Verdidebatt

Når håpløysa breier seg

Brexit er ikkje over den dagen Storbritannia går ut av EU. Då startar arbeidet med å bygge opp at tilliten.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

B rexit-tåka kallar tidlegare statsministerkandidat Ed Miliband det. Den tåka som akkurat no ligg over britisk politikk og usynleggjer det som i ein normal situasjon hadde vore store politiske skandalar, men som sidan juni 2016 så vidt har klart å nå opp på dagsordenen.

Kaos. Det er liten tvil om at kaos rår i britisk politikk. Avstemminga over avtalen mellom EU og Storbritannia, som vart framforhandla før jul, vart utsett til 15. januar. I realiteten er ingen nøgde med denne avtalen, korkje dei som meiner Storbritannia heilt fint kan gå ut av EU utan ein avtale og dei som helst ville blitt i EU. I tillegg aukar styrken i kravet om ei ny folkeavstemming og at folket må få lov til å seie sitt om avtalen.

Midt i kaoset står Theresa May. Eller – står er kanskje ikkje det rette ordet. Trass i slagordet «strong and stable» er det få statsministrar som har slite meir med å verke stødig enn Theresa May. Forsøket hennar på å framstå som den einaste personen som kan få landet vellukka gjennom Brexit har ikkje vore suksessfult. Tvert i mot tapte ho fleirtalet dei konservative hadde i valet i 2017. Statsråd etter statsråd har trekt seg frå regjeringa, blant anna to Brexit-ministrar og utanriksministaren. I tillegg har ho lova djupt og heilag at ho ikkje kjem til å leie partiet i neste valkamp.

Alternativ. Størsteparten av grunnen til at ho framleis sit som statsminister er truleg at mange spør seg: «Men kva er alternativt?» For svaret på det spørsmålet blir at dei ikkje har noko realistisk alternativ. Dei som er villige til å ta over det konservative partiet og bli statsministrar har alle markert seg så sterkt i favør av å bli i EU eller gå ut av EU at dei ville korkje klare å samle partiet eller landet om ein god avtale. På andre sida har ein eit Corbyn-leia Labour som har slite med antisemittisme og som ikkje ser ut til å ha ein klar Brexit-politikk som står i opposisjon til det Theresa May driv med.

Det er heller oppsiktsvekkande at Labour ikkje klarer å stige på meiningsmålingane og utnytte at det er full splitting i regjeringspartiet. Sjølv om det offisielle standpunktet til partiet er at dei vil bli i EU, er det ikkje blitt kommunisert klart nok av Jeremy Corbyn. Tvert i mot fekk han mistillitsforslag mot seg som følge av kor usynleg han var før folkeavstemminga i juni 2016.

Håpløyse. Det verste med heile situasjonen er likevel ikkje sjølve splittinga eller den svake posisjonen til Theresa May. Det som er farleg er håpløysa som blir spreidd. For kva gjer det med eit politisk system at politikarane ikkje ein gong klarer å samle seg om felles løysingar når det gjeld som mest? Kva har det å seie for tilliten til politikarane at dei ser ut til å bry seg meir om å posisjonere seg for å stige opp i hierarkiet i staden for å søke semje og konsensus rundt korleis landet skal gå ut av EU?

Det største nyhendet frå Storbritannia på norsk TV dei siste vekene har vore managerjobben til Ole Gunnar Solskjær. Hadde ein ikkje visst betre, skulle ein trudde det var det viktigaste som skjedde i dronningriket. Då me sat og såg nyhende i jula, sa den britiske kjærasten min: «Eg skulle gjort mykje for at dette var hovudoppslaget på britiske nyhende.»

Det er lett å forstå motløysa som har fått festa seg i kjølevatnet av Brexit og som truleg kjem til å vare langt fram i tid. Få ser for seg at avtalen som er framforhandla får fleirtal i parlamentet 15. januar, og kva som skjer etter det er vanskeleg å vite. Fleire institusjonar, mellom anna dei britiske universiteta, har dei siste vekene gått ut og åtvara mot at Storbritannia går ut av EU utan avtale. Frykta for at det kan skje ser ut til å ha auka ettersom fleire medlemer av parlamentet har signalisert at dei ikkje kjem til å stemme for avtalen.

Usikkert. Veldig lite av det som skjer fram til Storbritannia går ut av EU er sikkert. Kanskje blir det ei ny folkeavstemming. Kanskje blir ein ny avtale lagt fram. Eller kanskje snublar dei ut av EU utan ein avtale. Men kanskje fokuserer me for mykje på å spå utgangen av EU og diskutere «no deal»-scenarioet når det me eigentleg skulle vore opptekne av er korleis politisk unntakstilstand påverkar det politiske systemet framover.

Brexit er ikkje ferdig den dagen Storbritannia går ut. Tvert i mot er det då den verkeleg store jobben startar: Å bygge tillit og skape engasjement rundt britisk politikk igjen.

Denne kommtaren vart  publisert i Vårt Lands papiravis 09. januar 2018

Bilete: Alastair Grant/NTB scanpix

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt