Verdidebatt

Helvete på veg til Helvete

Kristendommen er tufta på gudsfrykt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ei gudfryktig befolkning og eit gudfryktig menneskje er honnørord. Gudsfrykt er tufta på skuldkjensle. Skal skuldkjensel og frykt bite seg fast i sinnet, må indoktrineringa starte så tideleg som råd er. Når avkomet vert søkklasta med dårleg samvit overfor hemngjerrige gudar som Jahve og Jesus, då ber dei skadar og arr i sinnet livet ut. Ei heil avdeling på Modum Bad lappar saman menneske med alvorlege mentale skadar av det slaget den tyske psykologen Tilman Moser har gitt diagnosen gudsforgifting.

Grunnlaget for det religiøse redselsregimet er påstanden om at Bibelen er innblæst av Jahve og difor fullkomen sanning. Det teologiske læreverket Illustrert Bibelleksikon omfattar 12 bind. Der står det mellom anna at psykiske lidingar kan vere ein fylgje av at vonde ånder tek kontroll over menneskesinnet. Ei mengd kyrkjelege teologar, mellom dei 8 biskopar, samt Erling Utnem og Sigurd Lunde, står bak dette verket. Dei les Bibelen på same viset som Hallesby, Jan-Aage Torp, Kjell Furnes, Espen Ottesen.

Kyrkjene i Den vestlege verda står for protesttog mot dødsstraff, men held på  påstanden om at Jesus skal sende milliardar på milliardar av menneske til evig liding i svovelhelvete. Dei fordømde si synd er å vere fødd inn i verda. Informasjonsleiar i NLM Espen Ottesene seier det slik i ein debatt NRK har dratt i gang: «Eg dømer ingen til evig pine i Helvete, men det må då vere klinkande klart at ikkje alle kan sleppe inn i Himmelen!» Men kvifor ikkje?

Den Lutherske lære seier at Den treeinige Gud har skapt Himmel for dei få og Helvete for dei fleste. Heile menneskeheita er fortapt av di Adam og Eva synda i Hagen. For å skaffe nokre sjeler til Himmelriket sende Gud 33% av seg sjølv ned på jorda forkledd som Jesus Kristus. Dette vesenet let Gud(67%) døy på ein kross som soneoffer til seg sjølv. Deretter vart Jesus sendt innom Helvete på ein utvida dagstur og drog så til himmels. På Dommens dag kjem Jesus attende for å døme levande og døde. Dommens dag inntreff når jødane har kjempa den gode strid i Palestina og nesten er utsletta.

Der er ei mikroskopisk moglegheit for at dette slår til.  I så fall må  eg møte til doms framfor ein sorgtung  Jesus. Oppløyst i tårer må han sende meg til evig pine fordi eg ikkje trudde at drap på ein uskuldig kunne betale heile menneskeheita sine brotsverk. Jesus spør: «Kvifor trudde du ikkje? Du vart varsla gjennom bråtevis med anonyme brev, Jan-Aage Torp, Kjell Furnes, Thomas Blomvik og mange fleire?»  Og eg svarer: «Herre, i ei så alvorleg sak, kvifor skikka du ikkje eit einaste truverdig sendebod? Kvifor nytter du ikkje dei skarpaste knivane i skuffa i staden for middelhavsfarar til å forkynne bodskapen? Samt ditt visittkort i form av evne til å gå på vatnet?»

DnK og lågkyrkjelege rørsler klamrer eg til myten om den  vonde dommaren og ei absurd helveteslæra, men fleire og fleire ser galskapen og trekker på skuldrane. Gudsforgifting er på vikande front. Helveteslæra går til Helvete og takk for det!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt