Verdidebatt

Eksamensvakta

Menneske som fester seg i hugen

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Som eg set her på morgonkvisten klar til å ta flyet til Stavanger, så flyt tankane rundt på eiga hand. Nokre av dei menneske som har gjort inntrykk i forbifarta,  dukkar opp frå djupet for å opphalde seg i minnet ei lita stund, for deretter å kverve bort på ubestemt tid. Denne morgonstunda vil eg feste minnet om han på papiret.

Namnet veit eg ikkje og har kan hende heller aldri hatt det lagra i minnet.  Det var i mai og klassa mi var oppe til eksamen. Det var ikkje plass i «herberget» så eksamen forgjekk i  leigd lokale på Sangens Hus, Volsdalsberga.

Eg slo eit slag innom for å finne ut om der var noko uklart ved eksamensoppgåva. Det var fort gjort og etterpå kom eg i prat med ei utadvendt eksamensvakt som heldt til på gangen, ein pensjonist langt oppe i moden alder.

Sånn heilt av seg sjølv sa han brått: «Eg er så heldig i min alderdom, eg har slik ei god kone. Det fyrste eg gjer når eg vaknar om morgonen, er å sjå om ho pustar. Eg er så glad i kona  og er så redd for å miste henne!»

Ved eit seinare høve møtte eg eksamensvakta saman med kona på eit kjøpesenter. Ho viste seg å vere passeleg rund, avbalansert og blidlaga. Vi veksla nokre ord  og eg nytta høvet til å fortelje kona: Eg har ikkje møtt ein mann som snakkar så vel om kona si som mannen din gjer om deg!

Ho tok opplysninga med fatning og ho var ikkje impulsiv, for hadde ho det vore, då hadde ho slått armane om mannen og gitt han ein klem. Eg voner ho gjorde det når dei kom på tomannshand.

Det var det heile. Rart kor slikt kan feste seg i minnet og gjere ein glad når det dukkar opp i tankane.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt