Jostein Sandsmark

Alder: 85
  RSS

Om Jostein

Pensjonert adjunkt på Geilo. Les først debattsidene i VL og Dagen.
Fødd 1936

Følgere

Verdiar -rangering - prioritering

Publisert rundt 1 år siden

Eg veit om ein mann midt i 80-åra som ikkje er A-4 på alle vis.

Han trur etter det som tidene viser – ikkje berre for sin eigen del – at det stundar mot ei avvikling , og at ein må leggja opp levemåten i samsvar med det.

Han er misjonsmann og ser på misjonsoppdraget som det største og viktigaste føretaket ein kan delta i. Og nå er vegane mange, og dørene står på vid vegg mange stader på fleire felt, og oppdraget har hast.

Det dreiar seg mykje om penger, og økonomisk som han er, har han rikt høve til å støtta hjelpe - og misjonsorganisasjonar med store tilskot. Saman med kona evnar dei å bidra med fleire hundre tusen i året.

Bilen hans vart lettare påkøyrd ein vinter. Sidespegelen vart skadd, og det vart ei skrape på framskjermen. Skadetaksten lydde på 12 500 kroner. Denne summen kunne han få utbetalt, og det valde han å gjera. Spegelen reparerte han med tape, og lakkskaden brydde han seg ikkje om å få utbetra. Bruksmessig var bilen like god. Men han hadde gleda av å la utbetalinga frå forsikringsselskapet gå uavkorta til takksame misjonsoperatørar og til eit ukjent antal mottakarar.

Sitt eige liv må han sjå under eit ti-års perspektiv, så han tenkjer på minnesmerke på gravstaden.  Vanlegvis set familien opp ein vakker gravstein til 15-20 000 på grava. Men det står ikkje i stil med hans syn på kostnad og disponering av kapital. Han er ein litt rustikk type, og ei blankpolert minnestøtte ville ikkje passa. Det er ikkje slik han ynskjer å bli hugsa. Difor har han funne ein naturleg stein nær heimstaden sin – ein lavdekka gråstein som vil tena føremålet og er kostnadsfritt levert.

Men – som han seier – dette vil generera over 10 000 blanke kroner og bli til meir enn 200 kinesiske biblar – til dekking av eit skrikande behov – som i sin tur kan føra til frelse for eit ukjent antal av sjeler. Ein slik tanke føler han seg vel med og gler seg over.

Mannen er bærsankar. Molter er det store, men også blå og raude bær blir hausta i bøttevis. Men han og kona kan ikkje fortæra alle dei mange kilo skogsbær, så dei vert gjevne bort til takksame slektningar og vener. Etter butikkpris rekna kjem dei heim frå marka med ein fangst på over 1000 kroner kvar gong.

 Noko å tenkja på i desse koronatider med store hjelpebehov - og mang-foldige innhaustingsavlingar kringom i verda? 

Gå til innlegget

Bilegg striden,

Publisert rundt 1 år siden

ver med og skap ro og fred.

Det gjeld striden om Israel og «Palestina». Det kan aldri bli noko anna enn usemje – til inga nytte. Kvifor? Fordi partane argumenterer frå heilt ulike ståstader.  Det den eine sida held for fakta vil den andre parten karakterisera som løgn og bedrag.

Dei flittige pro-palestinafolka har mange gode argument – sett frå deira ståplass og grunnsyn . Men – det er eit stort men:  Dei byggjer sin argumentasjon ut frå ein føresetnad som ikkje finst. 

NTB, NRK, TV2, Dnk og mest heile medieverda held fram si tolking av historia. Det utkrystalliserer seg i denne utsegna: «Okkupasjon, okkupasjon og ulovleg okkupasjon». Dette mantraet opptrer gjerne i artiklar, meldingar og innlegg titals gonger.  Kvifor?  For å fastslå og sementera eit utgangspunkt så urikkande at det vert eit aksiom – ei udiskutabel sanning.  Men er det det?  Kven har definisjonsmakt i ei slik mellomfolkeleg sak?

Den gjeldande folkeretten er definert ved avtalane som stormaktene gjorde for 100 år sidan i San- Remo.  Men «ingen» refererer til dei når spørsmåla om Israels råderett, busetjing og annektering er tema – for det ville stoppa all vidare krangel.  Med få unntak godtek folk dei allmenne oppfatningane som FN, EU, NRK, NTB – heile medie-apparatet brukar som premiss:   Okkupasjon, okkupasjon og ulovleg okkupasjon.

Det er pinleg, ja, skandaløst når utanriksminister Søreide i tråd med vår statsminister og leiar for utanrikskomiteen Anniken Huitfeldt i fullt alvor uttalar at «Okkupasjonen av Vestbredden og annekteringa av delar av C-området er krigstrugande og brot på folkeretten». 

Mi meining er at alle som brukar FN som sanningsvitne i slike saker har kompromittert seg og mista truverdet. For FN er så blotta for truverde at dei som har si tiltru plassert der og brukar deira resolusjonar som trusvedkjenning - og dei hundretals av resolusjonar mot Israel der dei «slår fast» - har meldt seg ut av all seriøs debatt.

Toppmålet vart vel nådd i mai 2017 då FN ved UNESCO vedtok ein resolusjon som om jødane ikkje hadde nokon juridisk eller historisk tilknytning til Jerusalem og fornekta Israels band til byen. 

Vårt utanriksdepartement protesterte ikkje. Dei historiske kjensgjerningane vart overkøyrde. I same ånd og med tilsvarande sanningsgehalt erklærte Arafat i 2000 at det «aldri hadde vore noko jødisk tempel på Tempelhøyden». Abbas har doktorgrad på at Holokaust aldri har skjedd. Buskerudsrepresentanten til Palestinakomiteen uttala nyleg:  «Balfourerklæringen og San Remokonferansen er en del av historia, ikke nåtida» 

Men desse uhyrlege påstandane og openberre løgnene blir ståande uimotsagde og etter kort tid innlemma i «verdssamfunnet» sine haldningar og argumentasjon.  At vituge folk kan delta i dette trendrytteriet og med stort engasjement støtta, forsvara og arbeida for eit slikt syn med innlegg, aksjonar, komitearbeid, boikott, opptog og demonstrasjonar – når det er basert på totalt sviktande grunnlag – er ganske ufatteleg.

Men alle medstraumsfolk har male seg opp i eit hjørne og kan for skams skuld ikkje gjera baut – det ville vera intellektuelt sjølvmord.

Kva er så sanninga om Israels «okkupasjon» av «Palestina»? Eg kan visa til ei rekkje erklæringar frå framståande juristar og statsvitarar som godtgjer at det IKKJE ER NOKON OKKUPASJON, – men eg skal nøya meg med å sitera to: Eugene Kontorovich – professor i folkerett, dokumenterer klårt og eintydig og svarar slik på spørsmålet:  «Hvorfor er Israels herredømme over Vestbredden folkerettslig gyldig?»:  «Judea og Samaria er ikke okkupert område. De er områder om Israel har suverenitetskrav på».

Alan Baker, juridisk rådgjevar i Jerusalem – tidlegare ambassadør til Canada, -  skriv i eit 10 punkts notat om Israels rettigheiter i dei omstridde områda og oppsummerer: «Følgelig har påstander fra FN, europeiske hovedsteder, organiasjoner og individer om at israelske bosetningsaktiviteter er i strid med folkeretten ikke rettslig grunnlag i det hele tatt».

Når det gjeld den ofte omtala 4. Geneve- konvensjonen, om vern av sivilbefolkninga, skriv tidlegare FN-ambassadør Dore Gold: «Israel kan med andre ord ikke være å anse som en okkupasjonsmakt i konvensjonens betydning i noen del av det tidligere palestinske mandatområdet, inkludert Judea og Samaria».

Men ein treng ikkje gå til den juridiske ekspertisen for å sjå det innlysande i sanninga om Israels «okkupasjon». Med sunt folkevit og syn på eitt auga må ein erkjenna at ingen ulovleg okkupasjon kan ha skjedd all den stund Israel i ein forsvarskrig erobra Vestbredden med Aust-Jerusalem, Judea og Samaria – eit landområde ingen andre hadde suverenitetskrav på!

Og den som sist sat med makta over territoriet var Jordan – som i fredsavtala med Israel  i 1994 fråsa seg all råderett.  Altså er det Israel som har alt dei skulle ha sagt der – og ei «annektering» burde ha blitt gjord alt i 1994.

Difor er den skammelege og usanne masinga om «okkupasjon, okkupasjon og ulovleg okkupasjon» berre eit bidrag til vidare oppvigleri, misnøye, terrorhandlingar og ufred.

                                      DET ER INGEN OKKUPASJON . 

Ta konsekvensen av det,  - bilegg striden og kom med konstruktive løysingar til gagn for både  jødar og arabarar.

Gå til innlegget

- Cry for hope

Publisert rundt 1 år siden

Leiar for Sabeels venner, Hans Martin Haugen har i Dagen av 1.7. eit innlegg om den påtenkte annekteringa av Jordandalen. Artikkelen er velskriven og god – ut frå hans ståstad – men føresetnadene som argumentasjonen hans byggjer på har ikkje berekraft.

 Hovudpremisset i tankebygningane hans er   OKKUPASJON.   Denne situasjonen brukar han i argumentasjonen sin heile tre gonger. Men faktum er at det er ingen okkupasjon – og har heller aldri vore det!  

Då Jordan i 1948 ulovleg okkuperte delar av Jerusalem, Judea og Samaria – og kalla det «Vestbredden», vart erobringa fordømd av eit samstemt FN og av Verdssamfunnet.  Men då Israel i ein forsvarskrig  i 1967 frigjorde området og tok sitt eige land tilbake, vart det fordømt av alle – endå det ikkje kunne kallast okkupasjon. Kven hadde tidlegare hatt godkjend suverenitet over Judea og Samaria? I fredsavtalen mellom Israel og Jordan i 1994 sa Jordan frå seg alle krav på dette kjernelandskapet til jødane.  Så kven skulle Jerusalem, Judea og Samaria vera okkupert av, - røva, stole  frå – slik som vulgærpropagandaen frå palestina-arabarane  hevdar ?

Men i alle dei 50 åra etter denne overtakinga av «Vestbredden» - erobringa av Judea og Samaria – har FN, EU, Verdssamfunnet og media kverna på ordet «Okkupasjon, okkupasjon» og «ulovleg okkupasjon».  Folk flest veit ikkje om noko anna, og framståande politikarar får seg til å seia – når dei vert pressa til det og går til kjeldene for dei folkerettslege vedtaka som gjeld:   «San Remo er historie,  FN-resolusjonane,  EU-vedtak og Verdssamfunnet er nåtid».

Sabeels venner, Palestinakomiteen  og dei andre av israels-uvener og fiendar mister heile fotfestet dersom dei skulle ta innover seg den innlysande jussen i gjeldande Folkerett:  DET ER INGEN OKKUPASJON.  Det ville vore full kapitulasjon og ført til avvikling av organisasjonen!

HMH kjenner seg uvel av å bli kalla palistinist, erstatningsteolog og antisemitt. Det bør han så absolutt vera – når han med tyngd brukar det sterkt negative begrepet  okkupasjon  på stoda mellom arabarar og jødar – og som motiv for sine aktivitetar. Når han dertil sluttar seg til erstatningsteologien  – vil han støtta oppvigleriet hos palestinarane – og bera karakteristikkane med rette.

Erstatningsteologien har iført seg ny drakt – Oppfyllingsteologien,  - og antisemittane kallar seg antisionistar – utan at det har nedfelt seg i mildare sinnelag mot Israel.

Antisemittismen har sitt opphav alt frå Ismaels dagar, og fekk stort påfyll i den første pavetida. Sidan har det vore auke både i utbreiing og intensitet.

«Oppfyllingsteologien» finn si einaste teologiske støtte i pauliordet slik det står i 2 Kor 1,20 - der han skriv: «For så mange som Guds lovnader er, i han har dei sitt Ja og Amen». Men å leggja dette ut som eit bortfall av landlovnadane til jødane kolliderer med ei rekke andre pauliord.  Og tek ein for seg Jeremias kap. 32, 33, 42, 46 og 50, finn ein minst tolv stader der landlovnadane til israelsfolket blir omtala og bekrefta – ikkje fjerna. Og desse orda kan ikkje omstøytast av ei tvilsam tolking av eitt Paulus-vers. For desse versa hos Jeremias er eintydige, konkrete, fysiske, geografiske nemningar som ikkje kan  åndeleggjerast til berre å gjelda det kristne samfunnet.

«Palistinist» er ikkje så uhøveleg på den som samstemmer med Kairosdokumentet frå 2009.  Andreas Johansson - Israelsmisjonens representant i Jerusalem - har skrive ei ni siders vurdering av skriftet og oppsummerer: «Kairosdokumentet er mangelfullt faktamessig, teologisk og moralsk».   Det framstår med nært slektskap til islamistane sin vulgærpropaganda – men pent pakka inn i kristelege talemåtar.               Når HMH – leiaren av Sabeels venner mister dei berande føresetnader for sin agenda  – står han tomhendt tilbake og blir avdekka som ein av dei mange Israels-uvenene.

Gå til innlegget

- Er biskop Kari Veiteberg kristen?

Publisert rundt 1 år siden

I VL av 19.6. har Halvor Moxnes ein utførleg kommentar til ordskiftet mellom biskop Kari Veiteberg og Espen Ottosen på podkast.Debattleiar frå VL spør direkte: «Vurderer du Kari Veiteberg som kristen?»Halvor Moxnes problematiserer og forkastar Ottosen 7-ledda, dobbeltkommuniserande svar og er ikkje nøgd med noko anna enn: «Ja, sjølvsagt».

Eg vil dra fram to bibelord som set ord på kven som er kristen eller ei ikkje, kven som blir frelst, - eller går fortapt.

1 Kor 3,12 – 15: «Om nokon byggjer på denne grunnvollen (Jesus Kristus) med gull, sølv – tre eller halm, - skal det prøvast i eld. Om verket brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han verta frelst, men så som gjennom eld.»

Her er det rom for mykje dårleg teologi, range meiningar og mykje uforstand, men sjølv skal personen bli frelst -  som gjennom ein reinsande eld.

2 Peters brev 2,1 -  blir sjeldan teke fram i forkynning og debatt, og det er skjønleg kvifor. Peter skriv om falske profetar som fører rang lære - og mange vil dra kjensel på slike i dag. Han syner til Sodoma og Gomorra med si seksuelle åtferd og kallar det «kjøtslyst» og «used». Er det nokon som ikkje ser slik praksis i dag, - og at sjelehyrdingar støttar slikt?  Domen for dette er som for Sodoma: Fortaping.


Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere