Verdidebatt

Kva skaper eller fjernar gudstru?

Når folk er sikra sosial tryggleik og god utdanning, sluttar dei fleste å tru på Gud, meiner programskaparane bak "Sånn er Norge". Men årsaka er heller at barn og ungdom i mange land er utsette for massiv påverknad frå ein gudlaus kultur.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I serien "Sånn er Norge" drøfta Harald Eia måndag, 29. september kvifor stadig færre nordmenn er religiøst truande. I 1947 kalla 85% seg kristne, medan berre 30% av befolkninga no seier at dei trur på Gud, Allah eller andre gudar. 48% trur ikkje i det heile på ei høgare makt, og resten, 22%, er vel då tvilande.

Tilsvarande utvikling har skjedd også i andre land der befolkninga har god utdanning og sosial tryggleik, men ikkje i land med stor folkevekst og usikre levekår. Fordi religiøse får flest barn, har dei likevel auka sin prosentdel fram til no, jorda sett under eitt. Når lite skulegang, mange bekymringar og kortare levealder fører til at fleire trur på ein gud, seier Harald Eia spøkefullt at var han religiøs leiar, ville han prøvd å fjerne velferdsstaten og i tillegg starte ein krig, for då ville flokken hans lettare kapre tilhengarar.

Det er gammalt nytt at behovet for ei gudstru kjennest sterkast når livet er skjørt eller går mot slutten. Omvending på dødsleiet var kanskje meir vanleg før, jmfr det respektlause ordtaket "når fanden blir gammal, går han i kloster". Å ty til bøn i farens stund har vore vanleg til alle tider. I diktet "Juleaftenen" slår Henrik Wergeland fast: "I slikt et vær, da får du bønner, Gud". Langs Norskekysten, men også på Færøyane, der prosentvis endå fleire har yrket sitt på det lunefulle havet, kjenner folk seg att i Bernt Støylens salme "Gud signe vårt folk der dei siglar og ror", der andre verset lyder slik:

Sitt levebrød har dei på brusande hav,

med berre ei fjøl mellom seg og si grav.

I stormvêr og fåre

forkomne og klåre,

dei har ikkje mykje å tryggja seg til.

Gud Fader, du styrkja og trøysta dei vil!

Til 50-årsmarkeringa av tragedien i Vesterisen, der fem skuter og 79 fangstfolk kom bort i 1952, skreiv Rasmus Fløtre ein prolog, der han m.a. seier:

Eg har stundom sendt ein tanke til deg som er så stor
at du aldri treng ein Gud, og til å be.
Eg sku' gjerne sett deg skjelvande i dødsangsten om bord
der du djupt i bøn fekk bøye dine kne.

Den dramatiske historia om korleis han og mannskapet på fangstskuta "Rundøy" med nauda greidde å ri av orkanen, kan lesast her.

Men frykt eller andre kjensler kan ikkje åleine skape gudstru, slik Eia & Co vil ha det til. Har ikkje folk eit forhold til Gud frå før, vil dei heller ikkje få det i farens stund. Etter kristen truslære kjem trua når ein høyrer Guds ord forkynt, slik Paulus seier i Romarbrevet. Og til tidlegare, dess betre. "Lær den unge vegen han skal gå, så vik han ikkje av når han blir gammal", står det i Ordtaka.

Det er dei unge som lettast og sterkast let seg påverke, og denne kunnskapen er brukt av både gode og dårlege styresmakter til alle tider. Konfirmasjonsopplæring vart innført i Danmark-Noreg i 1736 og allmenn skulegang i 1739. Seinare har både nazismen, kommunismen og maoismen målmedvite forma barn og ungdom etter sine ideologiar. Eg har sjølv boka "Handbok i barneindoktrinering", skriven av ein overtydd sosialist. Når Noreg gradvis har blitt avkristna etter krigen, er årsaka rett og slett at kristen forkynning har blitt bytt ut med annan ideologisk påverknad gjennom media, og i opplæringa frå barnehage til universitet. Dette er gjort med vitande og vilje av folk som ønskte ei slik utvikling og hadde makt til å gjennomføre ho. Etter at kristen tru og kultur vart vengeklipt, kan dagens herskarar lettare fjerne også nasjonalstaten og det reelle folkestyret, slik Kaj Skagen har skrive om i boka "Norge, vårt Norge", og Terje Tvedt og Finn Olstad delvis har kome inn på i bøker frå siste åra.

Avkristninga skjer iallfall ikkje p.g.a. konflikt med vitskapen. Når vi i mi ungdomstid nemnde skapinga, fekk vi høyre at universet alltid hadde vore der. Dagens vitskap meiner derimot at alle galaksane har sprunge ut frå ein uhyre liten, men tett "singularitet" på kort tid, og at rømda enno utvidar seg, eit bilde som liknar mistenkjeleg på ei skaping. Men sjansen for at noko slikt skal skje av seg sjølv, er mindre enn mikroskopisk, gitt alt som må klaffe. Den einaste forklaringa som då utelukkar ein Skapar, er teorien om "multivers",  dvs at det har skjedd ei uendeleg mengde med spontane universdanningar. Det er spekulativt. Då er det trass alt enklare å tru at Gud har ein finger med i spelet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt