Elias Per Vågnes

Alder: 85
  RSS

Om Elias Per

Pensjoneist med erfaring som fiskar, navigatør og høgskolelærar. Har stor hage, skorgenessnekke med 10hk Sabb diesel, kveiteline, trollgarn og 14 krabbeteiner. Har heile mitt vaksne liv vore interessert i Midtausten. Fyrst som sionist, men sidan 70-talet som humanist..
Ambisjonar: Bruke meir tid på reise etter innfallsmetoden. Sist på prioriterinslista kjem Afghanistan, Israel, Syria, Irak, Jemen, Nord-Korea
No er biene solgt og dermed er eg kvitt ein klamp rundt foten. Levande dyr er som ein fryseboks, dei treng "strøm" kvar dag for å fungere. Utan jamnt tilsyn og stell ender det i fiasko.

Følgere

Sissel Wold får pris for dekning av Midtaustenrapportering

"NRK-journalist Sidsel Wold får Ossietzky-prisen for hennar rapportering frå Midtausten. – Ho bidreg med viktige nyansar og god breidde, meiner prisutdelaren.»  Kjekt at sutrarane her på VD og MIFF får noko å tygge på.

Gå til innlegget

Vi slumpa til å råke på produkta til denne kunstnaren utanom allfarveg i dobbel forstand. På sitt vis er han utslag av den same kulturen som produserte Bergkyrkja

Våre verter tok oss med til ein kunstverkstad med salgsutstilling der fleire kunstnarar var representert. Den karen som hadde laga desse skulpturane hadde ikkje før stilt ut arbeidet sitt og heller ikkje solgt ein einaste gjenstand. Då vi var der, var hovudet solgt.

Høyrer dette heime i kulturdebatt? Kanhende ikkje, men kunst/kultur må det vel vere sjølv om det er laga av ein amatør med kunstproduksjon på si. Makan har eg aldri sett. Det seier ikkje mykje anna enn at eg vart berika.

Gå til innlegget

Bergkyrkja "Temppeliaukion kirkko" i Helsinki

Publisert rundt 7 år siden

Eg har eit blanda forhold til kyrkjebygg. Har beint fram aversjon mot "Jesus på korset", gull og glitter samt vulgær kunst som dei store katedralane og domkyrkjene er fylt av. Finske kyrkjer avspeglar stil og enkle former.

Eg var svært skeptisk til at vår finske vert brukte svært så mykje tid for å kunne vise oss Tempelkyrkja (http://en.wikipedia.org/wiki/Temppeliaukio_Church) frå innsida. Det var vanskeleg å få parkere, og då vi endeleg lukkast viste det seg at kyrkja var stengt på grunn av graferd. Frå utsida gjorde ho lite av seg, berre ein liten enkel korsfigur i rustfarga jern plassert på berveggen til høgre for inngangen viste at det var eit gudshus.

Kyrkja ligg midt i Helsinki sentrum og er open for alle som treng ei stille stund til meditasjon og ettertanke. Enkel musikk på ei slags fløyte gjorde stemninga fullkomen. Eg er ikkje musikalsk, men kunne ikkje unngå å få med meg at akustikken var fantastisk ettersom musikken tona ut rein og krystallklar utan noko form for reflekterte lydar.

Ikkje ein gjenstand av gull, ikkje eit kors, ikkje eit krusifiks, ikkje eit forherliga Jesusbilete eller madonnafigur. Eg vil tru at dette avspeglar den enkle personen Jesus sjølv var.

Kyrkja vert brukt til religiøse sermoniar og konserter. Eg skulle gjerne ha opplevd ein Sibelius konsert der, ja til og med ei enkel messe.

Gå til innlegget

Fordommar er tunge å avlive

Publisert rundt 7 år siden

Det er lett å stå fram for eit samfunn utan fordommar med rot i haldningar til etnisk bakgrunn, religion eller kultur, men det er ikkje like lett å viske dei ut av ryggmargen

Eg var i dag innom eit apotek. Der var lite folk slik at to kvinner stod klar for å yte meg service, ei med og ei utan hijab. Eg såg på dei båe etter tur, viste eg med anletsuttrykk eller kropsspråk at eg ubevisst velger å verte betjent av ei norsk kvinne framfor ein muslim? Eit slikt valg var i så fall ikkje gjennomtenkt.

Kvinna med hijab følte kanhende ein viss skepsis, ho trekte seg til side. Medan eg vart ekspedert, tenkte eg over det som hadde hendt, og det plaga meg litt.

Før eg gjekk ut av døra gjekk eg bort til den muslimske kvinna og sa: "Eg har ingen ting i mot å verte ekspedert av deg. Fint hodeplagg du har!" og fekk som svar "Tusen takk!"

To gonger den siste i den siste tida har det høvd seg slik at eg har kome i nærkontakt med betjening som bar hijab. Den eine var tilsett på eit hotell i Kristiansand og assisterte gjestane ved frokosten og no ho eg møtte i dag. Begge har gjort eit flott inntrykk, vennlige, serviceminded og litt tilbakehaldne, men båe litt på vakt for å trengje seg på. Kva erfaring gjer kvinnelege tilsette som ber hijab i møte med norske nordmenn på Sunnmøre?

Litt av kvart vil eg tru. Om eg for ettertida får valget mellom å verte betjent av to ekspeditriser, ei med og ei utan hijab, så vil eg bevisst velge den som går med hijab. Eg har ei kjensle av at desse kvinnene ikkje berre treng å verte vist at dei er tolerert, men også at dei er fyrstevalg. Og det fortener dei etter mitt skjeøn.

Gå til innlegget

Protective edge

Publisert rundt 7 år siden

God oversikt over innsats og resultat fram til no http://www.haaretz.com/polopoly_fs/1.607580.1406536924!/image/2320157484.jpg

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere