Verdidebatt

Kor vart det av miljøpartiet KrF?

KrFs truverd som miljøparti står på spel om dei ikkje snart byrjar å sette gjennomslag for miljøet over taktisk spel.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

(Skrevet sammen med Gaute Eiterjord)

På KrFs landsstyremøte i april talte partileiar Knut Arild Hareide om grunnane til at KrF trengst. Blant dei var dei store globale utfordringane som klimakrise, internasjonal fattigdom og aukande forbruk. Hareide er inne på dei viktigaste spørsmåla i vår tid, og KrFs vippeposisjon i Stortinget gjer at dei har ei nøkkelrolle i fleire miljøsaker.

Massivt problem. 

Skal me dømme dei etter innsatsen så langt i 2018, er resultatet skuffande. Heller enn å bruke posisjonen sin til å sikre gjennomslag for miljøet, sit KrF stille i båten. Første halvår av 2018 har vore eit år kor KrF har sett taktisk spel over miljøomsyn, og dermed misbrukt den maktposisjonen dei har hamna i.

Det første dømet fekk me i behandlinga av avfallsmeldinga, då Stortinget skulle ta stilling til korleis ein skulle løyse det massive problemet med plastavfall som ender opp i naturen.

I ei rekke føreslag kom heile opposisjonen saman om tiltak som ville tatt Noreg vidare i arbeidet mot plastforsøpling, deriblant forbod mot eingongsartiklar i plast innan 2022. Noreg ville ikkje vore det første landet til å innføre eit slikt forbod: I Frankrike har ein forbod mot tynne plastposar og bestikk, koppar og tallerkenar i plast. Skottland forbaud nyleg q-tips og sugerøyr av plast.

KrF har uttalt at dei er positive til å fjerne engangsartiklar i plast, men var altså den avgjerande røysta som gjorde at eit forbod ikkje gjekk gjennom. I ettertid har også EU gått inn for å forby fleire engangsartiklar i plast, og regjeringa har endeleg bestemt seg for å greie ut eit slik forbod. Men me stansar ikkje plastproblemet med utgreiingar åleine - og her kunne KrF sørga for fortgang i arbeidet. Men KrF valde ikkje den smale sti. Dei røysta med regjeringa og hindra fleirtal for forbodet.

Innhaldslaus klimamelding. 

Det andre dømet er klimameldinga som Stortinget røysta over i mai i år. Då regjeringa la fram denne meldinga i fjor, var den nærmast fri for nye klimatiltak. For miljøpolitikarane i Stortinget stod den innhaldslause klimameldinga lagleg til for hogg.

Til og med Arbeidarpartiet, som tidlegare har vore den største forkjemparen for kvote-kjøp i andre land, meinte at Noreg skulle kutte 40 prosent av utsleppa frå transport, bygg, landbruk og avfall i Noreg. Heller enn å lene seg på EUs skakkøyrde kvotesystem, skulle ein starte omstillinga av samfunnet i Noreg. Gi oss dei nye klimavennlege arbeidsplassane som vil gi oss konkurransefordelar i framtida.

Men i staden for å lage fleirtal for klimatiltak som ville gitt oss kraftige innanlandske utslepps-kutt, gjekk KrF igjen til regjeringa. Heller enn nasjonale mål og omstiling av det norske samfunnet, blei det fleirtal for å maksimere bruken av klimakvoter. Og heller enn å sikre fleirtal for forpliktande utsleppsbudsjetter for de ulike sektorane, så skal klimapolitikken framleis være uforpliktande. Dermed blei heile klimastrategien nok ein tapt sjanse for miljøet.

Kabinettsspørsmål. 

KrF har ei stolt miljøhistorie. Bondevik I-regjeringa, med KrF, Senterpartiet og Venstre, blei den første regjeringa nokosinne, nokon plass i verda, som har gått av på ei klimasak. I 2000 nekta statsminister Kjell Magne Bondevik å gå med på at Ap, Høgre og Framstegspartiet endra forureiningslova for å bygge forureinande gasskraftverk. Bondevik stilte kabinettsspørsmål, og måtte gå. Nå er gasskraftverket på Kårstø i ferd med å bli rive, og gasskraftverket på Mongstad skal stengast i løpet av 2018. Ettertida har vist at KrF var framsynte og at Bondevik I-regjeringa fekk rett, sjølv om dei måtte gå.

Den siste tida har partiet berre vore skugge av det miljøpartiet det ein gong var. Framover er vårt håp at KrF i langt større grad brukte posisjonen sin til å få gjennomslag for miljøet, heller enn å velje taktisk spel og blind lojalitet til regjeringa. Nå som sommaren er over startar ein ny stortingssesjon, og me håper og trur at KrF nå vil utgjere ein skilnad på Stortinget og dra politikken i ei grønare retning. Men då må ein byrja å handle, ikkje berre snakke om det i festtalene.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt