Verdidebatt

Vårt Land frikjend på feil grunnlag

Vårt Land har eigentleg skrive at Peder Jensens ord har ført til drap, ja, massedrap. PFU meiner dette ikkje er ein injurierande påstand.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.
Vårt Land skreiv på leiarplass: "Han (Peder Fjordman Jensen) er et av de sterkeste eksempler i moderne tid på at ord kan lede til drap." Uttrykket "er et av de sterkeste eksempler" overstyrer her hjelpeverbet "kan". Viss noko(n) ER eit eksempel, så har det faktisk skjedd. Leiarskribenten påstår såleis at Peder Jensens ord HAR ført til drap, ja, eit katastrofalt massedrap. Det må vere den mest uhyrlege injurien som er sett fram i landet vårt! Kva grunnlag har Vårt Land for å påstå at dei åleine har ei slik overmenneskeleg innsikt i tankegangen til Breivik? Viss avisa er så oppteken av kva og kven  Breivik har sitert, kvifor frikjenner leiarskribenten alle andre han har plagiert og overser heilt kva han sjølv skriv om grunnen for sin terroraksjon: 
”Unfortunately, spectacular operations like these are the only way to be heard. Everything else we have tried has failed and yielded nothing. The Muslims showed us that deadly shock attacks are the only tool we have at the moment which will guarantee that our voice is heard.”
Eller avisa kunne lånt øyre til sin tidlegare sjefredaktør Åshild Mathiesen som 28. desember 2013 skreiv at "de (Marit Christensen, Åsne Seierstad og Aage Borchgrevink) har alle til felles at de går til familien for å årsaksforklare terroren". Borchgrevink skreiv t.d. at han "gikk fra å se terrorangrepet som en reaksjon på globalisering og modernitet til å se det som utslag av omsorgssvikt, psykisk lidelse og generasjoner med dårlige tilknytningsmønstre". 
PFU er berre bukken som passar havresekken, dvs media sitt elendige rykte. Ikkje kan VL å skrive, viss dei meinte noko anna, og ikkje kan PFU å lese, når dei hevdar dette ikkje var ærekrenkjande. 

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt