Verdidebatt

Statsstøtte berre for 'rette' meiningar?

I saker om asyl, innvandring og islam er den 'differensierte' pressa nokså samkøyrd. Betre blir det ikkje når dei vil kneble nettstader med andre synspunkt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Pressestøtte

Aviser og bøker har vore fritekne for moms heilt frå meirverdiavgifta vart innført i 1969. Dette tel mest for aviser med store opplag. Like lenge har ei rekkje aviser fått direkte pressestøtte til sjølve produksjonen. I starten gjaldt dette særleg Ap-aviser som sleit med økonomien som minste avis i mange byar. I dag er dei årlege tilskota heilt avgjerande for nisjeaviser som Vårt Land, Dagsavisen, Nationen, Dagen, Klassekampen og Dag og Tid, som ser ting særleg frå kristen, venstresidig, jordbruket eller nynorskfolk sin synsvinkel. Føremålet for statleg pressestøtte er fornuftig nok å sikre at befolkninga kan få informasjon om eit breitt spekter av saker og synspunkt i samfunnet. Berre då kan vi få eit opplyst folkestyre.

Liberalismens blinde punkt

Samanlikna med mange andre land har vi både ytrings- og pressefridom i Noreg. Men einkvar kultur har sine tabu og herskande ideologiar, som skaper skylappar og blinde punkt. Det gjeld også i eit liberalt og individualistisk samfunn som vårt. Nettopp på grunn av individualismen står vi i fare for ikkje å sjå skogen for berre tre. Ønska og behova til einskildindivid, sama kvar på kloden dei kjem frå, trumfar i offentleg debatt mest alltid omsynet til samfunnet. Dette ser vi ikkje minst i saker som gjeld asyl og innvandring. TV2 og NRK er minst like einsidige som avisene, men har i tillegg langt større gjennomslag. Dramatiske bilde skaper ofte kjensler som overstyrer fornuft og tanke for langsiktige konsekvensar. Godleikstyranniet rår. Mangel på stereoskopisk syn gjev mindre innsikt. Vi ser saka berre frå éi side og går dermed glipp av alt som ein berre kan sjå frå andre synsvinklar. Sjølv om fakta i lengda ikkje let seg skjule, sjølv ikkje i hovudstraumen av media, kan tolkingane der vere villeiande.

Nettstader og forfattarar som gjev eit korrektiv

Heldigvis har vi nettstader som rights.no, document.no og det nystarta resett.no som kan gje folk eit korrektiv. Ingen av desse tre får pressestøtte, men Human Rights Service, som står bak rights.no, har fått statleg støtte som eitt av fleire nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet. På IMDi si heimeside er ei oversikt over organisasjonane som får slik støtte. I 2017 har HRS fått 1,8 av dei totalt 24 millionane som går til føremålet.
I tillegg har nynorskavisa Dag og Tid plass til skribentar som Terje Tvedt, Kaj Skagen og Jon Hustad, som også gjev oss eit korrektiv til gjengse synsvinklar. Det finst også mange gode bøker om innvandringsrelaterte spørsmål, m.a. av Sigurd Skirbekk, Hallgrim Berg, Hege Storhaug og Asle Toje. Sidan innvandring er eit problem- og stridsområde i alle vestlege land, er det også rikeleg med internasjonale nettstader og litteratur å ause av.

Ønske om einsretting?

Så skulle ein tru at også den såkalla differensierte pressa sette pris på at folk får seg presentert eit meir nyansert bilde. Det er då nettopp dét media rosar seg av og ser som grunnlaget for at dei sjølve bør ha livets rett. Men i staden for å gje velfortent ros, krigar dei med alle middel for sitt revir og set stygge namn på personar og miljø som meiner også det norske folket bør få ha si eiga, vesle krå, til liks med dei fleste andre. Alternative media som målber noko slikt, ønskjer dei neglisjert eller nedlagt.

Aftenposten og Vårt Lands kritikk av HRS

Det var dette eg tenkte då eg såg at Vårt Land på leiarplass 10. oktober meinte regjeringa "bør vurdere å kutte støtten til Human Rights Service". Aftenposten var endå meir kategorisk 4. oktober, og forkynte seks dagar seinare at stortingsfleirtalet gjekk inn for det same. Grunngjevinga til avisene er at HRS bidreg til stigmatisering i staden for integrering; m.a. slik formulert av høvesvis Vårt Land og Aftenposten:

VL: "Det er en organisasjon som nå sist med sitt ønske om å dokumentere islams fremvekst i Norge, altså å ta bilde av antatte muslimer i Norge, er med på å stigmatisere muslimer og bidra til fremmedfrykt."

Aftenposten: "De siste årene har HRS uansett fremstått som en blogg med stadig mindre konstruktive og verdifulle bidrag til det offentlige ordskiftet om innvandring og integrering. Storhaugs gatefotografiprosjekt er bare det ferskeste eksempelet på det, og bør bli et punktum i historien om organisasjonens statsstøttede virksomhet."

Den kulturelle revolusjonen - islamifiseringa

Dropen som fekk begeret til å flyte over er tydelegvis artikkelen "Rights dokumenterer den kulturelle revolusjonen" av Hege Storhaug, illustrert med eit gatebilde frå Tøyen med fire kvinner på ein haldeplass. Tre av dei ber chador, og også den fjerde er godt tildekt. I tillegg er ansikta deira pikselert, så ingen let seg kjenne att. Slik sett er det ingen parallell til historia frå mars 2006, då Dagblad-magasinet "Memo" trykte artikkelen "Frykter sosial bombe - Innvandring er vår tids største utfordring", illustrert med framsidebilde av El Youssef, som demonstrerte mot Muhammed-karikaturane. Det kosta magasinet 550000 kroner, idømt av Høgsterett, og kanskje også sin vidare eksistens. Memo vart også dømt i tingretten, men frikjent i lagmannsretten, der det er fleire lekfolk blant dommarane. Det tyder på at den endelege dommen var i strid med allmenn rettskjensle.

No tek media eit langt steg vidare. Før gjaldt det muslimske bildeforbodet berre Muhammed og i islamske land, men no synest media å vilje knesetje dette som prinsipp også i Noreg og for bilde av einkvar 'muslim' som viser seg utandørs. Slik sett understrekar dei berre poenget til Storhaug, nemleg den kulturelle revolusjonen som går føre seg, dvs islamifiseringa av samfunnet. Prosessen blir promotert m.a. av NRK, og inneber også omgjering av kyrkjer og praktbygg til moskéar.

Aktivistar og etniske foreiningar eller reelle ressursmiljø?

Samanlikna med fleire av dei andre organisasjonane som får støtte som ressursmiljø på integreringsfeltet, forsvarar HRS sin plass med glans. NOAS (Norsk Organisasjon for Asylsøkjarar) arbeider stort sett for auka innvandring, det mest integreringshemmande tiltaket av alle. Antirasistisk Senter er i same kategori og skaper med sine stadige skuldingar om norsk 'rasisme' berre irritasjon og uvilje, også retta mot innvandrarar. Resten av 'ressurs'-miljøa er meir eller mindre etnisk eller religiøst eksklusive, til liks med mange andre innvandrarorganisasjonar som får støtte. Kor mange dette gjeld, veit eg ikkje, men nettopp Aftenposten skreiv i 2010 at frå 1987 til då var det utbetalt 220 millionar i 'integreringstiltak', stort sett til etniske grupper som heldt seg for seg sjølve, og lite tydde på at slik innretning fremja integreringa. Berre i Oslo var det dette året 500 søkjarar.

HRS sitt grunnlag for integreringsarbeid er derimot mykje breiare og meir allment. Frå 2003 til i dag har dei gitt ut nitten omfattande publikasjonar om integrering; fire av dei i 2014 og 2015. I tillegg kjem éin eller fleire artiklar kvar dag på heimesida. Hege Storhaug har åleine skrive heile sju bøker om temaet og er den suverent best orienterte personen i landet på dette saksområdet. Det blir halde mot HRS og spesielt henne at dei er islamkritiske, men kva anna kan ein vere når islam er største hinderet for all form for integrasjon?

Innhald i Vårt Land og på rights.no 10. oktober

Eg synest det har ei viss interesse å samanlikne anna innhald i Vårt Land for 10. oktober med det nettopp HRS tek opp denne dagen. Hovudoppslaget både på framsida og over tre sider inne i avisa er kritikk av 'jødiske bosettere', som om israelsk busetjing er hovudproblemet i dagens Midtausten. Kommentarane på side 2 og 3 handlar høvesvis om "Flukt i litteraturen", "Festung Norwegen" og "Ministeren med korspynten". Titlande talar for seg. På side 5 eit nytt spark: "HRS har seg selv å takke". Side 10 og 11 er vigd massemordet i Srebenica; som også eg synest er ufatteleg grufullt, men trass alt 22 år sidan. Millionar er drepne i Afrika i mellomtida og hundretusenvis i Midtausten, men konstellasjonen 'kristne', serbiske drapsmenn og muslimske offer er god å drøvtygge på for sjølvhatande europearar. På side 13: "Dette kan løfte bistand", og på side 15 endå ein artikkel om muslimar som offer: "Rohingyaer savnet etter båtforlis". Ingenting er sett i lys av behova til vårt land og vårt folk.

Same dag hadde nettopp Hege Storhaug tre artiklar på rights.no: "Ledende islamkritiker med alvorleg varsel", som handla om siste boka til Lars Hedegaard. Artikkelen "Det er forskrekkelig" var om bruk av våpen og skotsikre vestar i svenske gravferder. Og den tredje gjaldt ein tale med tema "Vil vi fortsatt ha et kristent Europa?", der president i Ungarn, Viktor Urban, svara slik på sitt eige spørsmål: "Det er opp til Europa å bestemme". Alle tre artiklane var såleis om saker som også Vårt Land burde og kunne ha skrive om, men som etter alt å døme er tabu for redaksjonen i avisa.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt