Verdidebatt

Ad fontes! Religion og livssyn i fagfornyinga

Mange har vore spent på dei nye læreplanane i KRLE/ Religion og etikk: Blir dette eit irrasjonelt synsefag, eller eit analytisk vitskapsfag?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Overordna del gir klart svar: "Skolen skal bidra til at elevene blir nysgjerrige og stiller spørsmål, utvikler vitenskapelig og kritisk tenkning og handler med etisk bevissthet" (1.3). For vårt blikk er dette eit kjernepunkt: Vi kan ikkje tolke kva som helst ut av læreplanen – i tråd med personlege eller ideologiske preferansar. Gjennom heile læreplanverket, på alle nivå, blir det presisert at "Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringen" (Om faget). Dette verdigrunnlaget, som har heimel i Opplæringslova §1-1, gir oss både kart og kompass for vårt oppdrag: "å undersøke virkeligheten" saman med elevane. Kva betyr så dette for KRLE/ Religion og etikk? Eit første spor å følge er metode.

Metode

Sjølv om det er didaktisk metodefridom i norsk skole, skal opplæringa skape "forståelse av at metodene for å undersøke virkeligheten må tilpasses det vi ønsker å studere, og at valg av metode påvirker det vi ser" (1.3). Dette er ikkje minst relevant innanfor dei humanistiske tolkingsfaga, der tolking kort og godt kan definerast som val av kontekst. Når kompetansemålet er å "utforske og reflektere over eksistensielle spørsmål og svar" (vg3), kjem vi ikkje utanom samanhengen mellom verdsbilde, menneskesyn og etikk, og det melder seg eit metodisk kjernespørsmål: Kva blir lagt til grunn for vår livstolking? 

Som renessansehumanistane peika på primærkjeldene som grunnlag for eit rasjonelt forhold til sant og verkeleg (aletheia), bør vi gjere det, og her er vi også ved eit anna kompetansemål på vg3: å "analysere og vurdere ulike kilder til kunnskap om religioner, livssyn og etikk". For å bli kjent med den kristne Gudsopenberringa, må vi lese Bibelen og den kristne læretradisjonen. Det humanistiske manifest gir oss ein nøkkel til sekulærhumanismen; Koranen og Hadith til islam; Tripitaka til buddhismen; Darwin og Freud til naturalismen; Nietszche og Foucault til postmodernismen ..., og slik kan vi fortsette. Den amerikanske litteratur-, filosofi- og teologiprofessoren James W. Sire gir oss ein forbilledleg metode i sin Worldview Catalogue: The Universe Next Door (2009). Her blir aktuelle religiøse og ikkjereligiøse livssyn stilt eit sett like spørsmål der svara dannar omrisset av eit verdsbilde, med tilhøyrande menneskesyn og etikk:

1. What is prime realitiy – the really real? 

2. What is the nature of external reality, that is, the world around us?

3. What is a human beeing?

4. What happens to a person at death?

5. Why is it possible to know anything at all?

6. How do we know what is right and wrong?

7. What is the meaning of human history?

8. What personal, life-orienting core commitments are consistent with this worldview?

(Op. cit., s. 22f).

Desse basisspørsmåla kan sjølvsagt stillast til alle livsoppfatningar, og dekker mange kompetansemål i KRLE/ Religion og etikk, inkludert religions- og livssynskritikk (forstått som vurdering eller bedømming). Mange av dei aktualiserande kompetansemåla krev tverrfaglege perspektiv, og dette er ei heilt sentral kjelde til utforsking av den kulturen vi faktisk lever i.

Tverrfaglege perspektiv

For å "drøfte menneskeverd og naturens egenverdi i møte med teknologisk utvikling" (kompetansemål på vg3) er det ein fordel å ha innsikt i naturvitskaplege emne. Gjennom norskfaget er elevane fortruleg med retorikkens analysekategoriar etos, logos, patos og kairos, og når vi skal "ta andres perspektiv og håndtere meningsbrytning om religion, livssyn og verdispørsmål" (vg3), melder også topos segDenne siste kategorien kan definerast som intellektuell og ideologisk 'ståstad', og topos gir oss ofte perspektivet i vår livstolking.

Vi skuldar elevane våre – internettgenerasjonen – eit sobert forhold til læreplanmåla, og for å utforske andre kompetansemål melder også fleire fag seg: historie, filosofi, psykologi, biologi, fysikk, kjemi ..., og sjølvsagt ulike samfunnsfag. Berre tida set grenser for tverrfaglege perspektiv, og læreplanane opnar for eit mangfald av innfallsvinklar som bør stimulere til interesse for dette fagfeltet.

Kompetanse

Dei som har interessert seg for fagfornyinga er ganske sikkert fortruleg med djupnelæringsdefinisjonen, som ligg tett opp til kompetansedefinisjonen: "Fagenes kompetansemål må ses i sammenheng med hverandre i og på tvers av fag. Kompetansemålene må også forstås i lys av formålsparagrafen og de øvrige delene av læreplanverket" (2.2).

Slik vi kan sjå det, er dette eit heilt sentralt punkt i fortolkinga av læreplanane. Vi er einige med politisk leiar i Norsk Lektorlag, Rita Helgesen, i at "lærerens tolkning av kompetansemålene blir avgjørende for hva elevene lærer i faget". Viss vi ikkje får ei felles heilskapleg forståing av at kompetansemåla må lesast kontekstuelt, dvs. med neksus mellom formålsparagrafen, Overordna del og dei ulike tekstane i læreplanen, blir det store sprik i undervisning og evaluering av faget. Forskjellane i skolen blir større, både når det gjeld innhald og omfang, og dette vil ikkje minst vise seg til eksamen. Læreplanens kompetanseomgrep bør derimot hindre dette – at vi kjem langt ut på viddene i eit irrasjonelt synsefag, og her kan også verdigrunnlaget hjelpe oss. 

Verdigrunnlaget

Vårt fag representerer ikkje berre analyse og kritisk refleksjon. Det representerer også syntese – tradisjon og fornying, fellesskap og samhald  – slik det er formulert i vår felles grunnlov, formålsparagrafen: "Opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet". Som vi ser er også denne læreplanen forankra – i kristen og humanistisk arv og tradisjon, og for at KRLE/ Religion og etikk skal bli eit framtidsretta fag i tråd med fagfornyingas intensjon om eit verdiløft, må eit minste felles multiplum av desse verdiane ligge til grunn for undervisninga.

Anita Sævik (fagutvalsleiar for Religion og etikk, Norsk Lektorlag)

Erik Andreas Heyerdahl Holth (fagutvalsmedlem)

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt