Verdidebatt

Dikt

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kosowo.

I går såg eg glimt frå den vonde verda der nokon vart att på den farlege ferda.

Dei hadde nok tenkt seg lenger vest, men vart stansa ved grensa som flyktningar flest.

No vert dei handsama verre enn dyr, og ville nok bytta med våre kyr,

for dei får mat og ein plass å sove, men desse har korkje fjøs eller låve.

På harde golv er dei samla i lag Medan kulda aukar på, dag etter dag.

Koss skal dei sova, og kvar skal dei laugas eg? Kvar har vi hjartet og kvar har vi auga?

Vi hadde jo laga til gjesteroma, Med tanke på dei som vi venta sku’ koma.

Men så fekk vi høyre: «Nei, berre steng dei!No kjem det så få. Det er ingen som treng dei!»

Hykleri er det sanne namnet på dette. Ein let som ein freistar å gjera det rette.

Med attlatne auge og nedfrosne hjarte så teiknar vi grenser og strekar på kartet.

«Det er betre å hjelpa dei der som dei er!» Er det slik vi har «hjelpt» dei? Var lygna så svær?

Kom lat oss skunda oss! Tida er stutt no. Vinteren kjem, og håpet tek slutt no.

Opne dørene! Fyll opp roma! Ring til Kosowo! Be dei å koma!

Elles trur eg vi må innsjå, stille: Det var vi som kunne hjelpt dei, men  ikkje ville.

Åmot 03.11.2019.   Liv Therkelsen. (85 år)

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt