Verdidebatt

Ingenting lært og ingenting forstått av Listhaugs avgang

Under tittelen "Siste om Sylvi Listhaug" står fem innlegg, der iallfall fire av dei er kritiske til henne. Eg vel difor å poste som eige innlegg ein kommentar eg har skrive til eitt av dei, for å sjå om VL tillet motførestellingar å stå meir synleg på VD.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I sitt innlegg "Spektakulær avgang" skriv politisk redaktør i Vårt Land, Berit Aalborg, m.a. dette:

"Slik omtalte hun KrF som har bidratt til å felle henne, og som også nylig vippet flertallet mot stortingspresident Olemic Thommessen: «KrF er et parti totalt uten ryggrad».

Hun beskyldte dessuten Stortinget for å «opptre som en barnehage», og for å «kneble ytringsfriheten». Hun tok også svært alvorlige ord i sin munn: «Siste uka har man sett utrolig mye ondskap i Norge».

Listhaug mener hennes mye omtalte Facebook-innlegg ikke hadde noe med 22. juli å gjøre. Og at dette har blitt brukt til å bedrive en «heksejakt» mot henne.

Til tross for at hun fra Stortingets talerstol ba om unnskyldning for sine uttalelser om at «Ap er mer opptatt av terroristers rettssikkerhet, enn rikets sikkerhet», fremstår det ikke som om hun har noen erkjennelse av at hun likevel oppfattes på en måte som kan skape en ­aggressiv stemning enkelt miljøer.

Derimot mener hun at hun selv har vært utsatt for stempling: «Den siste uken har helt vanlige mennesker blitt stemplet og hengt ut på det groveste»."

Overskrifta gjeld Aalborg og ikkje Listhaug. For å ta siste del av sitatet først. Her snakkar Listhaug ikkje om seg sjølv, men om dei som sende henne blomar. Dei vart kalla rasistar en masse av m.a. Inga Marte Thorkildsen og faktisk også av Aalborg!

Når det gjeld KrF, så er iallfall leiaren, Knut Arild Hareide, i akkurat denne saka ikkje berre utan ryggrad, men ein hyklar. Han fordømer Listhaug på det sterkaste, men tek seg sjølv fridom til å gjere det på grunnlag av lygn, for han pukkar stadig på at "gullstol" og "godhetstyranni" inneber det motsette av det Listhaug legg til grunn.

Opposisjonspolitikarane i Stortinget har visseleg oppført seg som ungar. Å annonsere at dei vil røyste for å felle regjeringa på grunnlag av eit litt tvetydig innlegg på Facebook, som til overmål er sletta og bedt om orsaking for, set ny rekord i barnsleg åtferd blant toppolitikarane.

Vondsinna personangrep har det også vore mange av. Eller kva meiner Aalborg om dette som ein kar hadde skrive på Listhaugs FB-side: "På tide at en fremmedkriger setter en kule i panna på den onde, kristne fit.. der. Håper hun blir gjenvoldtatt så inn i h......"

Hadde FB-innlegget, som Espen Teigen skreiv og posta på hennar vegne, noko med 22.juli å gjere? Sjølvsagt ikkje. Kommunal- og forvaltningskomiteen kom med innstillinga si torsdag, 8. mars, og innlegget vart posta tidleg neste morgon. På bildet av IS-krigarane stod rett nok "Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn borgernes sikkerhet", som alle media har sitert.

Men rett over bildet står sjølve innlegget, som var ein kommentar til fleirtalsinnstillinga frå kvelden før: "Vi vil inndra pass og statsborgerskap til fremmedkrigere og terrorister raskt og effektivt! Det vil Arbeiderpartiet stemme ned. I kampen mot terrorister kan vi ikke sitte og toe hendene våre."  Ingen trong difor vere i tvil kva saka gjaldt, men denne overskrifta og presiseringa har ingen media nemnt, så langt eg kan sjå. Det som eg her har utheva, er heilt korrekt, men det er ikkje heile sanninga, for også andre enn Ap røysta mot avgjerd om dette i forvaltninga.

Det kan heller ikkje vere tvil om at Listhaug har vore utsett for ei heksejakt heilt sidan ho vart innvandringsminister. Kaj Skagen skreiv om nettopp dette i Dag og Tid for meir enn eit år sidan: https://www.dagogtid.no/trollkvinna-og-dei-gode-hjelparane/

Men om ikkje politiske kommentatorar forstår eit kvekk i sitt velisolerte ekkokammer, så gjer iallfall folket det. Denne veka har Frp dobla si oppslutning og RV, som fremja mistillitsforslaget, fått halvert si.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt