Verdidebatt

Bandera og dagens Ukraina

Eg vågar påstanden at Bandera er mykje nærare kjernen i Ukraina-konflikten enn det mange i Vesten likar å gå ved. Utan at Vesten konfronterer den nasjonalistiske sida på dette. Heller ikkje Øyvind Strømmen har skjøna kor sentral Bandera er.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Øyvind Strømmen, nyhenderedaktør i «Hate Speech International», hadde 5. mars innlegget «Drømmen om Eurasia» i VG. Temaet i artikkelen er Aleksander Dugin, ein mann som representerer «ny-Eurasianisme» — ein slags motivasjonsidelogi for å støtta noko (nemleg Den russiske føderasjonen) som tilhengjarane vonar skal munna ut i noko anna (nemleg ein ny og større russisk føderasjon av meir eller mindre kommunist-fascistisk merke).

Etter mitt syn er Dugin si innflyting over den russiske opinionen overvurdert. Men Strømmen skriv eigenleg ikkje so mykje om Dugin. Den rolla Dugin spelar i Strømmens tekst er fyrst og fremst som diskreditør av Russlands posisjon andsynes «juntaen i Kiev»: Russland har her, i fylgje Strømen, mykje det same synet som Dugin, noko som viser — vil vel Strømmen seia — kor stor påverkand Dugin har.

Og der er me ved temaet for dette innlegget, nemleg kva Strømmen seier om «de nye regjeringsmedlemmene i Ukraina». Eg siterer:

  • Noen av de nye regjeringsmedlemmene i Ukraina kommer fra partiet Svoboda - som også spilte en ikke uvesentlig rolle i det ukrainske folkeopprøret mot Viktor Janukovitsj. Det er et parti som faktisk er tilhengere av Stepan Bandera, og som har røtter i ren nynazisme, røtter man ikke trenger å grave særlig dypt for å finne. Det er parti som inntil nylig - til liks med Dugin - også hadde et godt forhold til nettopp ungarske Jobbik.

Til dette er det berre å seia at hate speech-eksperten tek heilt feil: Fagninga av Stepan Bandera kan på ingen måte isolerast til partiet Svoboda eller Høgresektoren.

Kor sentral Bandera-ismen er i Ukraina-konflikten kan ein få ein glimt av ved å sjå på koss dei ulike delene av lander ser på fenomenet. I fylgje undersøkjingar Wikipedia viser til, er over 60% av av innbyggjarane i Galitsia (det gresk-katolske, vestlegaste Ukraina) svært positive eller stort sett positive til Bandera. I Sentral-Ukraina, irekna Kiev, utgjer dei same gruppene kring 13%. Medan det i Aust- og Sør-Ukraina berre er 1 – ein – prosent som er svært eller for det meste positive til Bandera.

Ein annan måte å forstå kor godteken Bandera-ismen er for dei nye Kiev-maktene er det faktum at vinnaren av «Oransjerevolusjonen», president Viktor Jusjenko, den 22. januar 2010 tildelte Bandera ordenen «Helt av Ukraina». Utnemninga vart kritisert av Europarådet. Og den nye presidenten, Janukovitj, lova å raskt få oppheva utmerkinga. Offisiellt vart heltestatusen teken bort i januar 2011. Dette var vanskeleg for mange å svelja fordi, som «Kyiv post» skreiv, Bandera for mange har «nær helgenstatus».

Jusjenko si blokk i parlamentet, Vårt Ukraina-Sjølvforsvars-blokka, gjekk heilt av skaftet for dette og omtala det som ein freistnad på å omskriva historia. Partifolka sette òg spørjeteikn ved den rettsavgjerda som danna grunnlag for å fjerna heltestatusen: «I don't know anymore if the country's legal system is Ukrainian».

Og rettsavgjerda må seiast ha vore ei heller salomonisk løysing på problemet ettersom Bandera vart frådømd statusen på reint formelle grunnar: han var ikkje ukrainsk statsborgar.

Likevel er reaksjonen mot det ukrainske rettssystemet svært interessant med tanke på det som skjedde våren 2014, før Janukovitsj gjekk av: Då sette Høgresektoren i gang eit reint pøbelvelde mot domstolane og andre i maktposisjon. Jamvel om det var ekstremistane som slo, trur eg mange å den meir høviske nasjonalistsida såg på rettstellet som illegitimt – «uukrainsk» – noko som i sin tur legitimerte framferda til ekstremistane.

Eg veit likevel ikkje om det er sant når same artikkelen hevdar at Ukraina-katolikkane har starta ein prosess får å få saligkåra Bandera. Men at ukrainsk-katolske prestar gjerne pyntar i heimen med portrett av Bandera, det bør ein kunna seia er dokumentert.

So dersom ein ynskjer å finna hylling av Bandera, er Ukraina framleis rette plassen å dra. Landet hyser fleire minnesmerke over honom. Og ikkje berre stytter og merkesteinar — russisk Wikipedia listar opp ikkje mindre enn 4 museum i Ukraina pluss eitt i London. Gater, mellom anna i Lvov, er òg oppkalla etter Bandera. Og Lvov fylkeskommune vedtok i mars 2012 å oppretta «Banderaprisen», som er ein (hald dykk fast) «nasjonsbyggjingspris»!

Hyllinga er absolutt sterkast i dei vestlegaste fylka i Ukraina — det vil seia vest for Kiev. Likevel, i 2008 i TV-prosjektet «Store Ukrainarar», fekk Bandera ikkje mindre enn 16,12% av telefonrøystene.

Kva so med den nye regjeringa? Har denne synt Bandera-revisjonistiske tendensar?

Russisk Wikipedia (som byggjer på ITAR-TASS) fortel at Ukrainas faste representant i SN, ambassadør Jurij Sergeev, måndag 3. mars påstod at den sovjet-russiske sida, under Nürnberg-prosessane, kom med falske fakta om Bandera-folka. Sergeev har vore SN-ambassadør sidan 2007 – under skiftande regjeringar – og tykkjest soleis å vera ein sers lydhøyr ambasssadør – alltid i stand til å framføra den sitjande regjeringa sitt syn på sakene. Eg går difor utifrå at han her framførde den nye regjeringa sitt syn.

Alt i alt synest eg difor det er liten grunn til å festa lit til Strømmen si forsikring om at det einast er ein liten og uviktig del av dei nye Kiev-maktene — partiet Svoboda — som hyser godhug for Bandera.

Strømmen treng i det heile ikkje å avgrensa seg korkje til ukrainske eller vestlege høgreekstremistar for å finna folk som sympatiserer med Bandera. Eg vil råda honom til å utvida horisonten. Jamvel om det ikkje finst nokon nåde for våre eigne Quislingar — for ikkje å snakka om våre norske, kommunistiske «menn i mørket» — vil eg hevda at norske militære, diplomatar og politikarar har ein hang til å sjå litt mellom fingrande på det når dei støyter på aust-europearar som hyllar figurar av Bandera-typen: kommunistmotstandarar med nærleik (eller «proximity» som engelsk Wikipedia seier om Dugin) til fascismen.

Frigjeringsdag eller Banderadag?

I russiske media/bloggar vart det, før 9. mai, meldt at feringa av Frigjeringsdagen 2014 offisielt vart avlyst i Kiev. I tillegg vart det sagt at ein i det vestlegaste Ukraina i staden skulle hylla Bandera. Den USA-sponsa «Radio Svoboda» presenterte desse rykta som ei avisand og lo av alt saman. Og rett nok: Jamvel om feiringa i Kiev vart i kraftig nedtona, skal den offisielle grunngjevinga ha vore redsle for sokalla «prorussiske» provokasjonar (og ikkje avlysing av dagen). Og det er ikkje umogeleg at dette var grunnen til at feiringa vart nedtona.

Men ein annan grunn som er mogeleg er at mange oppfattar det slik, etter kvart, at Russland/Putin har fått eit slags eigarskap til dagen slik at det å feira dagen er å feira Russland. Elles kan ein og ha vore redde for reaksjonar etter 1. mai-feiringa i Odessa, og nedbrenninga av fagforeiningsbygget der.

Og nett difor – slik stemninga er i Russland og i Aust-Ukraina – er det etter mitt syn neppe noko som kunne hatt ei meir neddempande effekt på konfliktnivået, eller som hadde hatt ein større «in your face»-effekt på Putin – enn ei storslegen Frigjeringsfeiring i Kiev.

Men spørsmålet er om det hadde lege til rette for ei slik feiering. For som radio Svoboda i ovannemnde artikkel innrømer, har den fungerande presidenten tidlegare ytra ynskje om å snu dagen frå sigersdag til minnedag. Og KyivPost — ofte sitert på Twitter i desse dagar – rådde i si tid Janukovitsj til, i staden for å strippa Bandera for heltestatus, å poengtera at Frigjeringsdagen, 9. mai, ikkje berre var ein siger over tyskarane men òg ei konsolidering av Sovjetmakta.

Slike ting gjer det lett å tru at det òg låg politiske motiv til botnar for nedtona Frigjeringsdagen dette året.

Bandera og protestane mot Janukovitsj

So kvifor braut protestane mot Janukovitsj ut rundt årsskiftet? Til Dagsnytt 18 og andre aktualitetsprogram på NRK, vart i vinter ei ung ukrainsk dame frå Den ukrainske foreininga i Noreg ofte invitert. På spørsmål om det at Janukovitj eventuelt skreiv unnder på ei avtale med EU ville vera nok til å få slutt på protestane, svara ho at nei, han måtte – same kva – gå.

Kvifor måtte Janukovitsj gå same kva? Dette var trass alt ting ho sa før den store drapsdagen på Maidan.

NRK skulle spurd henne om korleis ho såg på Bandera. Det som er heilt klårt er at Janukovitsj provoserte mange med å fjerna heltestatusen hans. Og kven veit? Kanskje var det også difor Jusjenko gav Bandea offisiell heltestatus, fordi han forstod at Janukovitsj ikkje kunne godta dette. Og at Jusjenko vidare såg føre seg at so snart Janukovitsj rørde ved heltestatusen, kunne den oppøste stemninga rundt dette nyttast til å samla motstand mot Janukovitsj.

Dette er er iallfall, etter mitt syn, ein minst like truverd teori som dei mange teoriane om korleis Putin har lege bak og styrd alt saman.

Eg vågar difor den påstanden at Bandera er mykje nærare kjernen i Ukraina-konflikten enn det mange i Vesten likar å gå ved. Utan at Vesten konfronterer den nasjonalistiske sida på dette. Heller ikkje Strømmen konfronterer seg sjølv eller lesarane sine når han framstiller «Bandera-ismen» som ei marginal sak på den mest yttarlegåande høgresida i ukrainsk politikk.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt