Verdidebatt

Om "ubehaget i magen"

Etter å ha engasjert meg i den offentlige debatten om eggdonasjon og surrogati, så har eg fått spørsmålet; kordan kan du som tidligare ufrivillig barnløs meine at dette ikkje bør tillatast i Norge? Dette er mitt svar på spørsmålet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

"Slektslause menneske" var overskrifta på ein artikkel i Sunnmørsposten 8.januar 1986. Forfattaren var Bjarne Rabben; ein kjent kulturperson på Sunnmøre.

Diskusjonen om assistert befruktning (då kalla kunstig befruktning) gjekk høgt i media i etterkant av at dei første prøverørsbarna var fødde i Norge.                                                               Rabben viste til den store interessa for slektstemner og slektsforskning og stilte spørsmål om det var ei motebølge og om det følgde status med å stå i ein slektstradisjon.

Han sjøl svara:" Eg trur heller det er søking etter identitet, ein vil vite kven ein er, kva biologisk samanheng ein høyrer til i. Det ligg i oss eller vaknar i oss etter kvart som livet går, at me vil vite kven me er av opphav og art og rang, kva ein no vil kalle det."

Rabben sitt hovudpoeng var, slik eg oppfatta han; at mennesket har rett til å vite om sitt biologiske opphav.                                                                                                                             Han advara mot det han kalla den "kunstige barneavl" som "trugar med å løyne opphav og identitet og setje inn i verda rotlause menneske". Han kalla det også " tukling med livsfrø", og han kunne ane uhyggelege konsekvensar ;" at menneske kjem til verda frå ukjend far og kanskje frå ukjend vikarmor, og så veks opp hos fosterforeldre. Han stilte spørsmålet ; Kven er det mennesket?"

Han avslutta artikkelen med å påpeike paradokset at "midt i aukande interesse for slektssamanheng og slektsrøter skjer samanbrotet av og interessa for ein teknikk som i sin ytste konsekvens avlar slektslause menneske!"

I artikkelen var Rabben open på at han sjøl hadde fosterforeldre og visste kva han snakka om.

Då Bjarne Rabben skreiv denne artikkelen så var eg aktiv i Foreningen for ufrivillig barnløse.           Då eg her eine dagen leita igjennom mitt rikhaldige utklippsarkiv om temaet assistert befruktning, så fann eg eit utkast som motsvar til Rabben sin artikkel som eg hadde skrive, men aldri sendt.     I dette utkastet så hevda eg at Rabben teikna eit urealistisk skremmebilde av framtida.                I dag må eg innrømme at den gode Rabben har fått rett i sine spådommar.                             Snakk om å møte seg sjøl i døra!

Eg har valt å starte dette innlegget med å sitere frå Bjarne Rabben sin artikkel om "Slektslause menneske" fordi den set søkelyset på det som er mi største bekymring i utviklinga av reproduksjonsteknologien og bruken av denne idag.

Innleiinga er også meint å illustere at eg har gått ein lang veg når det gjeld offentlig å stå fram med dei standpunkta som eg no har i den viktige pågåande debatten om eggdonasjon og surrogati.

Hege Anita Aarvold Flottorp kommenterte den 12.sept. mitt forrige innlegg Om at vi gløymer barnet sitt beste i debatten om eggdonasjon og surrogati. Ho reiser ei kjent problemstilling då ho stiller spørsmålet om ikkje dei som står midt oppi det, veit kva som er beste løysinga?                                                                                                                               Eg har også frå somme fått spørsmålet: Kordan kan du som sjøl har erfart å vere ufrivillig barnløs, meine at vi ikkje bør tillate eggdonasjon og surrogati i Norge?

Dette vil eg prøve å gi eit svar på; ikkje som eit forsvar eller ei unnskyldning, men som ei forklaring.

Prosessen fram mot å meine noko om desse spørsmåla i det offentlige rom, har for min del vore ein årelang prosess. Både utfrå lojalitet til dei ufrivillig barnløse har det vore vanskelig å stå fram med mine meiningar, og fordi eg har tvilt meg fram til å eksponere mi personlige historie.

Gjennom smertelig eigenerfaring har eg fått kjenne den store sorga det er å vere ufrivillig barnløs. Eg veit kva det inneber å gjennomgå infertilitetsutredning, kirurgiske inngrep og hormonbehandlingar for å få oppfylt det store barneønsket.                                                          Eg har også vore igjennom den årelange og krevande prosessen framimot å få adoptere eit barn frå utlandet. Alt dette strevet resulterte til sist i den veldige gleda over å få eitt eigenfødd barn gjennom prøverørsbehandling og eitt barn gjennom utanlandsadopsjon.

Gjennom 1980-talet så engasjerte eg meg aktivt i dei ufrivillig barnløse si sak. Seinare har eg - med ein stadig vondare magefølelse- frå sidelinja følgd debatten om utviklinga innan reprodusjonsteknologien. Det har vore ei merkbar dreiing frå å ha barnet og barnet sine behov i sentrum, til å fremme dei vaksne sine rettigheitskrav som likestilling og likebehandling. Parallelt med dette så har debattklimaet hardna til.                                                                                 Men lojaliteten min til dei ufrivillig barnløse har vore sterk, og takknemligheit over å ha fått hjelp gjennom assistert befruktning, gjorde at eg heldt tilbake sjøl om "ubehaget i magen" etter kvart tiltok. Det kjentes også som "å skulle drage stigen opp etter seg" dersom eg skulle stå fram og argumentere imot donasjon og surrogati.

Gjennom alle mine år i behandlingsarbeid med barn og unge, har eg møtt barn/unge i ulike omsorgsituasjonar og med all slags problematikk. Eg har arbeidd med voldsutsatte barn og barn som har opplevd seksuelle overgrep og andre traumer av mange slag. Som barnefaglig sakkyndig så har eg opplevd kor lojale og kor tapre mange barn/unge er, og i kor stor grad dei skjermer og tar omsyn til sine foreldre sjøl kor vond og vanskelig situasjon dei sjøle er i.                                   Dette arbeidet der eg har komme så tett på barnet og den unge sin smerte, har gjort at min lojalitet til dei gradvis har blitt dominerande. Til slutt så vart det for meg- av samvittigheitsgrunnar- viktig å fronte barneperspektivet i denne debatten som etterkvart har blitt stadig meir einspora og dominert av dei vaksne sine ønsker og interesser.

Det å stå fram å hevde "upopulære meiningar" i dagens debattklima, kan vere ei påkjenning.

Då diskusjonen gjekk høgt i forkant av at Bioteknologirådet la fram sin tilråding, så var mitt fokus ein heilt anna stad. Vi hadde over lengre tid levd med uro og bekymring for vårt yngste barn sin fysiske helse. Då jenta vår brått og uventa døydde sommaren 2015, så var min tanke at eg ialle fall no hadde ei forståelig unnskyldning for å la vere å engasjere meg i den offentlige debatten.

Men dette snudde fort; det som skjedde på det private planet gjorde det ekstra viktig for meg å stå fram og fortelle om at det å adoptere eit barn er ein fin og verdifull måte både å bli og å vere foreldre på.

Adopsjon er eit tema som klart viser skilnaden på barneperspektivet i forhold til vaksenperspektivet i debatten. Ved adopsjon så er der eit barn som treng foreldre, og utgangspunktet i adopsjonsprosessen er alltid barnet sine behov. Istaden for at det er foreldra som får betemme kva slags barn dei vil ha, så er det kva dette barnet treng, som er bestemmande for valget av foreldre. Nokre hevdar at ein kan sjå på eggdonasjon og surrogati som ein form for adopsjon. Mitt svar på dette er at eggdonasjon og surrogati (både i alltruistisk form og kommersielt) har utgangspunkt i dei vaksne sine ønsker og dei vaksne sine behov.                                                                                                                               Mange adoptivbarn har i visse faser av oppveksten fokus på sine biologiske foreldre; eller på sin fødemor som det kallast ved surrogati. Barnet kan ha tankar om kvifor ho valte å gi ifrå seg barnet. Om det til dømes var fordi ho var fattig eller sjuk. Barnet kan også lure på om ho angrer og tenker på barnet som ho ikkje kunne behalde.

Surrogatbarna (og også donorbarna) derimot må vekse opp med det utgangspunktet at deira genetiske mor aldri ønska å vere mor for dei, og at fødemora hadde planlagd å gi barnet ifrå seg allereie før egg- og sædcelle hadde smelta ihop.

Om det vil gjere nokon forskjell for barnet si oppleving om det er resultat av ein handelstransaksjon eller av ei alltruistisk handling, kan det reisast spørsmål om. I alle andre samahengar så forkastar samfunnet vårt tanken om å kjøpe eller selge mennesker. Vi forkaster også tanken på å gi mennesker bort som ei "gåve".

Andre viktige bidrag til at eg har valt å delta i den offentlige debatten er det eg oppfattar som unnfallenheit frå andre som eg meinar burde vere forplikta til å delta i diskusjonen om desse store og viktige spørsmåla og å tale barna sin sak; først og fremst gjeld dette Barneombudet. Ei av hovudoppgåvene for ombudet er vel å ivareta barnet sine interesser i forhold til Menneskerettigheitsspørsmål? Så langt eg veit er det ingen av donorbarna som enno har valt å prøve ei slik sak, men det kan bli interessant å sjå kva som vil skje i framtida når desse barna vert vaksne og får eigne barn.

Eg har forøvrig oppfatta det som uredelig at fleire har hevda på bakgrunn av ein enkelt spørreundersøking gjort av Helsedirektoratet, at fleirtalet av det norske folk er positive til eggdonasjon og surrogati. Dette skjer stadig vekk sjøl om fleire har stilt spørsmål både ved metodevalg, utforminga av svaralternativ og lav svarprosent. Når det gjeld forskninga på donorbarna og surrogatbarna som mange referer til, så blir det heller ikkje tatt forbehald om viktige begrensingar når det gjeld kva slutningar ein kan trekke av dei relativt få studia som hittil er gjort. Verken alderen på barna/dei unge er blitt problematisert og utfordringane knytta til lojalitet har heller ikkje, så langt som eg veit, blitt tatt omsyn til i tolkinga av resultata.

Når det gjeld kommentaren frå Aarvold Flottorp, så grip denne direkte inn i spørsmålet om reproduksjon og kva metodar vi gjer bruk av, skal overlatast til den enkelte sitt valg.

Gjennom eigne erfaringar og kontakt med mange ufrivillig barnløse så veit eg kor langt mange er villige til å gå. Reproduksjonsteknologien utviklar seg i enorm fart, og teknisk så er der nesten ingen grenser. Eivor Andersen Oftestad har skrive ei framifrå bok "Vi lager barn" som set desse spørsmåla inn i eit større perspektiv. Ho peikar på at alle dei private valga på dette området er med og formar oss som samfunn og har betyding for kva menneskesyn som vert rådande i tida framover.

Dette er dei store og alvorlige bakanforliggande spørsmåla som vi i høgste grad treng å uroe oss for. I den samanhengen har eg (i forståing med henne) lånt hennar uttrykk "ubehaget i magen" som illusterande for mi eiga oppleving og mi eiga historie.

Eg vil og seie meg samd i Andersen Oftestad sin påpeikning av at vi treng "en ny humanistisk feminisme som gjenoppretter forbindelsen mellom livserfaring og politiske argumenter."  Og at det haster å artikulere intuisjonen og magefølelsen vår.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt