Verdidebatt

Kortreist delikatesse

VD er fylt av kristenzionisme, synd, fortapelse, helvete og mogleg frelse frå elendet for dei få. Kva med å nyte livet her og no? Kva verdi har tildømes blodfersk gytetorsk levert ved døra?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Har dette godet sin plass på verdidebatt? I fleire område har fiskesalslaga hendheva restrektive reglar, ingen fisk vert selt frå båt. Mattilsynet har også lagt regler i vegen ved å legge kravet til hygiene på et tidvis absurd nivå. Her i Ålesundsområdet har dei teke til vetet. Fiskaren har lov å selge sin eigen fangst ved bryggekanten sentralt i Ålesund havn. Dei fører sine fangsdagbøker og betaler avgifter og skatt. For den som liker fisk av god kvalitet, er dette eit fantastisk tilbod. Oså miljøet då!

Eg har vore ved Rådhuset i Oslo og sett korleis Røkke får avsetning på kva fisk det måtte vere til fornøgde kjøparar som rusler vekk med plastposer. Og nesten all fisk er god om det er kort tid mellom sjøen og gryta. Her på våre kantar kjem torsken inn frå bankane eller heilt frå Barentzhavet for å legge grunnlaget for nye generasjonar. Den er ikkje på matsøk og er difor tom i magen. All fisk smakar best om den har fasta ei veke. Denne delikatessa har vi tilgang på til svært rimeleg pris.

No set eg her god og mett på torskehovud, torskebiter, lever, rogn og kerspink poteter, eit måltid med betre smak enn noko eg har fått kjøpt på den beste restaurant. Mitt spørsmål er, kva verde har eit slikt tilbod på kortreiste delikatesser?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt