Verdidebatt

Reservasjonsretten

Det er veldig trist at me i eit ope og raust samfunn, som me likar å sei at me har, ikkje kan ha rom for legar som vil reservere seg mot å henvise til abort.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dette går på demokratiet laust!

Når det i det store og heile kokar ned til enkeltsaker – ja, saker som er politisk ukorrekte, viser det seg at me er kanskje ikkje så rause likevel.

Legar som ønskjer å reservere seg mot å henvise til abort, står i fare for å stå miste jobb. Lite raust! Etter mitt syn så heng reservasjonsretten og abort sammen. Fordi det eine fører til det andre – og kan også føre til å hindre abortinngrep.

Å presse legar til å henvise til abort mot sin eigen samvittighet, og overbevisning, er rett og slett grusomt. Det er direkte vondt for dei som må gjennom slikt! Legane er utdanna til å lege sjukdommar og å berge liv. Korleis kan ein då forlanga at legar skal henvise til drap? For det er jo det det i realiteten er! Stikk i strid med det dei er utdanna til, og stikk i strid med samvittigheten til mange av legane.

For eksempel så er militærnekt av samvittighetsgrunner tillatt. Fordi ein kan ikkje vera med på å ta liv. Det er jo dette det er snakk om ved reservasjonsretten og; å reservera seg fra å hensvise til å ta liv. Det er eit liv ein frarøver eit menneske enten det er voksne i krig, barn, ungdommar som blir skutt i krig, eller eit foster som blir drept i mors liv.

Reservasjonsretten får også konsekvensar for samfunnet. Fordi det fører til drap i mors liv, som burde vera den tryggaste plassen. Velger ein å ikkje reservera seg, fører det til henvisning til abort. Det har allerede fått konsekvensar for samfunnet, og større blir dei.

Eg ser allerede konsekvensane dette gir oss. Eg er glad for at eg er medlem i eit parti, De Kristne, som vil arbeida utrettelig for at livet skal vernes frå unnfangelse til naturlig død.

Legar som ønsker å reservere seg og bruke reservasjonsretten, må selvfølgelig få gjera det!

Dette burde vera mulig i eit raust og godt land som Norge er!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt