Verdidebatt

Bilegg striden,

ver med og skap ro og fred.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det gjeld striden om Israel og «Palestina». Det kan aldri bli noko anna enn usemje – til inga nytte. Kvifor? Fordi partane argumenterer frå heilt ulike ståstader.  Det den eine sida held for fakta vil den andre parten karakterisera som løgn og bedrag.

Dei flittige pro-palestinafolka har mange gode argument – sett frå deira ståplass og grunnsyn . Men – det er eit stort men:  Dei byggjer sin argumentasjon ut frå ein føresetnad som ikkje finst.

NTB, NRK, TV2, Dnk og mest heile medieverda held fram si tolking av historia. Det utkrystalliserer seg i denne utsegna: «Okkupasjon, okkupasjon og ulovleg okkupasjon». Dette mantraet opptrer gjerne i artiklar, meldingar og innlegg titals gonger.  Kvifor?  For å fastslå og sementera eit utgangspunkt så urikkande at det vert eit aksiom – ei udiskutabel sanning.  Men er det det?  Kven har definisjonsmakt i ei slik mellomfolkeleg sak?

Den gjeldande folkeretten er definert ved avtalane som stormaktene gjorde for 100 år sidan i San- Remo.  Men «ingen» refererer til dei når spørsmåla om Israels råderett, busetjing og annektering er tema – for det ville stoppa all vidare krangel.  Med få unntak godtek folk dei allmenne oppfatningane som FN, EU, NRK, NTB – heile medie-apparatet brukar som premiss:   Okkupasjon, okkupasjon og ulovleg okkupasjon.

Det er pinleg, ja, skandaløst når utanriksminister Søreide i tråd med vår statsminister og leiar for utanrikskomiteen Anniken Huitfeldt i fullt alvor uttalar at «Okkupasjonen av Vestbredden og annekteringa av delar av C-området er krigstrugande og brot på folkeretten». 

Mi meining er at alle som brukar FN som sanningsvitne i slike saker har kompromittert seg og mista truverdet. For FN er så blotta for truverde at dei som har si tiltru plassert der og brukar deira resolusjonar som trusvedkjenning - og dei hundretals av resolusjonar mot Israel der dei «slår fast» - har meldt seg ut av all seriøs debatt.

Toppmålet vart vel nådd i mai 2017 då FN ved UNESCO vedtok ein resolusjon som om jødane ikkje hadde nokon juridisk eller historisk tilknytning til Jerusalem og fornekta Israels band til byen.

Vårt utanriksdepartement protesterte ikkje. Dei historiske kjensgjerningane vart overkøyrde. I same ånd og med tilsvarande sanningsgehalt erklærte Arafat i 2000 at det «aldri hadde vore noko jødisk tempel på Tempelhøyden». Abbas har doktorgrad på at Holokaust aldri har skjedd. Buskerudsrepresentanten til Palestinakomiteen uttala nyleg:  «Balfourerklæringen og San Remokonferansen er en del av historia, ikke nåtida» 

Men desse uhyrlege påstandane og openberre løgnene blir ståande uimotsagde og etter kort tid innlemma i «verdssamfunnet» sine haldningar og argumentasjon.  At vituge folk kan delta i dette trendrytteriet og med stort engasjement støtta, forsvara og arbeida for eit slikt syn med innlegg, aksjonar, komitearbeid, boikott, opptog og demonstrasjonar – når det er basert på totalt sviktande grunnlag – er ganske ufatteleg.

Men alle medstraumsfolk har male seg opp i eit hjørne og kan for skams skuld ikkje gjera baut – det ville vera intellektuelt sjølvmord.

Kva er så sanninga om Israels «okkupasjon» av «Palestina»? Eg kan visa til ei rekkje erklæringar frå framståande juristar og statsvitarar som godtgjer at det IKKJE ER NOKON OKKUPASJON, – men eg skal nøya meg med å sitera to: Eugene Kontorovich – professor i folkerett, dokumenterer klårt og eintydig og svarar slik på spørsmålet:  «Hvorfor er Israels herredømme over Vestbredden folkerettslig gyldig?»:  «Judea og Samaria er ikke okkupert område. De er områder om Israel har suverenitetskrav på».

Alan Baker, juridisk rådgjevar i Jerusalem – tidlegare ambassadør til Canada, -  skriv i eit 10 punkts notat om Israels rettigheiter i dei omstridde områda og oppsummerer: «Følgelig har påstander fra FN, europeiske hovedsteder, organiasjoner og individer om at israelske bosetningsaktiviteter er i strid med folkeretten ikke rettslig grunnlag i det hele tatt».

Når det gjeld den ofte omtala 4. Geneve- konvensjonen, om vern av sivilbefolkninga, skriv tidlegare FN-ambassadør Dore Gold: «Israel kan med andre ord ikke være å anse som en okkupasjonsmakt i konvensjonens betydning i noen del av det tidligere palestinske mandatområdet, inkludert Judea og Samaria».

Men ein treng ikkje gå til den juridiske ekspertisen for å sjå det innlysande i sanninga om Israels «okkupasjon». Med sunt folkevit og syn på eitt auga må ein erkjenna at ingen ulovleg okkupasjon kan ha skjedd all den stund Israel i ein forsvarskrig erobra Vestbredden med Aust-Jerusalem, Judea og Samaria – eit landområde ingen andre hadde suverenitetskrav på!

Og den som sist sat med makta over territoriet var Jordan – som i fredsavtala med Israel  i 1994 fråsa seg all råderett.  Altså er det Israel som har alt dei skulle ha sagt der – og ei «annektering» burde ha blitt gjord alt i 1994.

Difor er den skammelege og usanne masinga om «okkupasjon, okkupasjon og ulovleg okkupasjon» berre eit bidrag til vidare oppvigleri, misnøye, terrorhandlingar og ufred.

                                      DET ER INGEN OKKUPASJON . 

Ta konsekvensen av det,  - bilegg striden og kom med konstruktive løysingar til gagn for både  jødar og arabarar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt