Verdidebatt

Hamskifte for norsk landbruk?

Er endringane i norsk matproduksjon og forbrukartrendar anno 2019 av ein karakter som kvalifiserer til ein reintroduksjon av omgrepet hamskifte?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I 1942 kom diktaren Inge Krokann med boka Det store hamskiftet i bondesamfunnet. Hamskiftet refererer til den omfattande endringsprosessen Noreg gjekk gjennom på 1800-talet: frå eit arbeidsintensivt landbruk med lite bruk av landbruksmaskinar, til nye typar reiskap og maskinar som reduserte behovet for human arbeidskraft. Handelen mellom by og land auka, og vi gjekk gradvis over frå naturalhushaldning til salsjordbruk.

Halvert inntak. 

Forrige veke lanserte Gunhild Stordalen rapporten frå EAT-Lancet-kommisjonen. Rapporten konkluderer med at sunn mat til eit aukande folketal på verdsbasis, vil krevje halvert inntak av raudt kjøtt og sukker globalt. Samstundes forhandlar Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Bondelag med staten om kutt i klimagassutslepp frå jordbruket. Forhandlingane skal vere avslutta innan 1. april. Regjeringserklæringa frå Granavolden legg opp til ei svekking av dei regionale rovviltnemndene, og er i praksis ei utarming av demokratiet innan norsk rovviltforvaltning. Erklæringa opprettheld vedtaket om avvikling av pelsdyrnæringa, og fører til yrkesforbod i ei lovleg næring for 450 norske pelsdyrbønder. Kva rolle spelar summen av desse signala for den norske bonden? Vil dei få konsekvensar for satsingsvilje, framtidstru, lønnsemd og psykisk helse?

Han tilpasser seg nok, skriv Rolf Jacobsen i diktet Den lille bonden frå 1979. Her er Jacobsen ved kjerna av det som har kjenneteikna norsk matproduksjon opp gjennom historia. Den norske bonden er ein ekstremt omstillingsdyktig yrkesutøvar. Norsk landbruk har sidan hamskiftet på 1800-talet gått frå å vere arbeidsintensivt til arbeidseffektivt. Vi har tilpassa produksjonsmåtar – og volum i takt med vekslande politiske føringar og forbrukartrendar. Der representantar frå to eller tre generasjonar for nokre tiår attende utgjorde arbeidsfellesskapet på garden, er arbeidsstyrken jamt over kokt ned til ein person. I mange tilfelle supplerer bonden inntekta med arbeid utanfor garden. Avspasering er eit fenomen som høyrer framandordboka til.

Sjølvforsyning og bærekraft. 

Vinstrabonden Jørn Skoe har ei grunnkvote på 132 tonn mjølk og plass til 22 mjølkekyr i båsfjøset. Han fôrar fram alle oksekalvane og leverer på eit godt år opp til 20 tonn bygg til den lokale mølla. På den same mølla arbeider han to dagar i veka med fôroptimalisering. Skoe er oppteken av sjølvforsyning og bærekraft i eit nasjonalt og globalt perspektiv, vel vitande om at innsatsen må ha eit lokalt forankringspunkt. Det lokale og kortreiste kornet tek han attende til kraftfôr på eigen gard. Han ynskjer å tilpasse seg det gjeldande kravet om lausdrift for mjølkekyr i 2034, og søkte Innovasjon Norge om midlar til påbygging og ombygging av eksisterande fjøs. Avslaget kom i 2016, med følgjande grunngjeving: Prosjektet var ikkje offensivt nok.

Han planla tilpassinga utan planar om auka mjølkekvote, og havna i kategorien en defensiv holdning. Her kunne Innovasjon Norge valt ei heilt anna tilnærming, og bidrege til å statuere eit eksempel med presedens for liknande søknader til omstilling i landbruket. Kva med å innta rolla som vegvisar og rådgjevar, der ein saman med bonde og utstyrsleverandør vurderer løysingar som reduserer den totale omstillingskostnaden?

Innovasjon Norge kunne nytta høvet til å vise at produksjonen må ta utgangspunkt i det totale areal- og ressursgrunnlaget på garden. Behovet for innkjøpt fôr kunne reduserast, utslepp ved transport av fôr og husdyrgjødsel ville gå ned, og bonden kunne oppleve auka lønnsemd ved ei bærekraftig utvikling av eigen gard.

Over heile landet. 

Mykje tyder på at ny landbruks- og matminister blir utnemnd i løpet av veka. Vedkomande blir minister for ei næring med i underkant av 40.000 yrkesutøvarar, spreidd over heile landet. Den nye ministeren må handtere tema som overproduksjon, reduserte klimagassutslepp, inntektsgap til andre yrkesgrupper og auka krav til dyrevelferd. Framfor alt vil vedkomande få erfare at norske bønder er ei yrkesgruppe som ikkje går bakvendt inn i framtida. Saman skal vi vise at matproduksjon, basert på norske areal- og fôrressursar, let seg gjennomføre. På små, mellomstore og store bruk over heile landet. Kompetansen er nedarva og utvikla gjennom generasjonar. I løfta flokk skal vi ta definisjonsmakta over hamskiftet attende, og omsetje orda frå diktaren Rolf Jacobsen til handling:

Men døren har han ennå litt på klem, den lille bonden. Han hører når graset gror og når jorden på nytt skal føde. Han som har tapt. Til nå. Men som vi kanskje må spørre snartom veien. Dit vi kom fra. Der det gror.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt