge saman med han før han vart attkjend.  På stranda ved Genesaretsjøen gjekk det ei stund før dei skjøna kven han var.  Då han kom inn gjennom stengde dører, var dei fulle av tvil.

Vår identitet skal me likevel ha, men den vert ikkje knytt til klesdrakt eller kroppslege kjenneteikn.  Adam og Eva var nakne i Paradiset før syndefallet utan å vera det bevisst.  Sidan det ikkje er seksualitet, ekteskap og forplantning i det nye tilveret, har me ikkje kjønnsorgan.  «Er som englane i himmelen», - sa Jesus i undervisningstimen til saddukearane.  Mark 18,24.

Me vil ikkje ha nokon fysiske avgrensingar i stoff, «tid» og rom. («tida er endt», Op 10,6.)

I gravferder blir det jamt snakka om at alle jordiske gåter skal få svar, og håpet om at me skal møta att alle våre kjære i himmelen. Men dette er det vel ikkje dekning for i Bibelen.  Der står det at  «Alt skal bli nytt» - og me skal  «Ikkje minnast det som var».  Menneskelege, jordiske relasjonar er oppløyste.  Det ville vel vera utåleleg å møta att dei ein har såra og synda mot i det jordiske liv, alle ekteskapelege sidesprang ein har møtt, - og han som skjenda dottera mi.

Det spørst om me vil kjenna att vår familie, vener og kjenningar – sjølv om Jesus snakkar om å sitja til bords med namnkjende personar som Abraham og Isak.  Det er ikkje sikkert at det er meint bokstaveleg.

Det står litt i Skrifta om aktivitetane og gjeremåla i himmelen.  Men dei synest ikkje å vera så fengjande for folk flest.  Dei har meir tiltru til vulgærutgåva som Dagbladet framstiller:  Dei frelste sjelene sit på ein skydott, dinglar med beina og spelar på harpe i det uendelege…   Det er ikkje til å få himmellengt av.  Men det kristne samfunnet har ikkje vore flinke til å koma med eit sant og truverdig bilete av det evige livet:  Eit tilvere i n'te potens av alt det gode og vakre her på jorda, der alt det som skjemmer og skaper smerte og liding, tårer og sakn er vekke.  Vår gode jord var berre ein kladd for eit evig paradis med useielege kvalitetar, mogelegheiter og gleder.  Eg trur det er rett å kjenna på forventningsglede.

Glede og frygd er ofte nemnt i Skrifta og står sentralt både i det jordiske og himmelske livet. Kjelder til glede er familie, samver med andre, meistring og skaping, song, musikk, scenekunst, estetikk, fritidssysler med spenning, sport og naturopplevingar.  Gud er ofte nemnt som Skaparen av universet, og den som studerer og opplever naturen med sitt mangfald og velde, sitt mikrokosmos og makrokosmos – blir fylt med ærefrykt og glede.  Og skapartrongen som er nedlagd i oss er vel ein flik av den guddommelge kreasjonismen.

Kva musikkinstrument skal du spela i himmelen? – spør eg i blant mine vener.  Der har vel alle absolutt gehør og velklingande røyster.  Tenk å kunna spela piano som Andsnes, eller fiolin som Igor Oistrakh!  Eg ser også for meg gleda ved å køyra storslalåm og meistra ei krevjande løype i stor fart, -  ja, og så på sommarstid spela tennis!

Kanskje spenner me bogen for spakt og forventningane for lite. Eg minnest dottera vår som i to-treårs alderen hadde ei plastpotte som ho likte så godt.  «Får eg ha den i himmelen?» spurde ho.  «Jadå, vennen min», svara den kloke mora, og ungen var tilfreds.

Kvifor openberra Jesus så lite for oss om Det evige livet?  Truleg fordi me ikkje har evne til å gripa det.  Me er bundne til tidsdimensjonen og er sperra for innsyn i den komande ævedimensjonen.  Me lever som i gullfiskbolla – kan ikkje femna det uendelege havet.  Men me kan vera trygge på at Gud i sin kjærleik vil vil gje oss det aller beste.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt