Verdidebatt

Derfor melder vi oss ut

Vi har inga tru på at partiet vil kunne bli ei visjonær politisk kraft gjennom borgarleg samarbeid som er avhengig av kompromiss frå dag til dag også med ytre høgre.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Skrevet av Ole Tom Guse, Forsand, Roar Obrestad, Suldal, Olav Stav, Stavanger, Per Inge Ruud, Sola, Sverre Hetland, Sandnes og Svein Helgesen, Suldal. Rogaland, 18. januar 2019

Etablering av ei borgarleg fleirtalsregjering markerer slutten på ein splittande prosess om retningsval og starten på ein ny historisk epoke for KrF, etter at eit ekstraordinært landsmøte 2. november 2018 gav partileiinga fullmakt til å gå bort frå løftet i 2017 om ikkje å sitje i regjering med Frp.

Kunstig deling. Erna Solbergs fleirtalsregjering vil ha sitt politiske tyngdepunkt lengre til høgre­ enn noko regjering KrF før har deltatt i. Vi reagerer negativt på at partiet med dette aktivt medverkar til å forsterke ei etter vårt syn kunstig deling med to faste blokker i norsk politikk og bind partiet fast til den borgarlege masta i lang tid framover.

Vi erkjenner at politisk samarbeid alltid har ei oppside og ei nedside. Oppsida i dagens ­situasjon er at KrF gjennom forhandlingane har fått positive gjennomslag på enkelte kjerneområde for partiet. Heilskapen i regjeringsplattforma viser likevel at høgrepartia fortsatt held eit fast grep om hovudretninga, og regjeringa sin politikk blir no KrFs politikk i alle saker frå dag til dag.

Reagerer sterkt. 

Vi ser i den nye plattforma få konkrete signal som tilseier at KrF og V vil få stort handlingsrom til å ta grep som gir tydelege og viktige sentrumsavtrykk på vitale politikkområde som fordeling, skatt og avgifter, innvandring, distrikt, olje, landbruk og arbeidsliv. Tvert om reagerer vi sterkt på at KrF har gått på nederlag for å gi Frp endå større gjennomslag i innvandrings- og flyktningpolitikken og på området skatt og ­avgifter.

Å inngå i eit forpliktande verdi-­
og politikkfelleskap som også omfattar ytre høgre fløy, gjer etter vårt syn noko med partiets identitet og «sjel». Vi oppfattar det «nye» KrF som eit meir borgarleg forankra sentrum-høgre-parti med smalare og meir spissa profil. Etter vårt syn aktualiserer det ein diskusjon om det tidlegare statsminister og parti­leiar Lars Korvald omtala som «kompromissets grense», – «hvor langt partiet kan være med uten å tape sin troverdighet.»

Kompromissets grense. 

Etablering av fleirtalsregjeringa tilslører at KrF og Frp er ideologiske motpolar på ei rekkje politikkområde som betyr mykje for begge parti. Vi meiner derfor at KrF med sitt nye vegval kryssar «kompromissets grense». Som medlemmer kan vi ikkje lenger identifisere oss med og støtte eit politisk prosjekt basert på kompromiss med dei andre tre partia frå dag til dag, og som gir nye «blanke» sigrar til Frp. Framfor stortingsvalet i 2021 vil vi derfor heller ikkje kunne oppfordre folk til å gi fornya tillit til ei regjering med tyngdepunkt langt til høgre, fordi vi samla sett ikkje trur det er til landets beste. I respekt både for partidemokratiet og vår eigen ståstad har vi derfor bestemt oss for å melde oss ut av KrF.

I ei tid med aukande press mot menneskeverdet på mange frontar, trussel mot klimaet på kloden, millionar på flukt, auka ­sosiale forskjellar og meir opplevd utanforskap ville vi etter­ vårt syn ha trengt eit modig, ­visjonært og blokkuavhengig KrF, plassert tydeleg i sentrum og med vilje til å prøve ut eit samarbeid mot venstre. Vi reagerte derfor på Knut Arild Hareides modige historiske initiativ i haust med begeistring.

Inga tru. 

Vi har inga tru på at partiet vil kunne bli ei visjonær politisk kraft gjennom borgarleg samarbeid som er avhengig av kompromiss frå dag til dag også med ytre høgre.

Når partidemokratiet dessverre­ har konkludert annleis og bestemt at KrF framover høyrer til og skal samarbeide på borgarleg side, vil hovud­utfordringa vere å mobilisere entusiasme for den nye kursen. I ein slik prosess vil ikkje vi kunne­ vere konstruktive og lojale støttespelarar. Vi finn det heller ikkje naturleg eller rett å halde fram som medlemmer for å endre fleirtalets syn på kort sikt.

Vi deler fortsatt partiets kristendemokratiske grunnsyn og vil vurdere korleis vi gjennom andre­ fora kan jobbe for å fremme verdiar som menneskeverd, nestekjærleik og forvaltaransvar på brei front. Inst inne har vi fortsatt eit håp om at KrF i framtida skal lytte til Hareides råd, vende tilbake til ein tydeleg sentrums­posisjon og ta ei rolle som brubyggjar over blokkgrensene i norsk politikk.

Alt godt framover. 

Det er sjølvsagt ikkje lett å forlate eit parti der dei fleste av oss har vore medlemmer og hatt sentrale posi­sjonar i fleire tiår. Vi er takksame for at KrF har gitt oss tillit og handlingsrom til å delta i meiningsfullt politisk arbeid for det vi brenn for. Sjølv om vi er sterkt kritiske til kursomlegginga og ikkje lenger kan støtte aktivt opp om partiet, ønskjer vi alt godt framover for leiing, tillitsvalde og bakkemannskap på alle plan.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt