Kommentar

Ei tid for alt

Desember er ei tid for overflod. La oss i det minste gjere luksusen berekraftig.

Så var vi her igjen. Midt i adventsrushet. Midt i julegåvehandelen, som blir meir og meir omfattande for kvart år som går. Black Friday er tilbakelagt, den stod eg i stor grad over, framleis står mykje att.

Hovudorganisasjonen Virke har kalkulert seg fram til at vi i desember kjem til å handle for over 58 milliardar kroner. Og den summen kjem på toppen av at november tek marknadsdelar frå desember når det kjem til julehandel, på grunn av svartefredagen og bestillingar på nettet.

Skal vi ha dårleg samvit for summane vi brukar på jule­gåver? For marsipanen vi dyttar i oss gjennom advent og jul?

Mitt beger renn over. Desember er ei tid for overflod. Det er både gode og mindre gode sider ved det. Å ha rikeleg er ikkje negativt i seg sjølv. «Mitt beger renn over», seier salmisten i Bibelen, i takksemd over Guds gåver. Samtidig burde det mane dei fleste av oss til ettertanke kor store summar vi brukar på feiringa av mannen som forkynte «gå bort og sel det du eig, og gjev det til dei fattige».

I denne spenninga lever vi støtt her i Noreg. Og biletet blir ekstra tydeleg oppunder jul, ikkje minst sidan samfunnet i stor grad har utvida høgtida til å bli ein langvarig kjøpefest. Før varte jula heilt til påske, i dag startar ho i november og karrar seg så vidt til første juledag. Då er det straks klart for romjulssalet.

Eigne vaner. Å syte og klage over denne utviklinga, er likevel ikkje så konstruktivt. Då er det betre å arbeide med eigne vaner, slik at luksusen vi omgir oss med i jula blir mest ­mogleg berekraftig. Vi treng ikkje å unnskylde at vi kjøper ekstra god mat ­eller svir av nokre ekstra tusenlappar i desember, men det finst samtidig mange enkle ting vi kan gjere som dreg julekosen i riktig retning.

La det vere sagt: Eg er sjølv ingen mønsterelev, og har mykje å lære på dette området. Men eg har blant anna kjent på ein aukande skepsis til dei feite sjølvlaga adventskalendrane som i somme tilfelle inneheld gåver for tusenvis av kroner. Dette kan umogleg vere i samsvar med konseptet advent, som markerer ventetida fram mot jul. Vismennene frå Austerland kom med dyre gåver til Jesusbarnet – gull, røykelse og myrra – men dei kom ikkje med tjuefire ekstra gåver i forkant av fødselen.

I familien vår har vi vald å pakke inn eit songkort for kvar dag fram mot julaftan. Dagleg familiesong kjennest meir meiningsfylt enn tjuefire ekstra duppedittar på barnerommet. Somme har såkalla omvendte adventskalendrar, der du gir i staden for å få. Ein adventskalender frå til dømes Kirkens Nødhjelp minner oss om at det finst munnar og magar i verda som ikkje er mette på ribbe og pinnekjøt sjølv vekevis før julehøgtida tek til. Jorda vår er ikkje eit digert julebord. Adventa skulle vere ei god tid for å dele med dei som ikkje har, verken festmat eller dagleg brød.

Brød med smør. Dette kan vi gjere utan å ta gleda ut av jula. Omtanke for andre treng ikkje gjerast om til rituell sjølvpisking. I mellomalderen bad dei denne bøna: «Herre, gi oss, i vårt strev og vår møye, vårt daglege brød ... og litt smør!» Tillegget fortel oss at kristendommen ikkje står i motsetnad til det vesle ekstra. Det er ein god eigenskap å vere nøktern. Men med alle dei bibelske bileta om mjølk og honning i bakhovudet, trur eg neppe Gud ønskjer at vårt daglege brød skal vere tørt.

Benedikte Vaag er inne på noko av det same i boka Bærekraftig luksus. Ho er opptatt av det enkle livet, bevisst forbruk, rettferdig handel og økologi, samtidig som ho elskar å ha det fint rundt seg. Og det er nettopp denne kombinasjonen som kan vere nyttig å ta med seg vidare inn i advents- og julehøgtida. Vi likar å gjere det fint til jul. Det står ikkje i motsetnad til eit fornuftig forbruk. Vi kan kjøpe ting av høg kvalitet, som kan brukast lenge. Vi kan auke innslaget av gjenbruksgåver.

Nybakt brød. Som julegåver kan vi også vurdere å gi fleire opplevingar og gode matvarer. Sjølv har eg ønska meg fenalår til jul, for fjerde jul på rad. Eg hadde også jubla over gåvelapp på ­nybakt brød.

Det er ikkje for ingenting at ­Jesus i Det nye testamentet lærer oss å be om brød. Sjølv viste han oss korleis fem brød kunne mette 5.000 menneske. Det blei mat i overflod, ja, korger med brød til overs, eit teikn på velsigning. Og Jesus lærte oss å dele brødet gjennom nattverden, eit uttrykk for fellesskapet vi alle er inviterte til å ha med Gud.

All overflod er ikkje av det vonde. Det kan vere greitt å ha in mente når vi endå ein gong gyv laus på å stelle i stand til jul. Men heller enn å bade i vår eigen luksus, kan vi jobbe med å gjere han meir berekraftig.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar