Verdidebatt

Klima eller miljø?

Hysteri eller Realisme?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

 Klimabylgjene går høgt og engasjementet er intenst. Saka har fått eit religiøst preg med fakkeltog, klimabrøl og skulestreik for heilage klimamål.

  Me har ei global prestinne som nesten fekk Nobelprisen, - og kan du kalla deg klimaforskar, er du med i presteskapet som spår død og undergang –  for oss alle dersom me ikkje vender om frå fossilt brennstoff, sluttar med kjøt-eting og kjenner på flyskam og fossilskam.

  Klimamodellane er heilage skrifter, og klimaaktivistane er lekfolket og har klimamål som liturgi.

Alle prøver å ri på den trendy bylgja, så tilmed Krf har hivd seg med. Ein skulle tru at dei hadde andre saker å kjempa for, men slik det er blitt kunne ein mest tru at K'en i Krf skal bety Klima. 

Men det har diverre gått føre seg eit uheldig skifte av merksemd frå det livs-farlege miljøtrugsmålet til eit hysterisk fokus på CO2  utslepp, - der klimaendringane og global oppvarming er knytt opp til utsleppet av CO2. Men dette har mange ukjende faktorar og er basert på usikre målingar.  Vårt moderate CO2 utslepp i vesle Noreg blir haussa opp og gjort så skræmeleg farleg at heile samfunnet må leggjast om frå fossilt brennstoff til fornybare energikjelder – endå truverdige reknestykke viser at det CO2 utsleppet me kan redusera hjå oss er som eit muse-mig i havet i den store samanhengen. Me skal berga verda!

Likevel iverkset me tiltak som set samfunnet på ende  – sjølv om desse tiltaka ofte motarbeider miljøsatsinga – som bevisleg er påtrengjande.

  Stel du eit ørneegg, kjem du i fengsel. Men ingen vert saksøkt når vindturbinar drep 100 vaksne ørner, ei mengd flyttfuglar og eit uttal av nyttige insekt.

Det er miljøforsøplinga som er menneskeskapt og kan og må reduserast skal me ha ei levedyktig jord.

Folk flest er ikkje klar over at klimahysteriet er igongsett og halde oppe av storkapitalen og den globale politiske eliten. Det er storpolitikk på høgt plan. Al Gore får Nobels fredspris, og Jens Stoltenberg blir Nato-sjef.  Tilfeldig?

Klimaforskarane sett opp klimamodellar som legg premissene for alt vidare arbeid med dette temaet. Men desse modellane må stadig justerast, fordi dei er basert på usikre målingar. Og dei er gjerne laga som betalingsverk med tydeleg agenda  - eit resultat av lite truverdige observasjonar og ennå mindre truverdige konklusjonar.  Og når ein så byggjer vidare på eit sviktande grunnlag og usikre data, ber det gale i veg.

Men det heile blir presentert så vitskapeleg liksom, og den massive marknadsføringa fører til at folk blir blenda av argumentasjonen og let seg dåra når det blir lista opp dei mange millionar tonn med CO2 utslepp som vårt fossile kraftforbruk genererer. Ein trur seg å vera uvitande og dum, ein bit på og blir ein klimatruande.

Ingen vil vedgå å ha blitt lurt eller er forførd,  så ein held fast på det ein har valt – same kor gale det er.

Ein medieanalyse viser at det har vore 25.406 oppslag om klimasaker i 2019!

- ei dobling av fjoråret.

Kva kostar dette, og kven ber kostnaden?

Jo, Erna og regjeringa pøser på med milliardar av våre oljepenger til FN's Klimapanel. Det er ikkje hennar private penger, men ho kjøper seg nokre personlege fordelar, vil me tru.

FN engasjerer ein her av klimaforskarar som samlar inn data og gjer målingar – og konstruerer stadig nye klimamodellar og reviderte klimaplattformer. Eit utal av byråkratar set i verk tiltak, og ein stor flokk av klimaaktivistar i mange land blir oppøste til å overgå kvarandre i å setja opp nye klimamål.

Det gjeld om å vera best i klassen og eit mønster for andre statar.

Dette tvilsame klimasluket har teke plassen for det høgst aktuelle miljøperspektivet og vert på mange vis det til skade for miljøinnsatsen. Miljøsak er noko langt meir enn ei global oppvarming. Milliardbeløp som skulle vore sett inn som tiltak i nærmiljøet går til tvilsame globale føremål.

Det rimar ikkje i det heile at steinrike Olje-Noreg må slita med sparetiltak, nedskjeringar på alle område i samfunnet. For me treng

Nye vegar og ei oppgradering og rassikring av eit nedslite vegnett.

Jernbanen treng å fornyast, - og ennå er det område som ikkje har mobildekning.

Postfunksjonane har dobla prisane og bygd ned tilboda.

Politietaten slit med underbemanning og ressursmangel.

Helsesektoren må gjera sparetiltak.

Omsorgstenesta må snu på skillingane og iverksetja latterlege sparetiltak. Skuleverket må føreta årlege nedskjeringar.

Rettsvesenet er overarbeidd .

Forsvaret er nedbygd, så me er dårlegare rusta enn me var i 1940.

Regjeringa driv med sentralisering tvert i mot distriktsynska for å spare mynt.

Men det er i lokalmiljøet at eit godt eller dårleg miljø opplevest på kroppen: Om det er trygt å ferdast i gatene, at det er fritt for knivstikking og bilbrannar, narkotika og gjengvald.

Men kommunane manglar løyvingar til sine mange gjeremål og opplever ei forarming av miljøet og fråflytting.

Alt dette skjer medan Erna og regjeringa pøser på med milliardar til FN byråkratiet  og globale prestisjeprosjekt, raus støtte og import av framandkulturar  - med eit negativt miljø- og velferdsresultat.

Klimaaktivistane skræmer folk og skaper angst. Ungdommen tyr til rusmiddel, og det sosiale nærmiljøet blir forringa.

Vesle Noreg med sin sunne teknologi og svært moderate CO2-utslepp skal iverksetja  kostesame omleggingar frå eit rimeleg fossilt forbruk til fornybare energiløysingar på bilar, traktorarar, anleggsmaskinar og ferjer. Alt dette medan store land –  som ikkje er fanga  av klimabløffen – Kina, India og fleire, dagleg byggjer opp kolkraftverk.

Vindmøller – som skal vera så miljøvenlege skjemmer urørd natur, støyar og slår i hel fuglelivet. Og ingen veit kva det vil kosta når dei skal fornyast eller kasserast.

Vindmøllepark heiter det så fint, men i røyda framtrer dei som vindmølleørkenar.

Ein vindmølleskog – som Tyskland ikkje ville ha hjå seg – blei flytta til Noreg.

Regjeringa sponsar Tesla-adelen med 10 milliardar i året – penger som ein kunne nå langt med til ekte miljøtiltak. El-omlegginga med sitt enorme batteriforbruk med dertil miljøulemper skaper utfordringar, og resirkuleringa – er det ingen som veit noko sikkert om.

Kvifor Klima, Klima – og litt Miljø, –når det er eit påtrengjande behov, -  og  ingen dissens er om kor alvorleg det er med forsøpling, forgifting av luft, hav og land – og med utdøyande dyreartar, fuglar og kryp, i tillegg til avskoging og ørkenspreiing?

For me ser det utan å spørja ekspertane: PPP  – Politikk. Penger. Prestisje.

Bak klimaoppstyret står storindustrien, storkapitalen og ynske om høge stillingar i byråkratiet.

Men det  er sola som styrer Klimaet.    Miljøet har me langt større ansvar for og evne til å gjera noko med.

Men miljøengasjementet er basert på idealisme, forvaltaransvar og rettferd. Det gir ingen fjører i hatten, medaljar på brystet, - og blir den tapande part.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt