Verdidebatt

Om barnet sitt beste

Når det gjeld debatten om eggdonasjon og surrogati, så er barna sine behov i altfor liten grad vektlagd. Sterke krefter sloss for dei vaksne sine rettar, og den offentlige debatten rundt temaet framstår som stadig meir einspora.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg har, etter lang betenkingstid, valt å engasjere meg i debatten om assistert befruktning og er særlig oppteken av spørsmålet om eggdonasjon og surrogati i samband med den foreståande evalueringa av Bioteknologilova.

I samband med at eg i april iår skreiv ein kronikk i Aftenposten om eggdonasjon, så fekk eg mange henvendingar på e-post, sms og på telefon. Eg fekk høyre mange historier om sorg og sakn i samband med å ikkje kjenne sitt biologiske opphav eller ikkje å ha fått vekse opp ilag med sine biologiske foreldre.

Hos meg ga dette gjenklang i alle dei triste historiene eg som klinisk psykolog har fått høyre i min praksis gjennom tre tiår.

MEN i den offentlige debatten var det påfallande taust etter at eg skreiv kronikken. Dette med unntak av nokre få modige (t.d Laila Riksaasen Dahl) som skreiv og fortalte om behovet for å kjenne sine slektsrøter.

Dette forholdet- skilnaden mellom den private og offentlige responsen - har fått meg til å fundere på kvifor så få deltar i den offentlige debatten om desse store og viktige verdispørsmåla.

Eg meinar at dette er spørsmål som vi ikkje må overlate berre til legevitenskapen eller til aktive og sterke pressgrupper å bestemme.

Kan mangelen på respons i den offentlige debatten ha noko med debattklimaet å gjere?

Etter å ha følgd debatten frå byrjinga av 1980 talet då eg sjøl var aktiv i Foreninga for ufrivillig barnløse (no kalla Ønskebarn), så har både argumenta, og debattklimaet, endra seg i stor grad. Den gongen var det allmenn einigheit om at det ikkje var ein menneskerett å få barn, og dei som stod i bresjen for den nye teknologien innan assistert befruktning forsikra i media om at det ikkje var snakk om risiko for ein skråplaneffekt-utvikling på dette området.

Idag er det mange som brukar likestillingsargumentet for å fremme sitt syn om å tillate eggdonasjon og surrogati, og diskusjonen har klare linker til dei homofile sin rettigheitskamp.

Eg opplever at dei som står for likestillingsstandpunkta får god dekking i media. Dei kan riskofritt stå fram med sitt syn og blir oppfatta som moderne og framskrittsvennlige.

Eg trur dette avspeglar utviklinga med stadig sterkare fokus på rettigheitstenkinga i samfunnet (dvs. rettigheiter for oss vaksne) og at debattklimaet har harda til.Slik eg oppfattar det så har klimaet blitt stadig meir prega av bruk av velkjente hersketeknikker. Uttrykk som umoderne, gamaldags, bakstreversk og homofob dukker ofte opp. Eg har til og med sett uttrykket befrukningsmoralister brukt om dei som er motstandarar av surrogati og eggdonasjon.

Debattklimaet bidrar trulig til at mange held seg unna å meine noko om desse spørsmåla i den offentlige diskusjonen. Det er ikkje særlig kjekt å bli karakterisert på ein slik negativ måte, sjøl om eg aldri har kjent meg igjen i slike karakteristikker.

Det er også i mediebildet skapt ei oppfatting av at fleirtalet av det norske folket er positive til eggdonasjon og surrogati. Påstandar om dette blir stadig framsett. Det som ikkje kjem fram, er at fleire, m.a. Morten Horn, har stilt spørsmål ved konklusjonane som er trekt frå den undersøkinga som hittil er gjort. Han har problematisert både metodebruken (spørreskjema med liten anledning til nyansering og eigne komentarar) og lav svarprosent.

Når slike påstandar vert fremma, så bidrar det trulig til at terskelen for å meine noko i det offentlige rommet, vert endå høgare.

Fleire har uttrykt at dei er redde for å såre andre som har det vanskelig og som så sårt ønsker seg barn. Det at det er eit så sterkt følelsesmessig trykk i desse temaene, bidrar trulig til at mange vegrar seg fordi dei er redde for at andre skal bli sinte på dei eller mislike dei om dei uttalar seg imot eggdonasjon eller surrogati.

Dette er forståelige reaksjonar, og dersom ein kjenner det slik, så er det lettast å ikkje ha nokon meining om temaet, og i alle fall ikkje uttrykke det offentlig.

Noko som eg er sikker på bidrar til skeivheita i debattsituasjonen, er at for oss vaksne så er det lettast å identifisere oss med dei vaksne sine ønsker og behov.

I min funksjon som barnefaglig sakkyndig både i barnevernssaker og i barnefordelingssaker har eg erfart dette gjentatte gongar.

Når eg på det private planet har invitert til diskusjon om eggdonasjon og surrogati, så har eg ofte blitt møtt med utsagn om at temaet er for komplisert og følelseslada, og at dei ikkje har sett seg skikkelig inn i det til å ha ei meining om dette.

Eg får også høyre historier om at mange kjenner nokon ufrivillig barnløse og har sett deira sorg og fortviling og kjenner stor sympati med dei.

Dei meinar at desse vil bli gode foreldre, og henviser gjerne samstundes til andre dei veit som (problemfritt) får barn, utan at dei er skikka til å ta hand om dei.

Eg høyrer også stadig presentert argumentet om at det viktigaste for eit barn er å vere ønska og elska.

Ingen er vel usamd i ein slik påstand?

MEN argumentet vert brukt som eit kronargument som trumfer alle andre viktige behov som barnet har. Min påstand er at argumentet først og fremst vert fremma utfrå dei vaksne sine ønsker og interesser.

Samstundes som nedtoninga av arv blir gjort i den offentlige debatten, frå fleire hald, så opplever vi også den motsette tendensen i dagens samfunn.Det vert eit stadig sterkare fokus på gener og slektskap; både i forhold til sjukdom og kartlegging av risikofaktorer.

Gjennom historier i media og i tv-program (f.eks. "Hvem tror du at du er?" ) vert vi stadig presenterte for kjente personer som står fram og fortel med stoltheit om sine slektsrøter.

Her lokalt minnast eg tidlegare direktør for Bioteknologirådet, Sissel Rogne, som i Sunnmørsposten med stoltheit fortalte om den arbeidssame slekta si og den sterke tilknyttinga som ho kjente til slekta på Rogne.

Eit anna eksempel som eg hugsar er forfattaren G. Sibeko som tidlegare har stått fram som lesbisk og har hevda at barn ikkje har behov for ein far. Den same Sibeko har i andre samanhengar snakka varmt om faren sin og den stoltheita som ho kjenner over å vere datra hans.

Å hevde at behovet for å kjenne sine slektsrøter, er eit kunstig behov skapt av underhaldningsindustrien- slik som Trine Eilertsen i Aftenposten har gjort- det meinar eg fell på si eiga urimeligheit.

Interessa for slekt og slektsrøter har med dei store spørsmåla om identitet og tilhørigheit å gjere.

I våre tidlegaste leveår blir vi emosjonelt knytta til våre næraste omsorgspersonar, uavhengig av kven det måtte vere. Dette veit vi mykje om idag og det vert brukt som tilleggsargument til påstanden om at det viktigaste for barnet er å vere ønska og elska.

MEN det ein då velger å sjå bort ifrå, det er den viktige prosessen som skjer seinare i livet og som handlar om identitet og tilhørigheit. Når det gjeld desse viktige og sentrale spørsmåla, så har vi idag ikkje så mykje forskningsdata å vise til i forhold til donorbarna og deira ønsker og behov..

Min erfaring frå arbeidet mitt med barn og unge er at dei er, nesten utan unntak, ekstremt lojale mot sine foreldre/omsorgspersonar. Og ved det sparsame forskingsmaterialet som føreligg om donorbarna sin situasjon idag, så er det påkrevd å ta lojalitetsproblematikken med i tolkinga av desse data.

Mange har prøvd å få donorbarna i tale, for å høyre om deira opplevingar og deira meiningar, men det har ikkje lykkast i særlig grad.

Ei utfordring er at surrogatbarna enno er så unge at dei ikkje har kome i ein meir uavhengig posisjon til sine foreldre, og dei er heller ikke komne i ein alder der dei har fått eigne barn.

Interessen for røter og slektskap vert i særlig grad vekt i samband med det å sjøle bli foreldre.

Men der er nokre eksempel;

Røe Isaksen intervjua surrogatbarnet Zachary i programmet om Surrogati i NRK dokumentaren "På bortebane". Han uttalte seg positivt om å vere surrogatbarn, men var relativt fåmælt. Det vil eg hevde at var å forvente utfrå dei negative haldningane som faren hans ga uttrykk for i dette programmet.

Eit anna og nyare eksempel var oppslaget i VG Helg om Barn av regnbuen (13.august iår) der ein 4 åring var brukt som representant for donorbarna og der Sofie Frøysaa og broren stod fram som eksempel på barn som hadde vakse opp med to lesbiske mødre. Etter det eg finn å lese i eit innlegg frå Ø.Benestad i Aftenposten (22.7.2016) , så er dette ikkje eit korrekt bilde av Sofie F. sin bakgrunn og oppvekst.

Viss sistnemde påstand stemmer, så kan dette innslaget meir tolkast som uttrykk for ein sterk lojalitet til ein forelder?

Eivor Andersen Oftestad har nyleg kome ut med ei spanande bok "Vi lager barn. Reproduksjon gjennom 500 år." Ho hevdar m.a at ny teknologi vil gi oss eit nytt syn på mennesket.

For meg handlar debatten om vi skal tillate eggdonasjon (og i neste omgang surrogati) i Norge, om så store og viktige spørsmål som synet på mennesket og i særlig grad synet på barnet og på barnet sine rettar.

Denne debatten er det viktig at flest mogleg engasjerer seg i.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt