Verdidebatt

Betre med asyl- og sosialpolitikk etter mønster og målestokk frå u-land?

NRK-Dagsrevyen held behandling av flyktningar i Uganda fram som eit føredøme, og Vårt Land skriv at folk i Myanmar og Sierra Leone er dei mest sjenerøse og gåvmilde. Stemmer dette, eller er det berre endå eit eksempel på moralsk utpressing?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Innslag nummer 11 i Søndagsrevyen 12. november handla om flyktningar. Programleiar Yama Wolasmal introduserte reportasjen frå Uganda slik:

«Flyktninger har utløst voldsomme debatter her hjemme og i Europa etter at over én million mennesker søkte tilflukt her i 2015. Men visste du at 90% av de 65 millioner som er på flukt akkurat nå, tas imot av fattige u-land? Ta for eksempel Uganda. Landet har alene tatt imot 1,3 millioner flyktninger, ifølge FN, og det er mer enn hele Europa tok imot til sammen. I Uganda får flyktningene reise fritt, de får tillatelse til å jobbe, og de får sin egen jordflekk der de kan dyrke mat og bygge hus til seg selv. Blant dem er Graze Joice Adiyo, krigsflyktning fra Sør-Sudan.»

Afrika-korrespondent Sverre Tom Radøy tek så over og følgjer Adiyo og ein flokk andre på lastebilen til flyktningleiren Umogo, driven av World Vision i samarbeid med UNHCR (FNs Høgkommissær for flyktningar) og styresmaktene i Uganda.

Men etter kort tid blir Adiyo tildelt eit stykke jord i åsane ovanfor leiren, der ho sjølv får eller må dyrke mat til familien. Av mangel på pengar stoppa FN matvarehjelpa til fleire titusen i oktober. Adiyo får også litt reiskap og material og skal byggje sitt eige hus på eiga jord.

Tre ugandarar synest det er flott at nabofolk  som har lidd vondt under krigen, får slå seg ned, og ein statleg representant er stolt av måten landet behandlar flyktningane på. Men Uganda kan ikkje halde fram med å gje så god hjelp om ikkje landet får meir hjelp utanfrå, seier Høgkommissæren, ifølgje programleiar Wolasmal.

Påstandar om sjenerøse afrikanarar eller asiatar, i motsetning til gjerrige europearar eller nordmenn, møter vi ganske ofte i media.

«Land i dyp konflikt mest sjenerøse», forkynte avisa Vårt Land på sjølve valdagen. Dei viste til britisk-baserte Charities Aid Foundation sin World Giving Index, der Myanmar trona på toppen i 2017, som det landet der flest hjelper ein framand, gjev pengar til trengande og brukar av si tid til fellesskapet, etter det innbyggjarane sjølve har gitt opp i spørjeundersøkingar.

På dei neste plassane kjem Indonesia, Kenya, New Zealand og USA. Noreg er trass alt på ein respektabel 20. plass. Det finst også ei rangering etter kor ofte folk hjelper ein ukjend, og her kjem av alle Sierra Leone på topp! Som nummer to kjem Irak.

Dagen etter skreiv Vårt Land ein leiar med tittelen «Norsk sjenerøsitet faller». Frå året før hadde Noreg nemleg falle frå 15. til 20. plass på denne lista over dei mest gåvmilde nasjonane.

Rett nok tok redaksjonen visse atterhald og nemnde både vår solide velferdsstat og rause bistandspolitikk, men hadde «vanskelig for å se hvorfor menneskene i verdens lykkeligste og rikeste land ikke skal toppe denne kåringen». Når både Tyskland, Storbritannia og Australia går forbi oss, «handler det om innstilling, ikke bare om velstand».

Noko er sjølvsagt sant i desse innslaga og oppslaga. Det går føre seg ein grufull borgarkrig i landet Sør-Sudan, som m.a. Noreg og norske hjelpeorganisasjonar som Kirkens Nødhjelp og Norsk Folkehjelp, pluss eit par profilerte NRK-medarbeidarar, har hjelpt fram til å bli sjølvstendig.

Motsetningar fanst det likevel nok av mellom ulike stammer internt i det animistiske og delvis kristne sør, som mellom svarte og arabiske muslimar i vestlege delar (Darfur) av Sudan. Folk har også flykta frå borgarkrigen i Sudan tidlegare, kome attende og no flykta på nytt. Dét er ingen spøk, men blodig alvor og ein stor tragedie.

Men Uganda og Myanmar som kroneksempel på sjenerøsitet og velvilje overfor andre kan derimot synest som ein spøk, vurdert både historisk og etter samtidige hendingar.

Noko av det første Idi Amin gjorde som president, var å utvise sytti tusen innvandrarar frå det indiske subkontinent; ei populær avgjerd mellom ugandarar.

Etnisk uro og undertrykking har i endå større grad skjedd gjennom fleire tiår med militærstyre i Myanmar. Slik sett er dagens opprør og utdriving av over ein halv million rohingya-muslimar i tråd med tidlegare historie, berre i større skala.

Livstidsstraff  for «gjengangerhomofile» i Uganda og den sterke undertrykkinga av etniske og religiøse minoritetar i buddhistiske Burma/Myanmar, vitnar heller ikkje om overlag mykje velvilje overfor andre.

Ein kan også vurdere kven som faktisk hjelper i Uganda. World Vision, som driv flyktningleiren i Umogo, er ein evangelisk-kristen hjelpeorganisasjon med hovudkontor i California, og sannsynlegvis kjem det meste av innsamla midlar frå USA.

Det same kan seiast om hjelp gitt av UNHCR (FNs Høgkommissær for flyktningar), der USA er største bidragsytar, med Tyskland, Japan, Storbritannia, Sverige og Noreg på dei neste plassane.

Men per innbyggjar gjev nordmenn mest, 17 dollar per snute. Deretter kjem Luxembourg (15 dollar), Sverige (11), Danmark (10), Monaco 7, Sveits og Tyskland (4), Nederland, Finland, Irland, Island (alle med 3) og Austerrike, Belgia, Storbritannia, Canada og Kuwait med 2 dollar per innbyggjar. Bortsett frå Kuwait er dei europeiske eller vestlege land kvart einaste eitt.

Lista over land med dei mest gåvmilde innbyggjarane er basert på all slags gåver, også til eigne slektningar og ikkje minst til eigne landsmenn. Då vert det meiningslaust å samanlikne u-land med korrupsjon og enorme inntektsskilnader med vår velferdsstat, der offentlege utgifter i fjor nådde 50% av BNP .

I afrikanske land, der statsinntektene er små, stikk dei styrande likevel mykje i eiga lomme. Fattigfolk har difor berre gåver frå slektningar å lite på når eigne inntekter ikkje er nok til livsnødvendige ting. Hos oss omfordeler staten halvparten av den samla produksjonsverdien i landet, slik at ingen lid materiell naud.

Av UD sitt budsjett for 2018 går også 31 av 38 mrd til u-hjelp. Men dei innanlandske inntektsoverføringane er sjølvsagt langt større. Løyvingane til Folketrygda, dvs. til eldre, sjuke og uføre, er på heile 470 mrd. Helse- og sosialdepartementet har eit budsjett på 165 mrd.

Til m.a. drift av grunnskule og sjukeheimar får kommunane 166 mrd, og under Justisdepartementet er det sett av 3 mrd til Utlendingsdirektoratet og 17 mrd (sjå nedst på sida i denne lekkja) til busetjing og opplæring av flyktningar; alt ifølgje Statsbudsjettet 2018.

Med vår godt utbygde velferdsstat, som vi inntil vidare har, skil vi oss også ut frå ein del europeiske land, for ikkje å snakke om USA, der langt fleire er avhengige av private gåver, som ikkje strekkjer til i same grad.

Viss vi forsynte flyktningar med ei hakke, ein hammar, nokre spikrar og fjøler og gav dei lov til å byggje seg eit krypinn på statsallmenning og dyrke maten sin sjølv, hadde vi knapt fått eller fortent ros, same kor mange vi tok imot. Her til lands ville folk iallfall vinterstid fort ha frose eller svolte i hel under slike vilkår.

No trur eg sjølvsagt ikkje på solskinnshistoria frå Uganda. Sjølv der er det ikkje nok å strø nokre korn i jorda og vips så har ein familie på fem nok mat neste dag. Ein må både så, vatne, luke og vente før ein kan hauste, og avlinga kan gje både for lite og mangelfull kost.

Spinkle jordhytter kan også lett bryte saman under vêr og vind. Folk treng i det minste jamn forsyning av mat og vatn for å greie seg. Men likevel illustrerer samanlikninga kor mykje meir som blir kravd av ressursar for kvar person Noreg skal busetje, jamført med land midt i Afrika.

1,3 millionar flyktningar i Uganda svarar til 3,5 % av landets eigne innbyggjarar. Til samanlikning har Noreg ei innvandrarbefolkning på nær éin million, halvparten frå Asia og Afrika. Dette svarar høvesvis til 24 %  og 12 % av det norske folket.

Dessutan må vi rekne med at dei som får asyl i Noreg, mange av slektningane deira og alle etterkomarane blir her for evig og alltid, medan dei fleste flyktningar elles i verda før eller seinare reiser attende til heimlandet. Situasjonen kan rett og slett ikkje samanliknast.

NRK og Vårt Land sine påstandar i desse sakene held difor ikkje i møte med den enklaste faktasjekk. Kvar blir det av Faktisk.no? Kvifor vel media med vitande og vilje å servere oss svada i staden for å sanning? Svaret er nok at dei veit det har effekt, ikkje fordi folk er dumme, men fordi mange er godtruande og lett påverkelege emosjonelt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt