Verdidebatt

Det er borna som vert taparane.

Det er eit risikofylt eksperiment å institusjonalisere ein heil generasjon frå dei er eitt år gamle. Dette smakar av sosialisme. Det var slik dei gjorde det i gamle Sovjetunionen der staten skulle ta hand om alle borgarane frå vogge til grav.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Partiet Dei Kristne ( PDK) seier i handlingsprogrammet sitt at vi har det grunnleggjande syn at små born treng å vere mest mogleg saman med foreldra sine når dei er små. Vi meiner det er uheldig at barnehage for eittåringar i dag har blitt norma snarare enn unntaket. Her i Møre og Romsdal har vi gjort dette til ei lokal kampsak. I alle dei 11 kommunane der vi stiller liste, er denne saka med.

Det at mange av småborna må tidleg opp om morgonen og saman med foreldre rekkje morgonstell og transport til arbeid og barnehage, har blitt ei tidsklemme som skapar stress. I dei større byane kan også trafikale forhold både til og frå heimen skape problem. Forsking har også vist at dei minste som er i barnehagen, har dobbelt så høge verdiar av stresshormonet kortisol, samanlikna med dei som er heime. Det er slett ikkje sikkert at vår måte å gjere det på er den beste. I Finland er det langt færre av dei minste som går i barnehagen, og borna der borte gjer det også langt betre på skulen enn her hos oss. Kan det vere ein samanheng her?

Vi i PDK meiner vi må ha ei ordning der vi legg til rette for at foreldre som vil det, kan vere heime med borna medan dei er små, i alle høve til dei er tre år. Dette kan vi få til ved å innføre lokal kontantstøtte. Ein del kommunar har dette allereie. Skal det bli reell valfridom, er det viktig at beløpet vert så pass stort at familieøkonomien ikkje vert sett under for stort press. Uansett vil kommunen kunne spare ein god del pengar på ei slik ordning, for ein barnehageplass for eitt- og toåringar kostar om lag 160 000 kr per år. Det er altså svært kostbart for kommunen. Vi trur at både foreldre og born, familie og samfunn, vil tene på dette.

Mange foreldre vil framleis velje å sende dei minste i barnehagen, og vi er opptatt av god kvalitet også der. Eitt-og toåringar er særleg sårbare. I den alderen blir tilknytningsevnen utvikla. I eit intervju i Romsdals Budstikke nyleg peika psykologen difor på kor viktig det er med maksimum 3 eittåringar pr. vaksen i barnehagen. Vi vil arbeide for ein barnehage driven på barnet sine premissar.

Vi vil konkludere med at vi meiner at det er eit risikofylt eksperiment å institusjonalisere ein heil generasjon frå dei er eitt år gamle. Dette smakar av sosialisme. Det var slik dei gjorde det i gamle Sovjetunionen der staten skulle ta hand om alle borgarane frå vogge til grav.

Øyvind Årdal         
1.kandidat til fylkestinget
PDK Møre og Romsdal.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt