Verdidebatt

Sender forkynning medmenneske til helvete?

Som gutunge sprang eg rundt med loddbøker for alle dei gode sakene: Sjømannsmisjonen, samemisjonen, santalmisjonen, israelsmisjonen, osv, osv. Kor mange menneske har eg sendt til Helvete?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Spørmålet dukka opp då eg kom over dette biletet på Internet. Sender forkynning av "den gode bodskapen" fleire menneske til Helvete enn talet på dei som finn vegen til Himmelen?

Eg er redd for at svaret må verte eit klart JA! Vi treng ikkje å gå lenger enn til dei jødane og muslimane som deler sine tankar med oss her på VD. Halleluja-kristne har gong på gong stadfesta at berre fødde-på-ny-kristne skal inn i Himmelriket, og vi andre som ikkje finn Olsen, Nilsen, Johannessen, osv, truverdige, men tufta på "vår frie vilje" forkastar deira trugsmål som absurd, hadde vi vore langt tryggare for all framtid dersom vi ikkje hadde fått "det gode bodskap" forkynt?

Om det gjeng slik helvetesprofetane blant oss forkynner, det vil seie at eg ein dag skal opp til doms og verte forvist til evige pinsler i Helvete fordi eg venden det døve øyre til Terje Johannessen & co sine trugsmål, vil det vere greitt nok. Men kva skal eg seie til mi orsaking når eg møter alle indarane eg var med på å sende til Helvete fordi eg sprang rundt i nabolaget med loddbøker? Ligg ansvaret hjå dei som lokka meg til slikt?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt