Verdidebatt

To syn?

Tunsberg biskop Per Arne Dahl ynskjer ikkje å vie samkjønna par, men «ønsker å bidra til en verdig og forutsigbar forbønnshandling» med referanse til kyrkjemøtets ‘to ulike syn.’ Men kva betyr eigentleg dette, og på kva måte kan dette ordnast?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Tønsbergs Blad melder at Tunsberg biskop Per Arne Dahl no har 'avklart' sitt syn på vigsel av homofile. Vel, noko 'avklaring' var det vel ikkje. Det er jo det same synet han målbar fram mot bispenominasjonen i Tunsberg. Han vil ikkje vie homofile par, men «ønsker å bidra til en verdig og forutsigbar forbønnshandling, for likekjønnede som er borgerlig viet etter norsk lov og som ønsker å bli bedt for i kirken.» Det er nokre heilt tydlege problem med eit slikt syn. For kva er den essensielle forskjellen? Kva er det ein ber om forbøn for? Men det eg no vil ta tak i, er retorikken om 'to ulike syn.'

Biskop Dahl bruker nemleg dette i innlegget sitt:

«For meg er også tidligere vedtak på Kirkemøtet avgjørende: For det første, at vi må respektere at vi i kirken har to syn i dette spørsmålet. For det andre, at dette spørsmålet ikke skal være kirkesplittende.»

Eit spørsmål teiknar seg tydleg: Kva betyr det at vi har «to syn i dette spørsmålet»? Dette spørsmålet tek også Marta Bjørnøy Lalim, kandidat på Åpen Folkekirke si liste i Tunsberg Bispedømme, opp i eit innlegg Drammens Tidende. Ho vil at biskopen skal 'skjerpe seg,' og kjem med ein kommentar: «Du skriver at vi må respektere at kirken har to syn i dette spørsmålet. Fint. Er det ikke da naturlig at du også går inn for liturgi forlikekjønnet vigsel? Hvis kirken skal kunne leve med to syn må dette også vise seg i praksis.» Dette er også det synet som vart målbore på Verdidebatt i februar i fjor, av ei rekke MF-studentar, inkludert søstera til Marta Bjørnøy Lalim, Ingvild Bjørnøy Lalim: «Kirkemøtets medlemmer må ta innover seg at når man har to syn må dette speiles i kirkens praksis

Og her kjem problemet fram. Som underskrivar av Carissimi-dokumentet, og som medlem i Johanneskretsen,* er eg samd i at viss vi vil ha to ulike syn, så må dette uttrykkast i praksis.

Det er ganske uinteressant kva ein prest eller biskop har av personlege meiningar. Dei er uansett ikkje der for å fremje sine personlege meiningar (jf. ordinasjonsløftet). Men dersom vi med ‘syn’ meiner

Det er eit sentralt poeng at det er ganske uinteressant kva ein prest eller biskop har av personlege meiningar. Dei er uansett ikkje der for å fremje sine personlege meiningar (jf. ordinasjonsløftet). Det vi må meine med 'ulike syn' må altså vere noko meir enn ulike meiningar. Det må vere at to ulike syn skal vere offisielle standpunkt i Den norske kyrkja; i lære (som i praksis skjedde etter Lærenemnda si utsegn i 2006), ordningar (som i praksis skjedde etter sak 7 på kyrkjemøtet i 2007)** og liturgi (som mange no jobbar for).

Det er nokre tydlege problem her, og for å setje lys på dei vil eg nytta høvet til å peike på det som heile tida har vore Carissimi sitt poeng:

Eg er heilt og fullt samd i premissen som er nemnt oppfor, at viss vi verkeleg vil ha to syn (dvs. to offisielle og kyrkjerettsleg legitime standpunkt) i ei sak, så dette uttrykkast i praksis. Men det skjer ikkje berre ved innføring av ny ny liturgi. For innføring av ny liturgi er ikkje eit uttrykk for to ulike syn, men eit uttrykk for at det tradisjonelle synet (det eine av dei to) vert forkasta til fordel for det nye. Dette vil ikkje endre 'problemet.' For viss vi verkeleg vil ha to syn må dette speglast fleire stader enn i liturgien.

For at denne premissen skal takast på alvor må ein også innføre alternative og parallelle tilsynsstrukturar, slik Carissimi heile tida har sagt, gjennom utropet "For enhetens skyld" og basisdokumentet "Carissimi" (som begge vart offentleggjort 19. september 2007, nesten to månadar før kyrkjemøtet). Dersom ein skal kunna spegle begge syn innanfor Den norske kyrkja må dette gjennomførast på alle plan – ikkje berre liturgisk, men også i tilsynsordninga, slik ein gjorde i Church of England på 90-talet med såkalla 'flying bishops.' Fyrst kan vi ærleg snakka om to like syn. Men då har vi også i praksis to kyrkjer. For vi kan ikkje ha ei kyrkje som har to motstridande lærestandpunkt. Vi kan ikkje ærklere demokratisk at eit syn ikkje er kyrkjesplittande. Dette er kyrkjesplittande. Om det ikkje er det på papiret er det det i praksis.

Det beste hadde vore om alle slutta med retorikken omkring 'to ulike syn.' For det folk vil er jo ikkje å ha to offisielle og kyrkjerettsleg legitime standpunkt, men at det eine standpunktet skal gjelde framfor det andre.

* Vi jobbar med nye nettsider.

** Av ein eller annan uforståeleg grunn har dei nettansvarlege i Den norske kyrkja gjort det slik at dei gamle lenkene, og mykje av innhaldet, ikkje lenger er tilgjengelege. Om dei skulle komme tilbake, er dette lenka til Lærenemnda si utsegn i 2006 og dette lenka til sak 7 på kyrkjemøtet i 2007.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt