Verdidebatt

Klimaengasjementet - miljø og kvinnesak

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Med alt det fokus på klima og dei mange milliardar som er sett inn i dette føretaket, – med dei tusental av høgt gasjerte forskarar og byråkratar, – kjem ein i tvil: Kan det vera rett målstyring?  Er innsatsen i samsvar med siktemålet? Blir det eit rimeleg utbytte, eller går det meste til byråkrati, feilsatsing og svinn?

 2007 vart Al Gore og FN's Klimapanel tildelt Nobels Fredspris. Men hadde dei gjort dei mest fredsfremjande tiltaka i verda i 2007?

Al Gore spådde at store endringar snarleg ville skje kringom i verda. Mellom anna forkynte han med tyngd at Kilimanjaro ville bli snøfri i 2010. Det er ti år sidan – og har ikkje slått til, og det er så måteleg med oppfyllinga av andre varsla klimaendringar.  At dei kanskje ikkje er menneskeskapte heller, har fått lite merksemd.

Tragikomisk var det då polklima-safarien med dei mange klimaaktivistane om bord til Ishavet for å sjå på nedsmeltinga og det isfrie polhavet  – enda med at skipet sette seg fast i isen!

IPCC – FN's Klimapanel fekk ved pristildelinga ein umåteleg stor vørnad og tiltru. Statane kappast om å yta milliardar til det dei set i verk av planar og tiltak for å nå heilage klimamål. Men står resultatet i rimeleg forhold til innsatsen?

Når uautoriserte røyster tek til å kvitra om at dersom heile desse enorme føretaka er basert på CO2 utslepp – og at dei bevisleg berre kan ha ein mikroskopisk innverknad – då må desse røystene teiast i hel. For dei undergrev tiltrua til heile dette mega-engasjementet, og satsinga blir avslørt som bortkasta tiltak og ei pengeøyding utan sidestykke. Det har vore ei feilsatsing utan måte i verdsmålestokk.

Klimasaka lånte alvor, kraft og engasjement frå miljøproblematikken – og genererte merksemd og midlar til sine eigne kostesame prosjekt med forsvinnande liten miljøgevinst, men ofte til skade og ulempe for nærmiljø og folks kvardag.

Me saknar milliardinnsats mot dei største miljø-øydeleggjarane lokalt og globalt, nemleg:

Krigden verste miljø- og velferds-dreparen  av alle.  Avskoging.  Forørkning.  Forsøpling av naturen. Utrydding av dyrearter. Straumsløsing.  Kloakkutslepp.  Store CO2-utslepp frå oversjøisk båttrafikk. Plastforureining.  Spillvatn.  Vegsalting.  Bilbrannar.

Og dertil dei smertelege miljø-øydingar på det menneskelege plan som: Flykningmillionane. Fattigdom.  Terror.  Slaveri.  Trusforfylging.  Gatekriminalitet.  

Nærmiljøet for millionar av undertrykte kvinner:  Abort av jentefoster. Omskjering av jenter. Barneekteskap. Tvangsgifting.  Kvinnemishandling.  Æresdrap.

Lista er lang og behova enorme. Betre hadde det vore om det vart skote inn nokre tusen milliardar mot miljøskadinga av dei som i dag går til eit tvilsamt IPCC og deira storstilte tiltak – sjølv om det ikkje vil vanka fredsprisar og andre utmerkingar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt