Verdidebatt

Kvifor er ikkje analfabetar ateistar?

Dei fleste av oss har vel fått med seg at amerikanske presidentar alltid avslutter sine talar og pressekonferansar med "God bless America". Men er det noko som tyder på at sterk gudstru fremjer eit samfunn?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Menneskleg utviklingsrapport (2004) utarbeidd av FNs Utviklingsprogram har rangert 177 nasjonar med omsyn til korleis landet ligg an med omsyn til forventa levealder, analfabetisme, gjennomsnittsinntekt, utdanning  med meir. For ein 99,9% erklært ateist er her mykje oppløftande fakta å finne.  Dei 5 nasjonane som skorar høgast: Norge, Sverige, Australia, Canada og Nederland ligg også i toppsjiktet med omsyn til den prosentvise del ateistar utgjer av samla befolkning. Av topp 25 på lista er det berre Irland som ein ikkje ikkje finn på topp 25 med omsyn til ateistar sin andel av samfunnet.  Mykje tyder på at dess meir utvikla og opplyste ei befolkning er, dess svakare står gudstrua.  Dette vert understreka av at dei 35 landa som har høgste prosent av analfabetar på ungdomstrinnet, dei  er land der religion og tura på høgare makter står svært sterkt. Snittinntekt vert også negativt påverka av sterk gudstru. Det pussige er at også sjølvmordsraten synes omvendt proporsjonal med andelen ateistar utgjer i samfunnet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt