Verdidebatt

Idear og deira forførande makt

Byter ein bort historisk kunnskap og erfaring om menneske og samfunn med idealistiske og utopiske idear, vil det alltid ende i katastrofe.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg tenkte at eg måtte nå 200 innlegg på VD før eg gav meg. Her er ein komprimert versjon av ein kommentar eg nyst skreiv for document.no.

I eit intervju i NRK-programmet "Torp" 14. februar sa historieprofessor Terje Tvedt  at engasjementet hans i AKP på 1970-talet hadde lært han ei lekse om den enorme makta som idear kan ha. Det som for mange starta med eit ønske om å hjelpe fattige og vere solidariske med krigsoffer, enda med at dei dreiv propaganda for djupt totalitære rørsler. Denne erfaringa hadde gitt han innsikt i og teft for å avsløre dagens dogme, som han meiner finst både i norsk statspolitikk og i diskusjonen om menneskerettar og det fleirkulturelle samfunnet.

På halvannan generasjon har Noreg gått frå å vere ein nasjonalstat med små skilje til å verte ein fleiretnisk og fleirreligiøs stat, som dessutan slår fast at staten skal byggjast nettopp på eit slikt multikulturelt grunnlag. Så kan ein spørje om det politiske Noreg har forstått rekkjevidda av dette. Tvedt seier: "Svaret på det er så klart nei".

Det er sant, for vi har ikkje hatt nokon diskusjon eller utgreiing om konsekvensane av dette sosiale eksperimentet, som saknar sidestykke i historia vår. Ansvaret legg Tvedt på den meiningsberande eliten og deira debattform som reduserer diskusjonen om kompliserte og  reelle problem til enkle moralske val mellom det 'gode' eller det 'vonde', definert høvesvis som støtte til eller kritikk av denne utviklinga. Fakta og gode argument er eliten ikkje interessert i så lenge dei har makt til å definere kva og kven tommelen skal vendast opp eller ned for. Slik styrer dei langt på veg også opinionen.

Tvedt er ikkje den einaste historieprofessoren som har understreka ideologiars forførande kraft. I 2010 gav Øystein Sørensen ut ei bok om kommunismen, fascismen, nazismen og islamismen med den talande tittelen: "Drømmen om det fullkomne samfunn".  Dei tre første er i dag kasserte og blir no berre brukte som skremsel. Islamismen og multikulturalismen er derimot vår tids versjonar av denne draumen, som berre kan realiserast ved tvungen underkasting under islam eller ved å forkaste all kunnskap om den menneskelege natur og om kva samfunn som kan skapast på fredeleg vis og har vist seg å vere liv laga.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt