Frode Bjørdal

Alder: 61
  RSS

Om Frode

Professor i filosofi ved Universitetet i Oslo

Følgere

Gud frelser alle

Publisert over 9 år siden

    I mørkret av dei tragiske hendingane 22/7 vert helvetesproblemet teke opp i Vårt Lands spalter. Teolog Elisabeth Tveito Johnsen gir i artikkelen Alle skal bli frelst til slutt uttrykk for det synspunkt at det ikkje finst to utgangar på livet, men at alle kjem til Gud. Noko unøyaktig kallar ho synspunktet apokatastis. Dette er unøyaktig avdi apokatastislæra, som i ein av sine versjonar vart fordømt av det økumenisk bindande femte kirkemøtet i Konstantinopel i 553, innebar ein tanke om ei gjenoppretting av eller tilbakevending til ein opprinneleg tilstand. Men det finst andre vis Gud kan tilvirke frelse for alle. I moderne teologisk terminologi vil ein her tale om universalisme for å uttrykke eit slikt syn. Ein som trur på apokatastis, eller altso gjenoppretting, vil etter dette vere universalist, men ikkje alle universalister trur på apokatastis.

    Det er ikkje overraskande at Johnsen møter motbør. På umiskjenneleg protestantisk vis er det mest med bibelord det vert argumentert. Men ein gløymer i dette at bibelen sjølv er ein del av den kristne tradisjon, og teologisk er kvar generasjon forplikta på å fortolke heile denne tradisjonen på slike vis som gir best meining. Dei kanoniske skriftene til dei store kyrkjesamfunna vart ikkje vedteke før etter boktrykkarkunsten og reformasjonen. Katolske, ortodokse, anglikanske, lutherske og kalvinske biblar har parvist ulike utvalg av kanoniske skrifter. Det er ei myte at det første kyrkjemøtet i Nikea avgrensa kva skrifter som skulle inngå i bibelen. Ein må sjå at få kristne leste bibelske skrifter før boktrykkarkunsten. Formidlinga skjedde vesentleg i forkynning, bileter og liturgi. Den kristne teologi og filosofi forheldt seg ikkje berre til dei heilage skrifter, men like so mykje til skriftene åt kyrkjefedre og andre sentrale teologer. Det er også vesentleg for den kristne tenknings utvikling at den er sterkt påverka av den antikke greske filosofi.

    Sjølv om det er slik at bibelen fleire stadar snakkar om eit evig helvete, so er det ikkje skrive nokon stad at nokon vil kome til å vere i helvete i evig tid. La oss forestille oss uendeleg lang tid framåt. Det kunne då vere slik at det finst uendeleg mange individ i verda, og at alle eller uendeleg mange av disse individa vil vere i helvete ei endeleg tid for so å kome til Gud. Helvetet kunne då vare evig utan at nokon er der i evig tid.

    Det er forøvreg eit mysterium kva tid er for noko. Tid vert rekna som ei grunneining i fysikken. Men når eg fær omkring kan eg ikkje observere noka tid. Eg kan observere strekning og fart. Farta har det fortrinn at den har ein naturleg målestokk i lysets fart som ikkje kan overskridast, og lengde kan vi einfelt måle og sjå. Kanskje det kunne vore ein fordel å tenke omkring fysikken på ein slik måte at tid ikkje var ei grunneining, og at vi i staden tok fart som ei ny grunneining? Då kunne vi forstå tid som ei avleidd eining ved tilbakelagt strekning delt på fart. I vårt ekspanderande univers har vi alle ei ovstor fart vekk frå det origo som ga seg ved det Store Smellet. 

    Meir prinsippielt er det eit viktig spørsmål om det gir meining å tenke i tidstermar når vi tenker om eit "liv" som skal kome "etter" døden. Trur vi at vi igjen skal leve i eit ekspanderande univers, eller trur vi, meir platonistisk, at det å vere hjå Gud vil innebere ein heilt annan slags type eksistens? Eg tenker, tilliks med svært mange andre kristne, på eit slikt meir abstrakt, platonistisk vis. Men då er det ikkje so sikkert at omgrepet 'tid' rett kan brukast i samband med ein slik heilt annan form for eksistens.

    Hans Urs von Balthasar var ein innflytelsesrik katolsk teolog som vart rekna som konservativ, og han var ein av pave Johannes Paul den andres favoritteologar. Han døydde i 1988, få dagar før han skulle ha blitt kardinal. von Balthasar legg i bøkene "Was dürfen wir hoffen" og "Kleiner Diskurs über die Hölle" stor vekt på at det til trass for at det er eit dogme i kyrkja at det finst eit helvete, so er det ikkje noko dogme at det finst nokon i helvete eller at nokon er på veg dit. Han poengterer at vi alle har ei plikt til å håpe at alle blir frelst, og uttrykker at ingen som er fylt av kjærleik kan tru at nokon annan enn ein sjølv går evig fortapt. Det høyrer med til historia at dåverande kardinal Ratzinger, som talte ved von Balthasars båre, poengterte at von Balthasars teologi var innafor den katolske kyrkjes rammer.

     Den russisk-ortodokse metropolitten av Volokolamsk, Hilarion Alfeyev, uttrykte seg veldig klart i ei universalistisk retning under den første World Apostolic Congress of Divine Mercy i Roma i april 2008: 

     "All of God's actions are mysteries that are inaccessible to human reasoning. Gehenna is also a mystery, created in order to bring to a state of .perfection those who had not reached it during their lifetime: `...In the matter of the afflictions and sentence of Gehenna, there is some hidden mystery, whereby the wise Maker has taken as a starting point for its future outcome the wickedness of our actions and willfulness, using it as a way of bringing to perfection His dispensation wherein lies the teaching which makes wise, and the advantage beyond description, hidden from both angels and human beings, hidden too from those who are being chastised, whether they be demons or human beings, hidden for as long as the ordained period of time holds away'.Thus, Gehenna is a sort of purgatory rather than hell: it is conceived and established for the salvation of both human beings and angels. However, this true aim of Gehenna is hidden from those who are chastised in it, and will be revealed only after Gehenna is abolished." 

     (Sjå: http://www.worldapostoliccongressonmercy.org/IMG/pdf/Bishop_Hilarion_Alfeyev.pdf og http://www.mercycongress.org/story.php?NID=3132 eller nyare lenker.) 

     Den omtalte verdskongressen om Gudommeleg Nåde skal ha kome i ei slags elektrisk stemning som følge av Metropolitt Hilarions innlegg, der han også vektla den heilage Isak Syrerens synspunkt som innebærer at dei aller feste skapningar vil kome rett til Gud; berre nokre få vil vere ei tilmålt naudsynleg tid i Gehenna, eller det som ein då her best kan forstå som skjærsilden. Kardinal Schönborn i romerkyrkja vart spurt etter Hilarions innlegg om han fann noko han vere usamd i. Han skal ha svart at han ikkje var usamd i det heile tatt, for heile skapnaden fell inn under Guds grenselause nåde. 

    Om katolske og ortodokse og teologer kan tenke i slike universalistiske baner som von Balthasar og Metropolitt Hilarion, so bør ein kunne greie å tenke i slike baner også innanfor protestantiske trusretningar.

    Det kan vere på sin plass i disse dagar å fremje det synspunkt at straff er noko vi iverkset av pedagogiske grunnar. Platon ser ut til å ha gått noko lengre i det han tenkte at all kriminell åtferd er uttrykk for ei sjuk sjel, og straffa av den kriminelle skal tilsvare doktorens terapi. Han var ut frå dette motstandar av dødsstraff, og hevda at vi aldri skal gjengjelde urett med urett eller påføre nokon skade, same kor mykje vi har lidd på grunn av vedkomande. (Sjå Krito X, 49.) 

    Men det er ikkje berre kriminell åtferd vi straffar, og det kan sjå problematisk ut å tenke at alle vi straffar har ei sjuk sjel. Men i og for seg er vi alle født med ei slags arvesynd. Som små barn er vi rett nok uskyldege, men vi tenker då berre på oss sjølve. Om ein overlet grupper av svært små barn til seg sjølve veit vi at den naturlege egoismen vil ta overhand på skadeleg vis. Som barn og unge og voksne må vi lærast opp til å følge dei moralske og rettslege normene, og dei straffer dette inneberer bør vi tenke omkring som pedagogiske. Straffene er til for å gjere den som vert straffa til eit betre menneske, og vert også slik utforma at dei skal verke avskrekkande og dermed opplærande for andre. Slik må vi også tenke om dei straffer som Gud utmåler. Gud straffar ikkje for å ta hevn, men for at vi skal lære og bli betre. Men evige helvetesstraffer for einskilde individ kan ikkje ha pedagiske formål, og difor kan vi ikkje tenke at ein kjærleg Gud utmåler slike straffer. Det ville stride både mot Guds natur og straffenes natur.

   Det er ved straffene og ved motgang at vi kan vakse til moralske aktører. Kanskje det er difor vi lever i denne dødsskyggens dal der so mykje urett og forferdeleg skjer? Kanskje er vi nødt til å vekse til som art og individ under slike livsvilkår? Men den liding som finst i verda gjer det til eit akutt problem om den levande natur i verda i det heile bør få vere til stade. For den forferdelege lidinga som finn stad for so mange kan ikkje oppvegast av at andre enn dei som lid forferdeleg har det bra. Om vi meiner at det er bra at den levande natur finst må vi også, etter mitt syn, meine at det finst noko som for kvar einskild vil oppvege den forferdelege lidinga. Det er dette vi kallar Gud, d.e. vårt håp og tru på at alle ting eingong skal bli bra.

    

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere