Verdidebatt

Spørsmål til Knut Arild Hareide etter deltaking i Prideparaden

Etter innslaget i nyheitene om Hareide sin deltaking i Prideparaden lurer eg på kva han meinar om barnet sin rettar sett i samanheng med dei lesbiske, homofile og transkjønna sin rettigheitskamp.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kjære Knut Arild Hareide

For ei tid tilbake såg eg innslaget i nyheitene frå sommarstemnet i Sarons Dal der du som partileiar for KrF måtte svare på spørsmål om din deltaking i Prideparaden. Eg opplevde at du svara godt for deg og at du framstod som oppriktig og ærlig. Eg forstod deg slik at din deltaking i paraden var meint som ei solidaritetshandling med dei lesbiske, homofile og transkjønna etter terrorhandlinga i Orlando. Eg meinar at du som leiar av KrF var modig som deltok i paraden fordi du gjorde det for å markere avstand til den urett og diskriminering som LHBT gruppa har måtte tåle i alle år.

Eg sit likevel igjen med eit stort MEN.

Eg såg berre utdraget frå debatten og oppfatta utfrå dette at spørsmålet om KrF sitt syn på ekteskapet og på partiet sin familiepolitikk var nemnt. Det store, viktige og alvorlige spørsmålet om barnet sine rettar, var det ikkje fokus på.

Spørsmålet er brennaktuelt i samband med evalueringa av Bioteknologilova då spørsmålet om vi i Norge skal opne for eggdonasjon, vil bli avgjort. (Noko som igjen vil bryte barrieren mot surrogati.)

Spørsmålet om eggdonasjon (og surrogati) har klare forgreiningar til LHBT gruppa sin rettigheitskamp.Slik eg ser det må barnet sine rettar (Jmfr. FN sin barnekonvensjon) gå framom alle vaksne sine rettar, uavhengig av seksuell legning eller orientering.

Eg vonar at du Knut Arild Hareide som leiar av KrF vil seie deg samd i dette synet?

Beste helsing frå

Marit Johanne Bruset

tidligere ufrivillig barnløs, psykologspesialist og barnefaglig sakkyndig

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt