Jostein Sandsmark

Alder: 85
  RSS

Om Jostein

Pensjonert adjunkt på Geilo. Les først debattsidene i VL og Dagen.
Fødd 1936

Følgere

Det synest som om Roald Øyes "Stormløpet mot Israel ..." er avslutta. Eg var i ferd med å skriva ein kommentar, men innlegget er nå borte.  Men det eg vil ytra har relevans for denne tråden også.

Erling Rimehaug har i Vårt Land (30.11.) eit stort oppslag med tittelen:

"Håpsreise i håpløshetens land" - i samband med hans adventsreiser frå Nasaret til Betlehem. 

Han stiller sjølv diagnosen: "Håpet om en rettferdig fred fikk dødsstøtet da Donald Trump anerkjente Jerusalem som Israels hovedstad.  Israelske bosettinger spiser seg stadig mer av landområdene. Gjerde og mur stenger dem inne, sjekkpunkter gjør det vanskelig og tidskrevende å ferdes . Økonominen går i stå..."

Men det er ikkje vanskeleg å imøtegå alle desse propagandafrasene og avvisa dei. Det har også grundig vorte gjort fleirfaldige gonger, men det ser ikkje ut til at somme - som avgjort skulle vita betre - vil gje slepp på desse antijødiske utsegnene. 

På reisa er han innom fleire palestina-arabarar og spør dei kva håp dei har for framtida. Ingen listar opp desse tilhøva som han anfører som hinder for fred og eit godt liv. Dei nemner forhold som godt kan levast ut og sameinast med det styret som israelarane utøver i dag. Det er Rimehaug som støttar opp om dei usanne vilkåra for fred og sameksistens - for alle partar - i heile Jødeland!

Og Rimehaug kunne ha samsnakka med dei om at: Så snart leiarane deira ville etterleva Oslo-avtalen med å erkjenna jødane sin fulle eigedomsrett og jurisdiksjon av Judea-Samaria, - og vidare i samsvar med Oslo: - stansa all intern negativ propaganda som berre aukar misnøya, oppvigleriet og terroren, - ville freden senka seg over landet på timen!

Vidare kunne Rimehaug ha opplyst dei om at bortsett frå dei sjølvpåførte ulempene som dei er plaga med - har dei som arabisk folkegruppe det betre enn nokon i heile Midtausten!   

Ingen kvinner i arabarland har slik fridom som i Israel. Levekåra for både menn og kvinner saman med jødane er betre enn i alle dei omkringliggjande arabarlanda. 

Gå til kommentaren

- Kunstig innvandring? #22

Publisert nesten 3 år siden
Det er noe kunstig over å ta kvoteflyktninger hit til et fremmed land og språk  og oppfølgingen her. 

Ja, det er ein dekkande term - men diverre litt for mild. 

Slik det blir praktisert fører det innimellom til betra tilhøve  - ikkje minst i distrikta der fråflytting og nedlegging utarmar næringslivet og miljøet - med auka tilflytting av asylantar.

Men det er ei anna løysing på nedbygginga av distrikta og mangelen på arbeidsfolk til næringslivet i sentale strok som eg vil peika på..

Masseinnvandring – eller eigne barn? 

Politikarane våre kappast om å syna medkjensle mot asylsøkjarar, og tek årleg i mot titals tusen innvandrarar.  I Oslo har nå ca 15 % av innbyggjarane innvandrarbakgrunn.

Ikkje-vestlege innvandrarar har ein langt høgare prosendel som er utan jobb samanlikna med andre grupper, - endå det er stor mangel på arbeidsfolk.

Det er kjent sak at ute i distrikta ville ikkje næringslivet kunne oppretthaldast utan tilgang på framandarbeidarar.

Like kjent er det at reproduksjonen til dei norske  kvinnene med 1,6 barn ikkje kan halda folketalet oppe.

Då må ein kunna stilla spørsmålet til våre leiande politikarar:

 Ville det ikkje vore rimeleg og rett å setja inn store ressursar for at norske kvinner ber fram sine foster? Det er nettopp desse  12000 foster-avlivingane i året som øydelegg for den naturlege balansen i folkesetnaden.

Er det ikkje noko politiske parti, organisasjon eller einskildpolitikar som kan ta tak i dette paradokset og få til ein snunad?

 

 

Gå til kommentaren

" Vi har en ordning..." #25

Publisert nesten 3 år siden
I dag har vi en ordning hvor man vurderer hvem som tilhører de forfulgte og hvem som ikke gjør det.

« Vi har en ordning» - og det er openbert at denne ordninga er mangelfull og fungerer dårleg.

På dette feltet har eg ingen kompetanse, men dersom ein legg saman alle dei «slemme» historiene som omsider lek ut om ordningane, - får ein eit bilete som burde vera lett å endra på.

Men det går ikkje så lett som ein skulle tru, for heile systemet er blitt gjennomsyra  av feministisk føleri, korrupsjon i småskala og kameraderi.

Alt for mange år sidan var det ein som ville klaga på forhold i UD og blir møtt på telefonen med: «Va vill do?» Tydeleg ein konsulent som var blitt hanka inn grunna språkferdigheiter i klientspråket – om enn med liten kompetanse på vanlege norske omgangsformer. Derimot kan ein rimelegvis anta at han kunne vera på lag med sine språkfeller i forhandlingane.

For ikkje lenge sidan var det eit «oktoberbarn»-hysteri  som for over landet og nådde heilt fram til vedtak i Stortinget: «Stakkars, einslege, mindreårige gutar måtte sleppa å bli utsende etter fylte 18 år – som ordninga etter ordlyden kravde .Alle skulle få si sak vurdert på nytt.

Resultat?   Dei stakk av! Asylmottaka tømdest, for dei frykta at at ei nøyare gjennomgåing av kasuset deira ville avdekka at dei hadde fått opphald på galne vilkår: Dei var ikkje einslege, alle var slett ikkje under 18 år. Dei var ikkje fattige (dei to drepne i Trondheim vart funne med rullar av 500 kr-setlar på seg) – dei kunne ikkje ha «mista» ID-papira sine, for dei hadde reist gjennom mange land før dei kom til vår grense (og mobilen var i god behold)

Sidan erfarte me til vår store forundring at då to av desse «barna» vart drepne i Trondheim, fekk me vita at dei slett ikkje var einslege, men hadde foreldre i Afganistan og fire sysken i Tyrkia! Nå ville dei koma til gravferda, - og dei overrumpla norske styresmaktene spanderte (utanom regelverket) reisa og opphald for familien i Trondheim – og fekk som forventa asylsøknad for umaken.

Vonde tunger (truleg Frp)  kalla desse eventyrarane for «skjeggebarn» - for det lak ut kunnskap om at etter medisinske og fysiske testar vart det klargjort at somme var mellom 19 og 32 år! - med visdomstenner og skjeggvekst!

Løgn og falske opplysningar vert normalt ikkje godskrive som formildande omstende i rettsvesenet, men desse  som først tok i mot dei var kanskje klanmedlemer, kunne språket og var på lag. Dermed slapp dei billig inn til dei norske velferdsgodene, - og var inne i systemet.

Dei hundrevis av «nødstedte» som kom syklande over grensa ved Storskog ved Kirkenes  (etter ein passus i regelverket som tillet innvandring til fots eller på sykkel) – etterlet ei fjell av eingongsbrukte russiske syklar (!)  – som vart skrota med gravemaskinar.

Då ein annan og strengare ordning vart oppretta, - tørka sykkelkaravanen inn. SMS-meldingane for over landegrensene på få timar, og innvandringa fekk bråstopp.

Kvifor vert ikkje valdtektsmenn og andre kriminelle sende ut av landet etter si kortvarige soning? Nei, det har ikkje rettsvesenet mandat til. Det er utanriksdirektoratet (?) som rår for slikt, - og dei er oppfylte av landsmenn som vernar stakkarane – med handa på lovverket/ordningane.

Det er mange «Krekarhistorier» som tappar samfunnet for store summar og skadar moralen på begge sider av loven.

«Somaliske kvinner kostar landet 14 millionar i deira levetid her i landet». Og dei gjev ingen verdiar tilbake,- for dei vil ikkje læra språket, la seg integrera, - og kjem aldri ut i arbeid. Dei lever på NAV livet ut.  (det er ikkje til å undrast over at dei somaliske  klanane er dei mest tilfredse av alle våre innvandrarar!)

Og nå er det nettopp leke ut frå SSB at 112 lutfattige personar i 2017 har sendt  95 millionar kroner ut av landet – særleg til Somalia!!    HÆ?  Det har me ikkje høyrt eit ord om!

Nei, slikt blir ikkje fortalt oss av dei  statsstøtta  mainstream-mediene.

MC spør korleis eg skil mellom dei som får koma inn i landet – og dei som ikkje bør få det.

Det er ordningane, politikken som må endrast. Regelverket er ikkje bygd opp med tanke på desse som tydeleg berre vil snylta på systemet. Dessutan er det føleriet og trenden i folket som godtek at reglane vert tøygde for å syna «godheita» vår – og milde reaksjonar vert valde – der ei fast hand ville sett stopp for utglidninga av misbruket .

For det er synleg for alle at dei svenske tilstandane –( ein treng ikkje setja det i gåsauge lenger) – har i høg grad gjort seg gjeldande også her.

Slakke, halvkorrupte haldningar i rettsvesen, politiet, legestanden og aller mest i NAV – gjer det uråd å snu trenden til ein sunn og berekraftig innvandringspolitikk. Og så lenge dette vedvarer – blir det berre verre og verre.

Først må ein sjå det og vita – deretter erkjenna og ta grep.

 Ser du noko parti eller rikspolitikar som er i stand til å setja foten ned og få ein snunad?

Etter erfaring frå Danmark og Sverige kan me nå sjå fylgjande hendingsforløp: Ein radikalisert muslim har fått opphaldsløyve. Han vil ikkje bli integrert (det seier han rett ut, - og byrådsnestleiar i Oslo uttala nyleg: «Eg har sagt det til Raymond: Du må slutta med det snakket om integrering!»

Ali Hassan søkjer på jobb. Ingen vil ha han, for han kan ikkje språket. Han går arbeidsledig ei stund – blir deprimert og går til ein vennligsinna lege  (alle kjenner ein slik)  som let han bli uføretrygda – og han har dermed fått si utkome så lenge han lever.

Så  lenge våre ordningar, system og politikk verkar slik, og fører til den slags åtferd, - vil me erfara at dei 250 milliardane som innvandrings- og bistandsindustrien påførte oss i 2017 – vil koma til å auka heretter.

 

Gå til kommentaren

Flyktningar, - eller? #21

Publisert nesten 3 år siden
De står her, ser oss i øynene og sier "hjemme bli jeg drept eller torturert"

Me snakkar ikkje om det same.

Ingen, ei heller Frp, - vil avvisa desse som "ser oss i øynene og sier: Hjemme blir jeg drept eller torturert".

Dei som bør bli avviste er ressurssterke unge menn som har reist gjennom mange land - kjem fram til vår grense - og har "mista" ID-papira (men ikkje mobilen), - og likeins desse som ikkje vil la seg integrera, men leva ut sin dysfunksjonelle islamske ukultur og henta seg levemåten - som lettvint bys dei av NAV. 

Det er slike innvandrarar me godt kan vera utan.

Gå til kommentaren

Omsut for kven? #14 #19

Publisert nesten 3 år siden

Er det det viktigste, og dersom en har omsorg for sine næreste, skal man da ha omsorg for husfolket sitt? Og naboen, gata, byen, landet, medmennesker i det store og hele? Har omsorg for andre en verdi i det hele tatt?

Svaret på spørsmålet finn du i Luk 10,29 - ei av dei flottaste historiene i Bibelen - om den varmhjarta samaritanen. 

Våre næraste er gitt oss til vår ivaretekt; -  me har plikt og ansvar for dei.

Men utanom det kjem det ofte folk i vår veg - som denne karen på Jerikovegen. Dermed kjem han inn i vår nærkrins og skal ha omsorg.

"Hvad du evner kast av i de nærmeste krav" - heiter det hos B. Bjørnson.

Fødselsoverskotet frå den 3. verda blir tema når me oppfyller våre plikter mot våre eigne.

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere