Verdidebatt

«Vend om!» Eit rop for vår tid

Slagord som «vær deg selv og gjør ditt beste» passar sikkert til mykje, men som teologi vert det tynt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Nyleg las eg generalsekretær i KFUK/M, Øystein Magelsens ivrige forsvar for at organisasjonen han leier deltok under årets ­Pride-parade. Magelsens lesarbrev, «Velbegrunnet Pride», inneheld i tillegg ei konsis oppsummering av ein teologi som kan verka svært underleg. Kristenleiaren samanfattar på ein måte som inviterer til vidare viktig samtale om kristen tru: «…det skal være rom for alle til å være seg selv. Hvordan vi forholder oss til hverandre og tar vare på livene vi har fått, er det vi skal måles etter, våre holdninger og handlinger».

Hadde det ikkje vore for at lesarbrevet elles refererer til kristen teologi og Den norske kyrkja, hadde eg ikkje kome på å ta dette opp i ein teologisk refleksjon, for her er det jo, for å minna om ein kjent boktittel, Som om Gud ikke finnes. Tankegangen har så mykje til felles med den gjengse måten å oppfatta tilværet på, at i møte med han, treng ein tenkjande kristen å spørja: Kor har det blitt av det transformatoriske elementet som alltid har særmerkt kristen tru og kristent liv? Sagt på ein annan måte: Byr ikkje den kristne trua oss noko meir enn berre slik allmenn moralisme med meg sjølv som naturleg sentrum?

Kallet.

Grunnane for at det ikkje fell heilt naturleg for meg som menneske å velja Guds veg, gjer Bibelen godt greie for. Brista i alt det skapte dirrar som eit grunntema gjennom heile Skrifta, frå fallet til urmennesket, til Paulus kamp mot uregjerlege krefter sjølv den heilage Gudsmann ikkje går klar: «Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg…» Paulus gir ei høgst ærleg framstilling av kampen i ein kvar kristen, og er førebiletleg i realismen. Nettopp difor kling også kallet og håpet vårt parallelt og alltid som ein veg menneske kan velja: Vend om! ropar profetane og vert spotta. Vend om! forkynte Johannes og vart halshogd. Vend om! vitna den tidlege kyrkja og vart forfølgd. Noko seier oss at dette å venda om neppe går heilt av seg sjølv, og det er få grunnar til at dette skulle ha endra­ seg i vår tid.

Kristent liv er på mange måtar det motsette av omgrepet sjølvrealisering Det er noko så uhøyrt som å gje seg sjølv opp for Guds rike. Eller med Edin Løvås’ kjente ord: «Å forenes med Jesus og hans interesser i verden». Her og no kan det verka som om vi får lite att for det. Men Jesus framstiller det som vi har alt å vinna likevel, difor ber han oss satsa alt på han. Kva gjer vi med sentrale omgrep som overgiving og omvending i ei tid som pressar oss hardt på at «en får værra som’n er om en itte vart som’n sku»? For mange vert løysinga å tona ned den radikale omvendingstanken og heller satsa på noko meir allmennetisk. Spørsmålet er berre kva ein til slutt står att med.

Nåden.

«Ver deg sjølv» er både eit fint og vanskeleg uttrykk. I kristen samanheng har det å vera seg sjølv betydd å oppdaga seg sjølv i ein gudsrelasjon som ansvarleggjer, forandrar og som ber oss respondera. Gud vil ha tak i heile oss, det er tydeleg ut frå måten Bibelen omtalar ulike møte mellom den treeinige og enkeltmennesket. Retten til å vera seg sjølv, er ofte eit uttrykk for å få halda fram slik ein stemnar. Innbakt ligg eit krav om aksept for det ein gjer og er og individualismens forståing av at ingen eigentleg har rett til å blanda seg i mine val og mine saker. For ein kristen er dette framandt. Vi ber i staden om at Herren må ransaka oss og kjenna oss fullt ut. Målet er å bli leia av han. Det kan innebera å gje slepp på ting og det kan innebera å ta fatt på anna. Det inneber å seia frå meg retten til å vera herre over det eg reknar som mitt eige.

Det Magelsen vidare skriv om at vi «skal måles etter våre holdninger og handlinger», underslår den heilt grunnleggande sanninga som gjer kristen tru til noko anna enn strevsam moralisme. I kristen tru er nåden det store origo, det sentrum som bind saman og som verkeleg gjev grunn til håp. Takk og pris, kan eg godt legga til, for haldningane og handlingane mine er det jo så ymse med. Erstattar vi grundig forkynning om omvending, syndserkjenning og nåde med eit lettvint «ver deg sjølv og gjer ditt beste», risikerer ein ikkje berre å stå att med ein utvatna kristendom, men faktisk eit heilt anna livssyn. Omvending er ikkje eit utdatert konsept for fantastar frå farne tider, det er heilt sentralt i levande kristen tru. Evangelia viser at ropet «vend om!» dannar startpunktet for all kristen forkynning. Vanskeleg? Javisst. Men så vesentleg­ at vi ikkje har råd til å gløyma det i forbifarten.

Trykket i Vårt Land 13. juli 2018.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt