Verdidebatt

Lærarar frå NLA må ikkje stenges ute av klasserommet

Ingen skal stengast utanfor offentlege klasserom på grunn av si tru eller overbevisning

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Klasserommet skal vere ein inkluderande plass, og då må det gjelde begge veier, både for lærarar og elevar. Dette oppnås ikkje med å utestenge lærarar frå private høgskuler på grunn av skulen sitt verdidokument.

Tidleg i år sa nokre skular i Oslo at dei ville nekta å ta i mot lærarar i praksis frå den private høgskulen NLA. Leiar i fagforeininga, pedagogstudentane, skreiv 10. Mars i Vårt land at det var NLA som heldt lærarane utanfor klasseromma, berre ved å ha dette dokumentet. Dette er eit feil bilete av situasjonen, ettersom det var praksisskulane i Oslo som «behandla nokon annleis på grunn av si tru», også kalla diskriminering. Praksisskulane i Oslo ville unngå ein hypotetisk ekskludering av elevar som ikkje var einige med NLA, og løyste det ved å ekskludere bestemte lærarar frå sine klasserom, det er i beste fall hyklersk og i verste fall totalitært.

Leiar i fagforeininga, pedagogstudentane seier at «NLA setter alle som ikkje ønsker seg eitt heterofilt ekteskap på gangen», dette stemmer ikkje. Artikkelforfattaren lager ein fiktiv og falsk bilete av lærarar frå NLA. Ingen elevar skal oppleve å bli ekskludert det meina også NLA sitt verdidokument. Det som skjer i dag derimot er ar lærarar blir heldt ute av klasserom i Oslo-skulen på grunn mangel på respekt for NLA sitt verdidokument. Det er alvorleg ettersom verdidokumentet er heilt legitimt og ein del av skulen sin eigenart. Om det er det offentlege som skal styre og innrette det private, er ikkje det private reelle alternativ til det offentlege lenger.

Private skular gir mangfald og er eit alternativ til det offentlege. Private skular skal vere annleis enn den offentlege skulen, og kunne operere etter sitt verdidokument. Det blir tatt bort i praksis, viss private institusjonar kneblast, styres og innrettast av det offentlege. Det er lov å vere ueinige i eitt verdidokument, men Oslo-skulane som offentlege institusjonar har ikkje lov å diskriminere meiningsmotstandarar på denne måten.

Som også artikkelforfattaren påpeikar, så har ingen lærarar rett til praksis plass, likevel unnskyldar ikkje det Oslo-skulane sin oppførsel. Å sette i gang ein bevisst utestenging for å ramme meiningsmotstandarar, i dette tilfelle kompetente lærere på ein legitim norsk institusjon, er diskriminerande og svært ugreitt.

Det er ingen som skal stå utanfor klasserommet for å ha eit anna syn, det må gjelde både lærar og elev. At ein privat institusjon har eit verdidokument er ikkje problemet. Det at offentlege skular utøver sin makt for å prøve å innrette det private, og utestenge praksis-lærarar frå NLA, det er eit stort samfunnsproblem.

Skrevet av:

Torkel Johannes Bjuland (17)

Fylkesleiar Rogaland KrFU

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt